I lov 17. juli
1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa gjøres
følgende endringer:
§ 2-12 tredje ledd skal lyde:
For private grunnskolar gjeld også
§§ 2-2, 2-5 første, andre, tredje og sjette ledd, 2-11, 8-2, 9-1,
9-2, 9-3, 9-4, 9-5, 9-6, kapittel 9 A, §§ 10-1, 10-2, 10-6, 10-6a,
10-9, 11-1, 11-2, 11-4, 11-7, 11-10, 13-3b, 13-7a, 13-10, 14-1,
14-4, 15-3 og 15-4.
Kapittel 9a skal lyde:
Kapittel 9 A Elevane sitt skolemiljø
§ 9 A-1 Verkeområde for kapitlet
Kapitlet her gjeld for elevar i
grunnskolen og den vidaregåande skolen. Kapitlet gjeld òg for elevar
som deltek i leksehjelpordningar og i skolefritidsordningar, med
unntak av §§ 9 A-10 og 9 A-11.
§ 9 A-2 Retten til eit trygt
og godt skolemiljø
Alle elevar har rett til eit trygt
og godt skolemiljø som fremjar helse, trivsel og læring.
§ 9 A-3 Nulltoleranse og systematisk
arbeid
Skolen skal ha nulltoleranse mot
krenking som mobbing, vald, diskriminering og trakassering.
Skolen skal arbeide kontinuerleg
og systematisk for å fremje helsa, miljøet og tryggleiken til elevane,
slik at krava i eller i medhald av kapitlet blir oppfylte. Rektor
har ansvaret for at dette blir gjort.
§ 9 A-4 Aktivitetsplikt for
å sikre at elevar har eit trygt og godt psykososialt skolemiljø
Alle som arbeider på skolen, skal
følgje med på om elevane har eit trygt og godt skolemiljø, og gripe
inn mot krenking som mobbing, vald, diskriminering og trakassering
dersom det er mogleg.
Alle som arbeider på skolen, skal
varsle rektor dersom dei får mistanke om eller kjennskap til at
ein elev ikkje har eit trygt og godt skolemiljø. Rektor skal varsle
skoleeigaren i alvorlege tilfelle.
Ved mistanke om eller kjennskap
til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skolemiljø, skal skolen
snarast undersøkje saka.
Når ein elev seier at skolemiljøet
ikkje er trygt og godt, skal skolen så langt det finst eigna tiltak
sørgje for at eleven får eit trygt og godt skolemiljø. Det same
gjeld når ei undersøking viser at ein elev ikkje har eit trygt og
godt skolemiljø. Dersom ein elev eller forelder ber om tiltak som
vedkjem det psykososiale miljøet, deriblant tiltak mot krenkjande
åtferd som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme, skal skolen
snarast mogleg behandle saka etter reglane om enkeltvedtak i forvaltningsloven.
Om skolen ikkje innan rimeleg tid har teke stilling til saka, vil
det likevel kunne klagast etter føresegnene i forvaltningsloven som
om det var gjort vedtak.
Skolen skal sørgje for at involverte
elevar blir høyrde. Kva som er best for elevane, skal vere eit grunnleggjande omsyn
i skolen sitt arbeid.
Skolen skal lage ein skriftleg plan
når det skal gjerast tiltak i ei sak. I planen skal det stå
-
a) kva
problem tiltaka skal løyse
-
b) kva
tiltak skolen har planlagt
-
c) når
tiltaka skal gjennomførast
-
d) kven
som er ansvarleg for gjennomføringa av tiltaka
-
e) når
tiltaka skal evaluerast.
Skolen skal dokumentere kva som
blir gjort for å oppfylle aktivitetsplikta etter første til femte
ledd.
§ 9 A-5 Skjerpa aktivitetsplikt
dersom ein som arbeider på skolen, krenkjer ein elev
Dersom ein som arbeider på skolen,
får mistanke om eller kjennskap til at ein annan som arbeider på
skolen, utset ein elev for krenking som mobbing, vald, diskriminering og
trakassering, skal vedkommande straks varsle rektor. Rektor skal
varsle skoleeigaren. Dersom det er ein i leiinga ved skolen som
står bak krenkinga, skal skoleeigaren varslast direkte av den som
fekk mistanke om eller kjennskap til krenkinga. Undersøking og tiltak
etter § 9 A-4 tredje og fjerde ledd skal setjast i verk straks.
§ 9 A-6 Fylkesmannen si handheving
av aktivitetsplikta i enkeltsaker
Dersom ein elev ikkje har eit trygt
og godt skolemiljø, kan eleven eller foreldra melde saka til Fylkesmannen
etter at saka er teken opp med rektor.
Fylkesmannen skal avgjere om aktivitetsplikta
etter §§ 9 A-4 og 9 A-5 er oppfylt. Dersom saka ikkje er teken opp
med rektor, eller om det er under ei veke sidan ho vart teken opp,
skal Fylkesmannen avvise saka, med mindre særlege grunnar gjer dette
urimeleg. Det same gjeld dersom saka ikkje gjeld skolemiljøet på
skolen der eleven går når saka blir meldt til Fylkesmannen.
Skolen og skoleeigaren skal utan
hinder av lovfesta teieplikt leggje fram alle opplysningar som Fylkesmannen meiner
må til for å greie ut saka. Fylkesmannen skal sørgje for at involverte
elevar blir høyrde. Kva som er best for elevane, skal vere eit grunnleggjande
omsyn i Fylkesmannen si saksbehandling.
Kjem Fylkesmannen til at skolen
ikkje har oppfylt aktivitetsplikta etter §§ 9 A-4 og 9 A-5, kan
Fylkesmannen vedta kva skolen skal gjere for å sørgje for at eleven
får eit trygt og godt skolemiljø. Det skal setjast ein frist for
gjennomføringa av vedtaket, og Fylkesmannen skal følgje opp saka.
Fylkesmannen kan vedta reaksjonar etter skolen sitt ordensreglement,
jf. § 9 A-10, eller at ein elev skal byte skole, jf. § 8-1 fjerde
ledd.
Avgjerda til Fylkesmannen er eit
enkeltvedtak og kan påklagast etter reglane i forvaltningsloven.
Skoleeigaren har ikkje klagerett.
§ 9 A-7 Det fysiske miljøet
Skolane skal planleggjast, byggjast,
tilretteleggjast og drivast slik at det blir teke omsyn til tryggleiken,
helsa, trivselen og læringa til elevane.
Det fysiske miljøet i skolen skal
vere i samsvar med dei faglege normene som fagmyndigheitene til
kvar tid tilrår. Dersom enkelte miljøtilhøve avvik frå desse normene,
må skolen kunne dokumentere at miljøet likevel har tilfredsstillande
verknad for helsa, trivselen og læringa til elevane.
Alle elevar har rett til ein arbeidsplass
som er tilpassa behova deira. Skolen skal innreiast slik at det
blir teke omsyn til dei elevane ved skolen som har funksjonshemmingar.
Dersom ein elev eller forelder eller
eit av råda eller utvala ved skolen der desse er representerte,
ber om tiltak for å rette på fysiske miljøtilhøve, skal skolen snarast
mogleg behandle saka etter reglane om enkeltvedtak i forvaltningsloven.
Om skolen ikkje innan rimeleg tid har teke stilling til saka, vil
det likevel kunne klagast etter føresegnene i forvaltningsloven
som om det var gjort enkeltvedtak.
§ 9 A-8 Elevdeltaking i arbeidet
med skolemiljøet
Elevane skal få ta del i planlegginga
og gjennomføringa av arbeidet for eit trygt og godt skolemiljø.
Elevrådet kan oppnemne representantar
til å vareta elevane sine interesser overfor skolen og styresmaktene
i skolemiljøsaker. Dersom det finst eit arbeidsmiljøutval eller liknande
organ ved skolen, kan elevane møte med opp til to representantar
når utvalet behandlar saker som gjeld skolemiljøet. Representantane
skal bli kalla inn til møta med talerett og rett til å få meininga
si protokollert. Dei skal ikkje vere til stades når utvalet behandlar
saker som inneheld opplysningar som er omfatta av lovfesta teieplikt.
Representantane skal få den informasjonen
dei treng, men ikkje opplysningar som er omfatta av lovfesta teieplikt.
I den mon det trengst, har dei rett til opplæring for å skjøtte
oppgåvene og fritak frå undervisninga.
§ 9 A-9 Informasjonsplikt og
rett til å uttale seg
Skolen skal informere elevane og
foreldra om rettane i dette kapitlet. Skolane skal òg informere
om aktivitetsplikta etter §§ 9 A-4 og 9 A-5 og om høvet til å melde
saka til Fylkesmannen etter § 9 A-6.
Dersom skolen finn ut at noko ved
skolemiljøet kan skade helsa til elevane, skal elevane og foreldra
snarast mogleg varslast om det.
Samarbeidsutvalet, skoleutvalet,
skolemiljøutvalet, elevrådet og foreldra skal haldast informerte
om alt som er viktig for skolemiljøet, og så tidleg som mogleg takast med
i arbeidet med skolemiljøtiltak. Dei har rett til innsyn i all dokumentasjon
som gjeld det systematiske arbeidet for eit trygt og godt skolemiljø,
og har rett til å uttale seg og komme med framlegg i alle saker
som er viktige for skolemiljøet.
§ 9 A-10 Ordensreglement
Kommunen skal gi forskrift om ordensreglement
for den enkelte grunnskole, og fylkeskommunen skal gi forskrift
om ordensreglement for den enkelte vidaregåande skole.
Reglementet skal gi reglar om rettane
og pliktene til elevane så langt dei ikkje er fastsette i lov eller
på annan måte. Reglementet skal innehalde reglar om orden og oppførsel,
om kva tiltak som kan nyttast mot elevar som bryt reglementet, og
om korleis slike saker skal behandlast.
Skolen kan berre nytte tiltak som
er fastsette i ordensreglementet. Tiltaka skal ikkje innebere fysisk
refsing eller anna krenkjande behandling. Før det blir teke avgjerd
om tiltak, har eleven rett til å forklare seg munnleg for den som skal
ta avgjerda.
Ordensreglementet skal gjerast kjent
for elevane og foreldra. Kravet i forvaltningsloven § 38 første
ledd bokstav c om kunngjering i Norsk Lovtidend gjeld ikkje.
§ 9 A-11 Bortvising
Kommunen kan fastsetje i ordensreglementet
at grunnskoleelevar kan visast bort frå undervisninga dersom dei bryt
reglementet i alvorleg grad eller fleire gonger. Elevar på 1. til
7. årstrinn kan visast bort for enkelttimar eller resten av dagen,
og elevar på 8. til 10. årstrinn kan visast bort for opp til tre
dagar.
Fylkeskommunen kan fastsetje i ordensreglementet
at elevar i vidaregåande skole kan visast bort frå undervisninga
i opp til fem dagar dersom dei bryt reglementet i alvorleg grad
eller fleire gonger. Det kan like eins fastsetjast at elevar kan
visast bort for resten av skoleåret dersom brota er særleg alvorlege.
Rektor kan vedta bortvising etter
å ha rådført seg med lærarane til eleven. Fylkeskommunen kan vedta
at ein elev i vidaregåande skole skal visast bort for resten av
skoleåret. Om ikkje kommunen eller fylkeskommunen fastset noko anna,
kan rektor gi lærarar høve til å vise bort elevar frå si eiga undervisning
for ei opplæringsøkt, men ikkje meir enn to klokketimar.
Før det blir gjort vedtak om bortvising,
skal ein ha vurdert andre tiltak. Foreldra skal varslast før ein
elev på 1. til 7. årstrinn blir bortvist for resten av dagen.
§ 9 A-12 Tvangsmulkt
For å sikre gjennomføringa av vedtak
etter § 9 A-6 fjerde ledd kan Fylkesmannen og klageinstansen fastsetje tvangsmulkt
for skoleeigaren. Avgjerd om tvangsmulkt kan gjerast samtidig med
vedtak etter § 9 A-6 fjerde ledd eller seinare.
Ei avgjerd om tvangsmulkt får verknad
når skoleeigaren ikkje held fristen for gjennomføring av vedtaket
etter § 9 A-6 fjerde ledd, og mulkta går inntil vedtaket er oppfylt.
Ei avgjerd om tvangsmulkt får ikkje verknad dersom det blir uråd
å rette seg etter vedtaket og den ansvarlege ikkje kan noko for
dette.
Avgjerda om tvangsmulkt skal behandlast
i samsvar med reglane i forvaltningsloven kapittel IV og V. Skoleeigaren
har ikkje klagerett.
Mulkta går til statskassa. I særlege
tilfelle kan tvangsmulkta reduserast eller falle bort.
Departementet kan gi forskrift om
kva slags tvangsmulkt som kan nyttast, og om kor stor mulkta skal
vere.
§ 9 A-13 Straffansvar
Med bøter, fengsel i opp til 3
månader eller begge delar blir den straffa som forsettleg eller
aktlaust, og alvorleg eller gjentekne gonger, bryt plikta etter
§ 9 A-4 første og andre ledd og § 9 A-5. Med bøter, fengsel i opp
til 3 månader eller begge delar blir rektoren straffa som forsettleg
eller aktlaust, og alvorleg eller gjentekne gonger, bryt plikta
etter § 9 A-4 tredje og fjerde ledd.
Dersom § 9 A-4 første til fjerde
ledd eller § 9 A-5 er brotne av nokon som handlar på vegner av skolen,
kan skoleeigaren straffast, jf. straffeloven § 27.
Fristen for forelding av straffansvaret
er 5 år.
§ 9 A-14 Erstatningsansvar
og bevisbyrde
Reglane i lov 13. juni 1969 nr.
26 om skadeserstatning kapittel 2 gjeld for saker om psykososialt
skolemiljø etter reglane i dette kapitlet.
Dersom det i saker etter første
ledd ligg føre tilhøve som gir grunn til å tru at skoleeigaren ikkje
har følgt reglane i eller i medhald av kapittel 9 A om psykososialt
skolemiljø, skal dette leggjast til grunn med mindre skoleeigaren
gjer noko anna truleg.
§ 9 A-15 Forskrift om skolemiljøet
Departementet kan gi forskrift
om krav til skolemiljøet.
§ 15-2 andre ledd skal lyde:
Departementet er klageinstans for
enkeltvedtak om inntak og spesialundervisning i den vidaregåande
opplæringa, enkeltvedtak om opplæring i inntil to år ekstra etter
§ 3-1 femte ledd, enkeltvedtak om særskild språkopplæring etter § 3-12
og enkeltvedtak om fysiske miljøforhold etter § 9 A-7.
II
I lov 4. juli
2003 nr. 84 om frittståande skolar gjøres følgende endringer:
§ 2-4 andre ledd skal lyde:
Opplæringslova kapittel 9 A om
elevane sitt skolemiljø gjeld også for skolar godkjende etter lova
her, med unntak av §§ 9 A-10 og 9 A-11. Departementet er klageinstans
for vedtak etter § 9 A-7 om det fysiske skolemiljøet.
§ 3-9 skal lyde:
§ 3-9 Ordensreglement
Kvar skole skal ha eit reglement
med rettane og pliktene til elevane så langt dei ikkje er fastsette
i lov eller på annan måte. Reglementet skal innehalde reglar om
orden og oppførsel, om kva tiltak som kan nyttast mot elevar som bryt
reglementet, og om korleis slike saker skal behandlast.
Skolen kan berre nytte tiltak som
er fastsette i ordensreglementet. Tiltaka skal ikkje innebere fysisk
refsing eller anna krenkjande behandling. Før det blir teke avgjerd
om tiltak, har eleven rett til å forklare seg munnleg for den som skal
ta avgjerda.
Ordensreglementet skal gjerast
kjent for elevane og foreldra.
§ 3-10 skal lyde:
§ 3-10 Bortvising
Styret kan fastsetje i ordensreglementet
at grunnskoleelevar kan visast bort frå undervisninga dersom dei
bryt reglementet i alvorleg grad eller fleire gonger. Elevar på
1. til 7. årstrinn kan visast bort for enkelttimar eller resten
av dagen, og elevar på 8. til 10. årstrinn kan visast bort for opp
til tre dagar.
Styret kan fastsetje i ordensreglementet
at elevar i vidaregåande skole kan visast bort frå undervisninga
i opp til fem dagar dersom dei bryt reglementet i alvorleg grad
eller fleire gonger. Det kan like eins fastsetjast at elevar kan
visast bort for resten av skoleåret dersom brota er særleg alvorlege.
Den daglege leiaren kan vedta bortvising
etter å ha rådført seg med lærarane til eleven. Heimfylket kan vedta
at ein elev i vidaregåande skole skal visast bort for resten av skoleåret.
Heimfylket kan ikkje overlate til skolen å gjere slikt vedtak. Norske
vidaregåande skolar i utlandet gjer sjølv vedtak om bortvising.
Om ikkje styret fastset noko anna, kan den daglege leiaren gi lærarar
høve til å vise bort elevar frå si eiga undervisning for ei opplæringsøkt,
men ikkje meir enn to klokketimar.
Før det blir gjort vedtak om bortvising,
skal ein ha vurdert andre tiltak. Foreldra skal varslast før ein
elev på 1. til 7. årstrinn blir bortvist for resten av dagen.
Avgjerd om bortvising er enkeltvedtak,
og reglane i forvaltningsloven gjeld. Departementet er klageinstans.
III
Loven gjelder fra det tidspunktet
Kongen bestemmer.
(*Denne voteringen
ble – på grunn av stemmelikhet – tatt om igjen ved møtestart dagen
etter, dvs. tirsdag den 23. mai, voteringsutskrift kl. 10.09.23).
Stortinget ber regjeringen sikre
at skolens ledelse og andre relevante yrkesgrupper har tilstrekkelig
kunnskap om plikter, ansvarsforhold og formkrav.