Kjersti Toppe (Sp) [11:49:39 ] : Barn og legemiddel er eit
viktig helsepolitisk område, der det tradisjonelt har vore lagt
sterk vekt på føre-var-prinsippet. Særleg gjeld dette for dei ufødde
barna. Kan ein ikkje sjå bort frå ein negativ verknad på fosteret
av eit legemiddel, skal ein rå mor ifrå å bruka det. Det har i mange
år vore ein fagleg, men òg politisk debatt omkring Helsedirektoratets nasjonale
retningslinjer for kvinner i LAR. Ueinigheita har handla om kva
som er til det beste for barnet, og kva som er konsekvensane for
barnet dersom mor tar LAR-medikament under svangerskapet.
Da Stortinget i april 2016 behandla
Opptrappingsplanen for rusfeltet, var ein samla komité tydeleg på
at dei nasjonale retningslinjene for LAR og gravide burde endrast.
Det vart gjort vedtak om å be regjeringa stilla krav til at helsetenesta
skal gi alle kvinner i reproduktiv alder som skal starta opp i LAR,
grundig informasjon om LAR-behandling og graviditet. Kvinner i LAR
som ønskjer å få barn, må få tilbod om hjelp til nedtrapping av LAR-medikament,
men komiteen understrekar òg at det må gjerast individuelle vurderingar
av konsekvensar av ei eventuell nedtrapping.
Ein samla komité gjorde òg vedtak
om å be regjeringa innføra ei enkel og ubyråkratisk ordning som
kan gi kvinnene i LAR gratis langtidsverkande prevensjon ved oppstart
i LAR. Spørsmålet er kva regjeringa og helsemyndigheitene har gjort
for å innføra Stortinget sitt vedtak. Det er ein realitet at kvart
år vert det fødd ca. 30 barn som er rusavhengige. Og for kvart år
som går utan ei endring her, må helsepersonell ta imot abstinenssjuke barn
ved norske fødeavdelingar. Vi veit i dag at alle former for rusmiddel
under svangerskapet utgjer ein trussel mot fosteret og barnet som
vert fødd. Barn som vert fødde av mor i LAR, går ofte rett inn i
sterke abstinensar. Det er ein forferdeleg start på livet, og det
er ein uakseptabel start på livet. Gravide kvinner kan tvangsavrusast av
omsyn til fosteret, av omsyn til barnet, men for kvinner som går
på LAR, er det annleis. Helsemyndigheitene har meint at det er betre
å inkludera gravide rusavhengige i LAR enn ikkje å gjera det. Mors
behov for medikament har vege tungt.
Dagens retningslinjer for gravide
i LAR kom i 2011. I desse vert det slått fast at kvinner i LAR framleis
skal få tilbod om medikament om dei vert gravide. Det vert hevda
at det er usikkert kva effekt dette har på barnet. Men helsepersonell
som jobbar med desse barna, har heile tida vore ueinige. Dei fortel
om barn som lir, har krampar, kastar opp – altså det same som vaksne
som har abstinensar.
I retningslinjene for LAR står det
at kvinner i LAR bør få tilbod om prevensjon – det er altså ikkje
nokon føresetnad, og det er heller ikkje ei oppfordring. Det er òg
eit faktum at kvinner som startar opp i LAR, har auka risiko for
å verta gravide om dei ikkje brukar prevensjon. Mange behandlarar
melder om at denne gruppa ikkje automatisk har fått tilbod om gratis
langtidsverkande prevensjon. Det måtte søkjast om det, og det var
ikkje alltid like enkelt å få til i praksis.
I juni 2017 arrangerte Helsedirektoratet
ein konsensuskonferanse om LAR og gravide. I november 2017 la konsensuspanelet
fram rapporten sin. Dei kom med tydelege anbefalingar, som har vorte
godt mottatt i fagmiljøa, og som er i tråd med det som Stortinget
skreiv i merknader i innstillinga til Opptrappingsplanen for rusfeltet.
Konsensusrapporten la til grunn at føre-var-prinsippet skal vektleggjast
i større grad enn dagens retningslinjer, og ein kan ikkje sjå bort
frå at både metadon og buprenorfin kan gi skade på fosteret. Konsensuspanelet
konkluderte med at anbefalinga om å oppretthalda bruk av LAR-middel
bør endrast. I staden for at det vert anbefalt at bruk av LAR-medisin bør vidareførast under
graviditet, meiner dei at anbefalinga må vera at bruk av LAR-medisin kan vidareførast
under graviditet. Dei meiner at dagens anbefaling om at nedtrapping
bør avgrensast til ei nedtrapping mellom 14. og 32. svangerskapsveke,
ikkje lenger bør vera med i retningslinjene. Dei meiner at buprenorfin
er det føretrekte legemiddelet dersom LAR-medikament skal vidareførast
under graviditet.
Så anbefaler dei at ein skal gi
informasjon om kva slags konsekvensar LAR-legemiddel har på helsa
til barna, og at den gravide i LAR må inngå ei kontraktsmessig forplikting
om å avstå frå andre rusmiddel enn det ho er avhengig av. Og konsensuspanelet
meiner at retningslinjene i større grad må gå inn på dei legemiddelfrie
behandlingsmetodane ein kan tilby ei kvinne som ønskjer å verta
gravid. Dei anbefaler også at barn fødde av mødrer med opioidavhengigheit
bør følgjast opp lenger enn til skulealder, som er realiteten i
dag.
Så skriv konsensuspanelet vidare
at det er deira erfaring at det i dag vert stilt sterkare krav til
undersøking av moglege fosterskadar ved introduksjon av eit legemiddel
enn det har vore gjort ved LAR-medisin. Det er ein tankevekkjar.
Konsensuspanelet konkluderte med
at fertile kvinner ved oppstart i LAR sterkt bør anbefalast å bruka langtidsverkande
prevensjon. Berre dersom kvinna ikkje frivillig brukar prevensjon
eller ikkje er i stand til å samtykke, kan eit pålegg verta aktuelt.
Eit pålegg som varer så lenge kvinna er i LAR, vil ifølgje konsensuspanelet
ikkje vera akseptabelt ut frå menneskerettane, men dei vurderer
det som at eit tidsavgrensa pålegg om prevensjon ved oppstart i
LAR, til kvinna er stabilisert, er eit langt mindre inngripande
tiltak og kan vera akseptabelt etter menneskerettane. Det krevst
lovheimel for å gripa inn i retten til å bestemma sjølv, og sjølv
om eit vilkår for prevensjon er knytt til at ei kvinne mottar LAR
frå det offentlege, er det så inngripande at det neppe kan påleggjast
utan at det finst ein lovheimel for å gjera det. Konsensuspanelet
meiner at lova i så fall bør nemna dette som ei moglegheit. Eit
av spørsmåla mine er om statsråden vil følgja opp dette innspelet
frå konsensuspanelet.
Spørsmålet er òg om helse- og omsorgsministeren meiner
det han skriv når han i svar på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant
Tellef Inge Mørland uttaler: «Inntil en ny retningslinje foreligger,
er det gjeldende retningslinje som gjelder.» Ei ny retningslinje
vil ikkje vera klar for implementering før i 2019. Da har det gått fleire
år etter at Stortinget gjorde sine vedtak, og vi har hatt ein rapport
som støttar det vi vedtok. Men det interessante er at Helsedirektoratet
på heimesidene sine skriv:
«Inntil det foreligger en revidert
retningslinje, ber Helsedirektoratet om at behandlingsansvarlig
fremover vektlegger føre-var-prinsippet i tråd med slik konsensuspanelet
anbefaler. Det vil være en individuell vurdering basert på kvinnens
situasjon og ønske, om det er mulig å trappe ned, og på hvilken
måte det skal skje.»
Spørsmåla mine er – overordna: På
kva måte vil konsensuspanelet sine anbefalingar verta følgde opp? Er
det gjeldande retningslinje som skal gjelda inntil ei ny er komen,
eller er det slik som Helsedirektoratet skriv, at ein må ta anbefalingane
inn allereie no? Eller er det ein annan måte helseministeren meiner
at Stortinget sine vedtak skal følgjast opp på? Eg har òg eit spørsmål
som gjeld prevensjon. Er det slik no at kvinner i LAR på ein enkel
og ubyråkratisk måte får tilbod om langtidsverkande prevensjon?
Vert dei sterkt oppfordra om å bruka prevensjon, slik som anbefalingane
er? Og vil ein starta eit forsøk der ein følgjer barn som vert fødde av
mødrer i LAR, utover 7-årsalderen?
Statsråd Bent Høie [11:59:22 ] : Det er et viktig tema som
representanten Toppe tar opp i denne interpellasjonen. Det er et
tema som jeg selv har vært engasjert i i flere år. Gravide rusavhengige
er en sårbar pasientgruppe, og jeg er glad for at konsensuspanelet
har gjort et grundig arbeid med anbefaling om behandling av kvinner
i legemiddelassistert rehabilitering, LAR. Denne rapporten vil bli
fulgt opp.
Nasjonal retningslinje for legemiddelassistert
rehabilitering ved opioidavhengighet fra 2011 inneholder råd og
anbefalinger for tjenestene til personer som er avhengige av heroin
eller andre opioider. I 2012 kom Nasjonal retningslinje for gravide
i legemiddelassistert rehabilitering (LAR) og oppfølging av familiene
frem til barnet når skolealder. Samlet sett dekker disse to retningslinjene
alle sider ved LAR.
Som kjent har det vært faglig uenighet
rundt Helsedirektoratets nasjonale retningslinjer for gravide i
LAR. Uenigheten har i første rekke handlet om hensynet til barnets
beste, ettersom vi mangler kunnskap om mulige konsekvenser for barnet
dersom mor inntar LAR-medikamenter under svangerskapet.
Helsedirektoratet gjennomførte en
konsensuskonferanse om graviditet og LAR i juni 2017. En konsensuskonferanse
er en formell metode der det velges et tema som det er faglig uenighet
om. Helsedirektoratet nedsatte et fagpanel og inviterte fagpersoner
som presenterte forsknings- og kunnskapsoppsummeringer omkring gravide
og LAR.
Panelet leverte en rapport i desember
2017, basert på innspill fra konferansen og nasjonal og internasjonal kunnskap
om temaet. Panelet har vurdert ekspertuttalelser, juss, etikk og
brukerstemmer som kom fram på konsensuskonferansen.
Helsedirektoratet har opprettet
en hurtigarbeidende arbeidsgruppe med representanter fra barnevern, helsestasjon,
barneavdeling, spedbarnssenter, psykisk helse- og rustjenester –
herunder avdeling for gravide og småbarnsfamilier, kvinneklinikk
og brukerorganisasjoner. En rekke helseprofesjoner er også med i
arbeidsgruppen. Arbeidsgruppen skal revidere den faglige retningslinjen
for gravide i LAR og oppfølging fram til barnet når skolealder.
Arbeidet skal være ferdig i juni 2018.
Konsensuspanelet legger til grunn
at føre-var-prinsippet skal vektlegges i større grad enn det dagens
retningslinje gjør. Helsedirektoratet understreker at de vil rette
seg etter dette i arbeidet med de nye retningslinjene.
Helsedirektoratet viser til at de
21. desember 2017 sendte brev til alle landets LAR-tiltak, helseregionene, Statens
helsetilsyn og brukerorganisasjoner om hvordan de vil følge opp
rapporten fra konsensuspanelet. Direktoratet ber tjenestene om at
behandlingsansvarlig framlegger føre-var-prinsippet i tråd med konsensuspanelets
anbefalinger inntil en revidert retningslinje foreligger. I brevet
presiseres det at det vil være en individuell vurdering basert på
kvinnens situasjon og ønske om det er mulig å trappe ned, og på
hvilken måte dette eventuelt skal skje.
Helsedirektoratet skriver videre:
«Dagens retningslinje anbefaler
at kvinner i fertil alder bruker prevensjon ved oppstart av LAR
og slår fast at hormonspiral (langtidsvirkende prevensjon) bør være
det anbefalte middelet. Helsedirektoratet ber de som har ansvaret
for behandlingen om at langtidsvirkende prevensjon tilbys og drøftes
ved oppstart av LAR hos kvinner i fertil alder.»
Jeg er glad for at Helsedirektoratet
så tydelig kommuniserer at de vil rette seg etter konsensuspanelets vektlegging
av føre-var-prinsippet når de nå reviderer den faglige retningslinjen,
og at de vil prioritere dette arbeidet i 2018.
Når det gjelder spørsmålet om oppfølgingen
av muligheten for at kvinner i LAR får langtidsvirkende prevensjon
og informasjon, fikk alle helseregionene i 2017 følgende oppdrag,
at helseregionene skal «sikre at kvinner i LAR får informasjon om
LAR-behandling og graviditet og tilbud om nedtrapping av LAR-medikamenter, og
tilgang til gratis langtidsvirkende prevensjonsmidler i regi av
LAR». Jeg ble allerede sist høst gjennom styringsdialogen med helseregionene
orientert om at dette kravet er gjennomført, og jeg oppfatter derfor
at Stortingets vedtak punkt II og III 28. april 2016 er gjennomført.
Det første vedtaket som gjelder
alle kvinner med alvorlig rusmiddelavhengighet om et tilbud om gratis langtidsvirkende
prevensjon, vil bli vurdert når vi nå har erfaring for utdelinger
av gratis langtidsvirkende prevensjon til kvinnene som er i LAR.
Kjersti Toppe (Sp) [12:04:44 ] : Takk til statsråden for svaret.
Det er viktig at ein frå helsemyndigheitenes side ser på den problemstillinga.
Det har jo som kjent vore ein lang debatt, og eg har gjennom mine
år på Stortinget opplevd at det har vore ei ganske tverrpolitisk
einigheit om denne problematikken. Eg har – for å seia det litt
forsiktig – opplevd at det har vore ein motstand i enkelte delar
av fagmiljøet som kanskje har gjort at det har gått så mange år.
Vi har opplevd politisk at det har vore ein avstand frå det fagmiljøet
som jobbar med barna der ute, og fagmiljøet meir sentralt. Det har
vore problematisk politisk for oss, vi har hatt mange liknande vedtak
tidlegare som det vi har gjort nå, som heller ikkje har vorte følgde
opp. Derfor er eg takknemleg for at det no synest som at våre vedtak,
som òg då er i tråd med konsensuspanelet sin rapport, no kan føra
til ei endring i rammene rundt LAR-behandling for gravide. Det er
ei vanskeleg problemstilling, sjølvsagt, for det er omsynet til
mor kontra omsynet til barn, men det er jo eit paradoks, som eg
sa i mitt første innlegg, når det er slik at ein har betre vern
ved innføring av andre legemiddel når det gjeld fosterskadar, enn
når det gjeld LAR-medikament, og det tenkjer eg vi må ta med oss.
Vi er opptatt av at det må føra
til at færre barn vert fødde med abstinensar. Då er prevensjon eitt
av tiltaka. Eg forstår av statsråden sitt svar at det skal vera
i orden no, at ein både får det gratis og at det er meir system
på det. Eg merkar meg at Helsedirektoratet seier at ein skal berre
tilby og drøfta, men konsensuspanelet anbefalte at det skal vera
ei sterk oppmoding, så da er eitt av spørsmåla: Er det ei nedtoning,
dette med å tilby, at det ikkje er ei så sterk oppmoding? Det var
eit spørsmål om det.
Så til det andre, som ikkje eit
samla storting var einige i, om det skulle vera eit absolutt vilkår.
Det seier heller ikkje konsensuspanelet, men dei opnar opp for at
det i enkelte tilfelle kan vera ein lovheimel for å setja det som vilkår
i ein avgrensa periode. Er det noko som statsråden vil gå vidare
med?
Statsråd Bent Høie [12:08:01 ] : Jeg er enig i representantens
framstilling av at dette har vært en sak der en nok politisk, i
Stortinget, i veldig stor grad har lyttet til fagmiljøet som har
spesiell kompetanse på barneområdet. Så vet vi at det har vært uenighet
mellom fagmiljøet som har jobbet mest orientert mot de rusavhengige, og
som har lagt vekt på kvinnens situasjon, og fagmiljøene som har
kompetansen sin i hovedsak knyttet til barn. Derfor tror jeg at
det å gå veien om en konsensuskonferanse, der en også fikk inn internasjonale
eksperter, egentlig var en veldig klok måte å komme forbi de faglige
uenighetene på, som har vært på dette området. Jeg er også glad
for at konsensuskonferansen endte på den siden som jeg opplever
har politisk støtte i Stortinget, selv om dette i bunn og grunn
er et veldig faglig spørsmål.
Jeg oppfatter at jeg i mitt oppdrag
til helseregionene er veldig tydelig på at kvinner som kommer inn
i LAR, skal få informasjon om graviditet og tilbud om nedtrapping
av LAR-medikamenter, og de skal også få tilgang til gratis langtidsvirkende
prevensjonsmidler i regi av LAR på en enkel og grei måte. Det er
ingen tvil om at mange har et ønske om å få barn etter å ha kommet
inn i et behandlingsopplegg, men jeg tror de fleste også har et
ønske om å planlegge det godt og gjøre det på riktig tidspunkt,
mens det som jo skjer mange kvinner som har vært rusavhengige i
mange år, og som kommer inn i LAR, er at de nå lettere kan bli gravide
og derfor også kan oppleve å bli gravide uten at de nødvendigvis
hadde planlagt det. Derfor er det også viktig at de får denne typen
informasjon og tilbud om gratis langtidsvirkende prevensjon, slik
at de kan planlegge dette på en god måte. Dette er et individuelt
spørsmål, som den enkelte må vurdere selv, men de må få riktig informasjon
og riktig veiledning og også tilgang til langtidsvirkende prevensjon
på en gratis og enkel måte, noe jeg opplever nå er tilfellet.
Når det gjelder spørsmålet om en
her i større grad skal kunne være tydelig i sine anbefalinger, også
basert på lovverk, vil jeg vise til at det nå er nedsatt en arbeidsgruppe
knyttet til de nye retningslinjene, som skal være ferdig i juni
2018. Hvis de mener at et slikt lovgrunnlag bør være på plass, får
vi anbefalinger om det, men jeg vil gjerne avvente deres arbeid.
Helsedirektoratet har vært veldig tydelig overfor tjenesten på at
denne føre-var-tenkningen skal gjelde fra nå og fram til de nye
retningslinjene er på plass.
Tellef Inge Mørland (A) [12:11:13 ] : Spørsmålet om retningslinjer
for gravide som får LAR-behandling, er et viktig spørsmål, som Arbeiderpartiet
har engasjert seg i. Årlig blir det født rundt 30 barn som har en
mor som har gått på LAR-medisin, som f.eks. Metadon, i svangerskapet
– barn som ifølge bl.a. Barneombudet blir født som rusavhengige
og umiddelbart må starte på en nedtrapping med morfin. Det er ikke
noen god start i livet for et barn å bli født med abstinenser, og
vi kan ikke gamble med nyfødtes helse. Det er derfor viktig at statsråden
så raskt som mulig får på plass nye retningslinjer for LAR-behandling
av gravide, slik at de baserer seg på ny og oppdatert kunnskap samt
føre-var-prinsippet.
Allerede i begynnelsen av desember
tok derfor Arbeiderpartiet opp denne saken i et skriftlig spørsmål
til statsråden og gjennom et oppslag i Aftenposten. I forslaget
til statsbudsjett skrev statsråden at Helsedirektoratet hadde startet
arbeidet med å revidere gjeldende retningslinjer for LAR, som skulle
være ferdig i 2018. I løpet av helse- og omsorgskomiteens behandling
av saken kom det imidlertid fram at de nye retningslinjene først ville
være ferdig i 2019, noe statsråden selv beskrev som beklagelig i
sitt svar på mitt skriftlige spørsmål 15. desember 2017.
Det er beklagelig at statsråden
ikke har fått fram nye retningslinjer for LAR før 2019. Det kan
tyde på at regjeringen ikke har prioritert dette arbeidet tilstrekkelig.
Da blir det desto viktigere at statsråden sikrer at man får til den
fast-tracken når det gjelder retningslinjene for gravide i LAR-behandling.
I desember svarte statsråden at
man kun hadde kommet dit at man arbeidet med en plan for selve revisjonsprosessen
av den reviderte retningslinjen. Ut fra det statsråden nå har svart,
håper jeg at man har klart å løfte dette arbeidet og gitt det den
tyngden det fortjener. Det er positivt hvis statsråden nå kan garantere
at vi får på plass nye retningslinjer for gravide i LAR innen juni 2018.
Jeg oppfatter ut fra statsrådens svar at det er nettopp det han
nå gjør – at vi kan forvente at retningslinjene er på plass i juni
2018, og at det ikke er noe som skulle tilsi at vi eventuelt får
en utsettelse av det. For, som barneombudet sa til Aftenposten i
desember, samfunnet har ikke råd til at 60 flere barn blir født
med abstinens. Jeg vil legge til: Disse barna fortjener at vi som
politikere kan si at vi har gjort alt vi kan for at de skal få en
best mulig start i livet.
Torill Eidsheim (H) [12:14:08 ] : Rusavhengige er sårbare pasientar.
Når ein er gravid og rusavhengig, er det to sårbare pasientar, og
det er klart ytterlegare komplekst. Konsensuspanelet sitt grundige
arbeid med anbefalingar om behandling av kvinner i legemiddelassistert
rehabilitering, LAR, gjev eit viktig grunnlag for det vidare arbeidet.
I dag er rusbehandling sidestilt
med behandling i somatisk og psykisk helsevern. Tiltak og behandling
er regulert gjennom lovverk, rundskriv og nasjonale rettleiarar
som skal sikre at behandlingstilbodet er tufta på kunnskapsbasert
praksis og er gjenstand for kontinuerleg dokumentering og evaluering.
I Høgre finn vi det ønskjeleg å
sikre ei god utvikling av alle ulike behandlingsformer. Medikamentfri
behandling må òg i alle situasjonar kunne vere eit mogleg val. Føresetnaden
er sjølvsagt at pasienten er motivert for det, difor er kort tid
mellom første møte og behandling heilt vesentleg. Dette har ministeren
teke til orde for, og han har ytra ønske om at det skal vere eit
krav at det ikkje skal gå meir enn éin dag frå tilvising til behandling.
Det er utruleg viktig at vi sikrar
individuelt tilpassa behandling, og at alle dei ulike alternative
vala i gjevne situasjonar skal vere reelle val. Vi har i seinare
tid fått rapportert god behandlingseffekt av tiltak som er etablerte
med ein klar behandlingsideologi òg innanfor medikamentfri behandling.
Vi ser rapporterte resultat der medikamentfri behandling fungerer
godt for mange med langvarig rusmiddelbruk og store tilleggsbelastningar
i form av både psykiske lidingar, traume, relasjonsvanskar og andre
tilleggsvanskar – behandling som synest å ha stor nytteverdi òg
for seinare rusmeistring, helse, trivsel og kvardagsfunksjon.
LAR er eit viktig behandlingstilbod
for rusavhengige som ikkje er klare for eit rusfritt liv, og eg
ser det som heilt opplagt at ein er nøydd til å sikre ei kontinuerleg vurdering,
der ein opnar for at ein kan tilpasse og utvikle tilbodet etter
kvart, og at ein sikrar at ein innfrir forventninga om eit helsevesen
for pasienten – òg når det er to pasientar det skal takast omsyn
til.
Eg ser fram til at rapporten blir
følgd opp, og er glad for at ministeren har understreka at inntil
nye retningslinjer er på plass, er det føre-var-prinsippet som skal gjelde.
Bård Hoksrud (FrP) [12:17:53 ] : Det er en viktig debatt representanten
Toppe reiser. LAR-behandling er kjempebra for mange, selvfølgelig
også for kvinner. Men det er også utfordringer knyttet til at noen
blir gravide og at det får store konsekvenser for barna. Derfor er
jeg veldig glad for at konsensuspanelets anbefalinger er klare og
tydelige, og jeg opplever at det er stor enighet i Stortinget om
hva man vil her.
Jeg synes også det er bra med de
oppfølgingene som statsråden har redegjort for knyttet til II og
III i Stortingets vedtak i forbindelse med Prop. 15 S for 2015–2016. Det
er veldig bra, og det viser at dette blir fulgt opp på en god måte.
Dette er selvfølgelig vanskelig
fordi det er kvinner som – som også foregående representant sa –
er i en vanskelig situasjon og kanskje ikke ønsker et rusfritt liv, men
er gravide, noe som kan få store konsekvenser for barnet når det
blir født. Man har jo sett hvilke konsekvenser det kan få. Så dette
er en vanskelig sak, men jeg er veldig glad for konsensuspanelets
anbefalinger og at statsråden også sier at det nå følges opp videre,
og at man gir tilbud om nedtrapping av LAR-medikamenter og sikrer
informasjon om forskjellige tilbud.
Jeg synes det har vært veldig bra
at interpellanten har løftet denne saken, og jeg tror det er veldig
bred enighet i denne salen om hvor man skal, og hvor man vil, og
derfor er jeg veldig glad for den debatten som kom i dag.
Kari-Lise Rørvik (V) [12:20:24 ] : Takk til interpellanten
for at hun tar opp en veldig viktig problemstilling. Graviditet
under LAR er uheldig, da det påfører barnet sterke smerter, abstinenser
og mulige senskader. Det er hjerteskjærende. Abstinensbarna har
blitt tatt opp til stadighet, både blant fagfolk, i media og her
på Stortinget. Det er høy politisk bevissthet rundt dette – heldigvis.
Ingen ønsker at barna skal fødes med abstinenser, men det er heller
ikke lurt å lage terskler som kan stenge ute eller skremme kvinner
fra å motta nødvendig oppfølging og hjelp. Vi må derfor bevege oss
med klokskap i dette feltet.
I februar 2016 utfordret Venstre
helseministeren til å innhente et uavhengig kunnskapsgrunnlag og
få utarbeidet nye nasjonale retningslinjer for gravide i legemiddelassistert
rehabilitering. Det er derfor gledelig at det nå kommer en ny retningslinje
i 2018, og at Helsedirektoratet skal vektlegge føre var-prinsippet
i arbeidet til konsensuspanelet.
Venstre er enig med helseministeren
i at nedtrapping, eventuelt avslutning, av LAR under graviditet
må basere seg på en individuell vurdering ut fra kvinnens situasjon
og ønske. Vi mener også at gratis langtidsvirkende prevensjon må
tilbys på enklest mulig måte, og at det sterkt anbefales gjennom
god veiledning ved oppstart av LAR. En viktig nøkkel ligger nettopp
i god veiledning og tett oppfølging, og at det er gratis. Det er
derfor bra at departementet i oppdragsdokumentet til de regionale helseforetakene
for 2017 understreket at langtidsvirkende prevensjon skal være gratis.
Dette får meg over på et annet,
men likevel like aktuelt tema vedrørende rusavhengighet og graviditet.
I Venstre er vi svært glade for vedtak nr. 627, som understreker
Stortingets ønske om at regjeringen skal vurdere å gi alle alvorlig
rusavhengige kvinner, også alkoholavhengige, tilgang til gratis
prevensjon. Det er viktig for å forhindre at barn fødes med FAS,
føtalt alkoholsyndrom. Vi vet at skadevirkningene av alkohol på
foster kan være alvorlige og livslange. Vi har derfor en viktig
utfordring framover for å nå alkoholavhengige kvinner i fruktbar
alder, men også rusavhengige utenfor LAR. For å klare det må tilbudet
om gratis langtidsvirkende prevensjon formidles mange steder, ved
helsestasjoner, hos fastleger, frivillige organisasjoner osv. I
Venstre mener vi det er å sette folk først og å være føre var, og
som en bonus på det hele er det i tillegg svært lønnsomt i et samfunnsperspektiv
å sikre dette. Vi ser derfor fram til det videre arbeidet med dette.
Olaug V. Bollestad (KrF) [12:24:00 ] : Kristelig Folkeparti
er enig med interpellanten i at panelets anbefalinger må følges
opp både raskt og grundig. LAR kan fungere godt for riktige målgrupper,
men terskelen for å komme inn i programmet er blitt lav, og terskelen
for å komme ut er blitt høy – stikk i strid med det som var intensjonen
med LAR. Jeg er enig med representanten fra Høyre i at vi aldri
må miste målet om medikamentfri behandling.
LAR og graviditet er ingen god kombinasjon.
Vi kan ikke sitte stille og se på at unger lider og skades. Jeg
mener at helsetjenestene må hjelpe kvinner i LAR-programmet til
å ta vare på barnet de har i magen, og møte situasjonen de er i,
med minst mulig eller uten medikamenter. Ja, dette kan faktisk også
inkludere tvang. Gravide med rusavhengighet som er en del av LAR-programmet,
skal av hensyn til ungen kunne tvangsinnlegges i avrusningsinstitusjon
på lik linje med andre rusavhengige. De som jobber med ungene som
har abstinenser, som har kramper, som har smerter, har virkelig
stått på for å løfte disse ungene opp og fram.
For meg er det et paradoks at akkurat
den gruppen som jobber med disse pasientene, har Helse Sør-Øst, som
har 60 pst. av alle totalpasienter, faktisk valgt å redusere i sitt
nedslagsfelt. De har tatt det valget på Borgestadklinikken, som
har tilbudt behandling til og hatt tilbud for den gruppen vi snakker
om her – ikke bare tilbud under graviditet og avrusning, men også
tilbud etter at barnet er født. Dette er et tilbud som er viktig
for både mor og barn, og Kristelig Folkeparti tror ikke vi trenger færre
slike tilbud, men flere.
Kristelig Folkeparti mener også
at kvinner i et LAR-program må følges opp utrolig tett under svangerskap, og
føre-var-prinsippet tilsier at vi faktisk bør stoppe LAR til gravide
nå. Det sier egentlig føre-var-prinsippet, og så venter vi altså
på retningslinjer. Det er ikke nok med oppfordringer, og det er
ikke nok med drøftinger. Det er bra, og det er bra å få retningslinjer.
Alt dette er bra, men spørsmålet er om vi ser disse ungene nå. De
ungene som blir født nå. De ungene som ligger på nyfødtavdelingen nå.
De ungene som nå faktisk betaler prisen for at vi ikke skynder oss
med denne avgjørelsen. Det er heller ikke, tror jeg, morens ønske
at disse ungene skal lide. Derfor er det vårt ansvar å stille opp
og hjelpe. Jeg vil takke interpellanten for at hun har tatt opp
et så viktig spørsmål.
Kjersti Toppe (Sp) [12:27:53 ] : Tusen takk til alle som har
deltatt i debatten.
Til statsråden, som seier at dette
er eit fagleg spørsmål: Det er jo det, så det er kanskje ikkje så
rart at vi er engasjerte i kva slags typar medikament ein behandlar kvinner
med i LAR. Men vi er òg engasjerte i barns rettar, og det er det
som gjer at dette òg er eit viktig politisk spørsmål.
Eg er usikker på kva tid desse nye
retningslinjene vert implementerte. Er det i 2018? Eller er det
i 2019? Det har vore sagt litt forskjellig, og eg har lese litt
forskjellig. Og det handlar ikkje berre om retningslinjene, det
handlar òg om praksis ute. Så eg vil gjerne utfordra statsråden
på dei nye føringane som har kome no med føre-var osv. Det viktige
er at ein får endra praksis der ute, og at dei som jobbar med gravide
i LAR, får andre rutinar, får andre rammer og andre vurderingar
som gjer at det alltid skal verta vurdert medikamentfri behandling
først. Det skal vera ei vurdering av nedtrapping. Ein skal ha ei
sterk oppmoding. Alt dette må gjerast.
Så spørsmålet er: Kva skjer no?
Helsedirektoratet har sendt ut brev, men vert det gjort noko meir
for å sikra at praksisen faktisk vert endra, og at vi ikkje får
ei evaluering om to år som viser at det eigentleg har fortsett slik
som før?
Utover det vil eg seia tusen takk
for statsrådens svar og for debatten.
Statsråd Bent Høie [12:30:14 ] : Jeg vil først – forhåpentligvis
– oppklare noen misforståelser knyttet til retningslinjene for LAR
og det som står i budsjettproposisjonen, og noen av oppslagene som
har vært i media knyttet til dette. Det som omtales i budsjettproposisjonen,
er de generelle retningslinjene for LAR. Det er altså ikke retningslinjer
for gravide i LAR, men de generelle. Der gjøres det nå et arbeid
som bl.a. omfatter hvilke medikamenter som skal kunne brukes i den
generelle LAR-behandlingen. Det er et arbeid som dessverre ikke
er ferdig før i 2019.
Men Helsedirektoratet har, basert
på rapporten fra konsensusmøtet, nedsatt en hurtigarbeidende arbeidsgruppe
som skal revidere retningslinjene for gravide i LAR. Dette arbeidet
er planlagt å være ferdig i juni 2018. I påvente av det arbeidet
sendte direktoratet den 21. desember 2017 brev til alle landets
LAR-tiltak, helseregionene, helsetilsynene og brukerorganisasjonene, der
en også ber om at tjenestens behandlingsansvarlige framlegger et
føre-var-prinsipp i tråd med konsensuspanelets anbefalinger inntil
en revidert retningslinje foreligger. Det gjelder allerede nå, fra
21. desember og fram til de nye retningslinjene er på plass. Så
jeg oppfatter at direktoratet har tatt konsensusrapporten på største
alvor og på en rask måte fulgt opp dette arbeidet.
Nils T. Bjørke hadde her
teke over presidentplassen.
Presidenten: Då
er sak nr. 4 avslutta.