vedtak til lov
om
endringer i barnelova (barnebidrag og bidrag etter fylte 18 år)
I
I lov 8. april
1981 nr. 7 om barn og foreldre gjøres følgende endringer:
§ 70 syvende ledd skal lyde:
Foreldra har plikt til å opplyse
det organet som skal handsame fastsetjinga av tilskotet, om kva
arbeid, utdanning, inntekt og formue dei har, og elles om alt anna
som kan ha noko å seie for fastsetjinga av fostringstilskotet. For å
fastsetje tilskotet kan organet utan omsyn til teieplikta krevje
dei opplysningane som trengst frå arbeidsgjevarar, likningsstell,
arbeids- og velferdsetaten og forsikringsselskap, bankar og andre
som forvarer eller forvaltar formueverdiar. For å fastsetje tilskot etter at
barnet har fylt 18 år, kan organet utan omsyn til teieplikta krevje
opplysningar frå utdanningsinstitusjonar om skulegangen er i gang, held
fram eller er avslutta og om fagleg progresjon.
§ 78 fjerde ledd skal lyde:
Vert tilskot som er gjort opp, sett
ned etter § 70 andre stykket,
§ 74 eller § 76 eller etter
klage, kan den tilskotspliktige krevje at Innkrevjingssentralen
for fostringstilskot gjer frådrag i pålagt lønnstrekk m.m. på den
måten og for dei terminane som sentralen finn rimeleg.
§ 83 a skal lyde:
Når avtaler med framand stat med
heimel i § 85 andre stykket i lova her eller i bidragsinnkrevingsloven
§ 2 har reglar om utveksling av informasjon, kan Arbeids- og velferdsetaten
utan hinder av teieplikt gi andre medlemsland opplysningar om identitet,
adresse eller inntekts- og formuestilhøve for partane i ei bidragssak,
eventuelt etter at opplysningane er henta etter § 70 sjuande stykket i
lova her eller etter bidrags-innkrevingsloven kapittel 3.
II
Votering:
Komiteens innstilling ble enstemmig
bifalt.
Presidenten: Det
voteres over lovens overskrift og loven i sin helhet.
Votering:
Lovens overskrift og loven i sin
helhet ble enstemmig bifalt.
Presidenten: Lovvedtaket
vil bli ført opp til andre gangs behandling i et senere møte i Stortinget.