Interpellasjon fra representanten Hadia Tajik til arbeids- og sosialministeren: «Dei siste åra har organisasjonsgraden i arbeidslivet gått ned. Ved utgangen av 2016 fallt for fyrste gong organisasjonsgraden til under 50 prosent. Dette er alvorleg av fleire grunnar: Me veit at det er ein samanheng mellom eit organisert arbeidsliv, høg verdiskaping og arbeidet mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet. I tillegg veit me at eit organisert arbeidsliv har mykje å seie for å redusere arbeidsløyse og forskjellar mellom folk, og gjennom koordinerte lønnsoppgjer. Høg grad av organisering gjer òg at kvar enkelt arbeidstakar står sterkare: Ein rapport frå Institutt for samfunnsforskning viser at dersom minst halvparten av dei tilsette på ein arbeidsplass er organisert, så aukar det lønna med 14–15 prosent. Kva initiativ vil regjeringa ta for å bidra til eit organisert arbeidsliv»?