Stortinget - Møte onsdag den 2. mars 2016 kl. 10
President: Olemic Thommessen
Spørsmål 1
Presidenten: Dette spørsmålet, fra representanten Kjell-Idar Juvik til samferdselsministeren, vil bli besvart av landbruks- og matministeren på vegne av samferdselsministeren, som er bortreist.
Kjell-Idar Juvik (A) [11:27:55]: «Regjeringen er nå i ferd med å forberede konkurranseutsetting av flere jernbanestrekninger i Norge. De første to pakkene skal ut på anbud i 2017 med oppstart fra desember 2018. Togmateriellet skal leies ut av et statlig selskap, og man forutsetter at de ansatte blir en del av virksomhetsoverdragelsen, og at de beholder sine rettigheter. Alle kan leie dagens verksted på like vilkår.
Hvordan vil man kunne få et «bedre» og eventuelt billigere tilbud når man tilnærmet skal drifte slik man gjør i dag?»
Statsråd Jon Georg Dale [11:28:38]: Regjeringa har lagt opp til eit kraftig løft for jernbana. Regjeringa har spesielt valt å leggje vekt på jernbana si rolle i kollektivsatsinga i byområde og for godsnæringa.
På dei åra vi har sete i regjering, har vi dobla satsinga på jernbanevedlikehald. Etter mange år med forfall vert no vedlikehaldsetterslepet redusert. Infrastrukturen vert oppgradert og materiellet fornya. I tillegg vert talet på avgangar utvida. Eg vil minne om at denne satsinga er langt høgare enn opphavleg planlagt i inneverande NTP, og viss vi skulle kome ned på det ambisjonsnivået som Arbeidarpartiet la då dei sat i regjering, kunne vi ha redusert løyvingane med 3,4 mrd. kr.
Vår jernbanesatsing skjer på ein brei front – alt for å gjere det meir attraktivt å reise med jernbana både for vanlege folk og for godsnæringa. Derfor ser vi òg på måten jernbana er organisert på.
Innan dei fleste delar av transportsektoren brukast anbodsprinsippet for å tilby best mogleg teneste til ein akseptabel kostnad. Det gjer vi på buss, ferje, fly og hurtigbåt. Når det gjeld jernbana, har vi allereie gjort det på Gjøvikbana gjennom bruk av anbod med veldig gode resultat. Talet på avgangar har auka, subsidienivået vart redusert og kundetilfredsheita er betre.
Konkurranse er eit viktig og velbrukt verkemiddel for å skape nytenking og for å få nye og kunderetta løysingar, også i mange kommunar og fylkeskommunar kor Arbeidarpartiet styrer, er dette vel kjent.
Frå oppdragsgjevar si side vil det verte lagt opp til at aktørane skal vere kreative innanfor dei rammene som er sette, og leggje vekt på å tiltrekkje seg nye kundar og utvikle effektive løysingar.
Eit viktig utgangspunkt for konkurranse må vere at togoperatørane skal konkurrere på likast moglege vilkår. For å sikre dette blir det derfor i all hovudsak ikkje lagt opp til at det skal konkurrerast om sentrale kapitalintensive innsatsfaktorar som sal- og billetteringssystem, togmateriell, tilgang til verkstader og heller ikkje løns- og arbeidsvilkår.
Det vil derimot vere ei rekkje parameterar som togselskapa kan konkurrere om, t.d. korleis dei vil leggje opp vedlikehaldet, korleis dei vil organisere drift og optimalisere bruken av togflåten og andre ressursar, korleis dei vil påverke interiørløysingar og utforme servicekonsept og kvalitet, korleis dei vil utforme marknadsplanar og opplegg for auka kundetilfredsheit, korleis dei vil utforme takstane innanfor dei rammene som vert sette av staten, og korleis dei vil bruke rutenettet basert på ein definert ruteplan.
Det er mange område ein kan konkurrere om, og i dei tilfella vi har brukt konkurranse tidlegare, t.d. på Gjøvikbana, har det vist seg å gi gode resultat. Det er jo målet at det skal gjere det også no for heile jernbanesektoren.
Marit Nybakk hadde her overtatt presidentplassen.
Kjell-Idar Juvik (A) [11:31:34]: Takk for svaret.
Det er riktig at det går bra på jernbanen, men det er ikke riktig at dette løftet startet med en ny regjering. Da Stoltenberg-regjeringen tok over, ble det brukt ca. 6 mrd. kr til jernbaneformål. Da Stoltenberg-regjeringen framla sitt siste budsjett, var det økt til 18,7 mrd. kr – faktisk en økning på 167 pst., totalt sett, til jernbaneformål. Den NTP-en som ble vedtatt i juni 2013, videreførte den satsingen. Det ser vi resultatet av, og jeg er veldig glad for at dagens regjering har fulgt opp. Vi fikk faktisk resultatet i slutten av forrige uke, og denne uken forelå resultatet for 2015. Der kan vi se at NSB har en overskudd på 2,8 mrd. kr – 1,2 mrd. kr av det kommer fra persontrafikken. Det er ikke slik at det er Gjøvikbanen som er suksessen; suksessen er måten vi har satset på NSB på. Hvorfor er det da et poeng at overskuddet til NSB, som i dag går både til å kjøpe flere tog og til utbytte til statskassen, nå i stedet skal kunne gå til store internasjonale transportfirmaer?
Statsråd Jon Georg Dale [11:32:41]: Denne ibuande skepsisen til konkurranse for å auke mangfaldet på norsk jernbane, skjønar eg ikkje kvar kjem frå. Vi har rom til fleire, for fleire kjem til å bruke toget i framtida. Det grunnlaget vi legg gjennom aktiv satsing på både drift og vedlikehald av jernbana og også ved nye investeringar, handlar om nettopp det. Når det går hundre fleire tog i Oslo-regionen no enn då vi overtok, handlar det om at det er fleire ting å konkurrere om. Når vi aukar konkurransen, og når vi aukar tilbodet, er det rom for fleire aktørar, fleire aktørar som konkurrerer om eit best mogleg tilbod for passasjerane. Eg meiner det er ei avsporing å gjere dette til eit spørsmål om i kva grad vi øydelegg for NSB eller ei. Eg opplever at dialogen med NSB som selskap er konstruktiv for å finne fornuftige avgrensingar innanfor denne sektoren.
Kjell-Idar Juvik (A) [11:33:43]: NSB går så det griner, og bedre enn noen gang før. Vi ser det på økende kundetilfredshet, vi ser det på økonomien, og bare fra 2012 har antall reisende økt med 26 pst. Det er ikke noen grunn til at den økningen ikke skal videreføres. Det legger vi alle opp til – vi legger opp til at vi fortsatt skal ha en økning. Vi skal ha flere til å reise kollektivt, deriblant bruke toget.
Da er det vitterlig underlig at den økningen som vil komme, som vi ser også av resultatet som foreligger, skal gå til private aktører, istedenfor at det går tilbake til samfunnet, til staten, enten i form av utbytte eller ved at det blir igjen i selskapet, sånn at man kan videreføre det. Det virker fortsatt underlig. For det er ikke sånn at det blir konkurranse på sporet, det blir en konkurranse om sporet i forbindelse med dette. Hvorfor regjeringen er så opptatt av å endre en vinneroppskrift som vi nå ser gir gode resultater, forstår vi ikke. Man burde ha is i magen og heller videreutvikle NSB.
Statsråd Jon Georg Dale [11:34:53]: NSB har vore flinke, og det fortener dei all honnør for. Men det er jo ikkje slik at dei har gjort den jobben åleine. Restverdigarantiane på togmateriellet frå staten til NSB gjer at dei køyrer med oppdatert materiell, som gjer at dei er attraktive å bruke – målretta satsing frå regjeringa si side, som bidreg til at fleire vel toget. Når det vert fleire avgangar, handlar det om at det også gjev grunnlag for at fleire vel vekk bilen og bruker jernbana – målretta satsing frå regjeringa si side.
Denne satsinga kjem til å halde fram også når det er eit mangfald av tilbydarar i jernbanesektoren, og det er det jernbanereforma legg til rette for. Vi skal kunne bruke meir tog, vi skal kunne vedlikehalde og drifte infrastrukturen vår betre, og vi skal kunne gje kundane eit breitt val av tilbod, som også gjer at dei vel å setje vekk bilen og bruke tog i staden. Det er intensjonen, og det vert levert i den jernbanereforma som regjeringa no er i ferd med å gjennomføre.