Hårek Elvenes (H) [12:13:20 ] (ordfører for saken): Nærpolitireformen
slo fast at for å sikre god faglig kompetanse i oppgaveløsningen
bør det åpnes for at oppgavene innen den sivile rettspleien på grunnplanet
kan samles for større områder enn det enkelte lensmanns- eller politidistrikt.
Komiteen slutter seg til regjeringens forslag i proposisjonen til
ny § 17 i politiloven som åpner for at én lensmann, politistasjonssjef
eller namsfogd kan utføre oppgavene med tvangsfullbyrdelse for flere
lensmanns- eller politidistrikter. En slik ordning vil åpne for at
det kan etableres større namsmannsdistrikter.
Sammen med domstolsapparatet er
namsmannsfunksjonen en del av en rettsorden som sikrer at individer, grupper
og selskaper kan feste lit til at avtaler holdes. En velfungerende
namsmannsfunksjon er viktig for å opprettholde betalingsmoralen
i samfunnet og er av stor betydning for kredittgivning og omsetning.
Samtidig er namsmannsfunksjonen en sentral forutsetning for å kunne opprettholde
tilliten til den sivile rettspleien. Det er derfor viktig med en
ensartet og oversiktlig organisering av namsmannsfunksjonen med
kompetente og effektive enheter.
De foreslåtte lovendringene legger
til rette for å samle politiets oppgaver innen den sivile rettspleien
på færre enheter og en mer effektiv og sikker oppgaveutførelse.
Jenny Klinge (Sp) [12:15:10 ] : Regjeringa har føreslått å
flytte lensmannsskjønnet til jordskifterettane og tingrettane. Det
er både positive og negative sider med dette forslaget, etter mi
meining.
Det er større grunn til å vere skeptisk
til endringa viss ein ikkje ser berre på endringa i seg sjølv, men
på heilskapen i dei oppgåvene som for tida blir flytta frå politiet.
Når det stadig blir færre og færre sivile oppgåver att i politiet, mistar
etaten meir og meir det sivile preget som har vore karakteristisk
for norsk politi, og som er noko vi burde ta vare på.
Eg meiner derfor – på generelt grunnlag
– at det er viktig å behalde sivile oppgåver i politiet, slik at
folk har grunn til å møte opp på eit lensmannskontor utan at det nødvendigvis
har skjedd noko alvorleg eller kriminelt først. Slike oppgåver gjev
politiet ei viktig kontaktflate med befolkninga og indirekte også
meir verdifull lokalkunnskap. Kjennskap til innbyggjarane er viktig
i lokalsamfunn, uansett om det er ei bygd eller ein by. Ein negativ
konsekvens av mindre sivil kontakt, om ein skal kalle det det, er
at terskelen for å tipse og ta kontakt med politiet kan bli høgare.
Likevel: Når skjønnsoppgåvene først
skal flyttast, for det er det fleirtal for, er det ikkje ei dårleg
løysing å flytte desse til jordskiftedomstolane. Eg vil understreke
at Senterpartiet er positiv til å flytte fleire oppgåver av ulik
art til jordskiftedomstolane, og at vi er trygge på at dei vil vere fullt
kompetente til å utføre slike skjønnsoppgåver. Det eg finn grunn
til å leggje vekt på, er at resultatet av denne flyttinga av lensmannsskjønn
ikkje berre blir avgjort av kvaliteten på det arbeidet som jordskifterettane
og tingrettane skal gjere, men også i høgste grad av den framtidige
strukturen på desse domstolane.
Når desse oppgåvene no skal flyttast
til domstolane, vil det framleis vere ein viss grad av nærleik til
tenestene, sjølv om avstandane blir større. Ei seinare sentralisering
av desse domstolane vil derimot føre til mykje større avstandar
og i praksis ei sterk sentralisering av skjønnsoppgåvene. Det meiner
eg ikkje er bra, og eg vil åtvare mot det.
Eg meiner at det no blir viktig
å halde eit auge med korleis ei slik ordning vil fungere i domstolane,
og om ho held fram med å vere ubyråkratisk, enkel og rimeleg for
brukarane. Akkurat dette håpar eg justisministeren tek med seg vidare.
Eg håpar han vil halde eit vakent blikk på dette, og at han kjem
tilbake til Stortinget dersom det skulle vise seg at løysinga skulle
innebere ei forverring for brukarane, anten det gjeld tilgjengelegheit,
kostnader eller anna. Dette er nemleg noko vi har fått konkrete
bekymringsmeldingar frå folk om, og vi bør i den grad det er mogleg,
sørgje for at endringar har positivt utfall for folk, ikkje negativt.
Når det gjeld namsmannsfunksjonane,
vil eg nemne at Senterpartiet har gått mot ei sentralisering av
desse fordi vi meiner at det verken er nødvendig eller heldig med
større avstandar. Eg meiner at eit slikt krevjande arbeid som i praksis
omhandlar skjebnen til enkeltmenneske, fordrar lokalkunnskap og
geografisk nærleik. Dette handlar om å endre ei ordning som faktisk
fungerer, som gjev folk god hjelp i vanskelege situasjonar, og som
gjer det mogleg for mange å kome seg vidare i livet. Eg vil også
på dette punktet oppfordre justisministeren til å følgje godt med
på kva som skjer. Dersom færre får god hjelp til å handtere gjeld framover,
må grep takast.