Votering i sak nr. 4
Presidenten: Under
debatten er det sett fram i alt seks forslag. Det er
-
forslag
nr. 1, frå Audun Lysbakken på vegner av Senterpartiet, Sosialistisk
Venstreparti, Venstre og Kristeleg Folkeparti
-
forslag
nr. 2, frå Audun Lysbakken på vegner av Sosialistisk Venstreparti,
Venstre og Kristeleg Folkeparti
-
forslag
nr. 3, frå Audun Lysbakken på vegner av Sosialistisk Venstreparti
og Venstre
-
forslaga
nr. 4 og 5, frå Audun Lysbakken på vegner av Sosialistisk Venstreparti
og Kristeleg Folkeparti
-
forslag
nr. 6, frå Audun Lysbakken på vegner av Sosialistisk Venstreparti
Det vert først votert over forslag
nr. 6, frå Sosialistisk Venstreparti. Forslaget lyder:
«Stortinget ber regjeringen aktivt
støtte opp om beslutningen om at landene i militærkoalisjonen som
intervenerer i Jemen, føres opp på FNs liste over land og parter
som begår lovbrudd mot barn i væpnede konflikter.»
Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt
har varsla støtte til forslaget.
Votering:
Forslaget frå Sosialistisk Venstreparti
vart med 92 mot 9 røyster ikkje vedteke.
(Voteringsutskrift kl. 17.44.59)
Presidenten: Det
vert votert over forslaga nr. 4 og 5, frå Sosialistisk Venstreparti
og Kristeleg Folkeparti.
Forslag nr. 4 lyder
«Stortinget ber regjeringen stanse
eksport av våpen og forsvarsmateriell til Saudi-Arabia og de andre landene
som deltar i den saudiledede koalisjonen som intervenerer i Jemen.»
Forslag nr. 5 lyder:
«Stortinget ber regjeringen stanse
eksport av flerbruksvarer til landene som deltar i koalisjonen som intervenerer
i Jemen.»
Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt
har varsla støtte til forslaga.
Votering:
Forslaga frå Sosialistisk Venstreparti
og Kristeleg Folkeparti vart med 87 mot 14 røyster ikkje vedtekne.
(Voteringsutskrift kl. 17.45.22)
Presidenten: Det
vert votert over forslag nr. 3, frå Sosialistisk Venstreparti og
Venstre. Forslaget lyder:
«Stortinget ber regjeringen støtte
opprettelsen av og arbeidet til gruppen av internasjonale og regionale
eksperter som har fått mandat til å undersøke alle brudd på internasjonal
humanitærrett i Jemen, både politisk og økonomisk.»
Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt
har varsla støtte til forslaget.
Votering:
Forslaget frå Sosialistisk Venstreparti
og Venstre vart med 88 mot 13 røyster ikkje vedteke.
(Voteringsutskrift kl. 17.45.43)
Presidenten: Det
vert votert over forslag nr. 2, frå Sosialistisk Venstreparti, Venstre
og Kristeleg Folkeparti. Forslaget lyder:
«Stortinget ber regjeringen holde
Stortinget fortløpende orientert om endringer i eksporten til landene
i den saudiledede koalisjonen som intervenerer i Jemen.»
Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt
har varsla støtte til forslaget.
Votering:
Forslaget frå Sosialistisk Venstreparti,
Venstre og Kristeleg Folkeparti vart med 83 mot 18 røyster ikkje vedteke.
(Voteringsutskrift kl. 17.46.07)
Presidenten: Det
vert votert over forslag nr. 1, frå Senterpartiet, Sosialistisk
Venstreparti, Venstre og Kristeleg Folkeparti. Forslaget lyder:
«Stortinget ber regjeringen komme
tilbake til Stortinget med en sak som gjennomgår den norske eksporten
(inkludert reeksport) som har funnet sted til landene i koalisjonen
siden intervensjonen i Jemen startet, og gjøre rede for hvordan
Norge har sikret at norsk forsvars-materiell ikke har bidratt til brudd
på humanitærretten.»
Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt
har varsla støtte til forslaget.
Votering:
Forslaget frå Senterpartiet, Sosialistisk
Venstreparti, Venstre og Kristeleg Folkeparti vart med 72 mot 29
røyster ikkje vedteke.
(Voteringsutskrift kl. 17.46.28)
Komiteen
hadde tilrådd Stortinget å gjera følgjande
vedtak:
Dokument 8:22 S (2017–2018) – Representantforslag fra
stortingsrepresentantene Audun Lysbakken og Petter Eide om å stanse
eksport av våpen og forsvarsmateriell og flerbruksvarer til landene
som intervenerer i Jemen, og ta initiativer for å ansvarliggjøre
partene i krigen for brudd på humanitærretten og eventuelle krigsforbrytelser
– vedtas ikke.
Presidenten: Sosialistisk
Venstreparti, Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt har varsla at dei
vil røysta imot.
Votering:
Tilrådinga frå komiteen vart vedteken
med 83 mot 9 røyster.
(Voteringsutskrift kl. 17.47.10)