Stortinget - Møte mandag den 8. desember 2014 kl. 10
President: Olemic Thommessen
Dokumenter:
Sak nr. 6 [14:22:37]
Innstilling fra arbeids- og sosialkomiteen om representantforslag frå stortingsrepresentantane Fredric Holen Bjørdal, Dag Terje Andersen, Anette Trettebergstuen og Lise Christoffersen om strategi for betre arbeidsmoglegheiter for menneske med nedsett arbeidsevne
Votering i sak nr. 6
Presidenten: Under debatten er det satt fram to forslag. Det er
forslag nr. 1, fra Fredric Holen Bjørdal på vegne av Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti
forslag nr. 2, fra Per Olaf Lundteigen på vegne av Senterpartiet
Det voteres over forslag nr. 2, fra Senterpartiet.
Forslaget lyder:
«Stortinget bed regjeringa leggja fram ei vurdering av konsekvensane for sysselsettjing av personar med nedsett arbeidsevne som følgje av det svært store omfanget av utanlandsk arbeidskraft frå EØS-området.»
Sosialistisk Venstreparti har varslet støtte til forslaget.
Votering:Forslaget fra Senterpartiet ble med 96 mot 10 stemmer ikke bifalt.(Voteringsutskrift kl. 21.14.24)Presidenten: Det voteres over forslag nr. 1, fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti.
Forslaget lyder:
Votering:Forslaget fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti ble med 63 mot 43 stemmer ikke bifalt.(Voteringsutskrift kl. 21.14.42)Komiteen hadde innstilt:«Stortinget ber regjeringa utarbeide og på eigna måte leggje fram for Stortinget ein strategi for å sikre betre arbeidsmoglegheiter for menneske med nedsett arbeidsevne og i den samanheng vurdere følgjande:
Følgje opp og vidareutvikle ungdomsgarantiane for dei under 30 år.
Vidareutvikle «Jobbstrategien for personer med nedsatt funksjonsevne».
Sikre fleire tilpassa arbeid i offentleg sektor for menneske med nedsett arbeidsevne.
Utvikle fleire traineeprogram, nye utprøvingsjobbar og opplæringsstillingar, med vekt på grupper som i dag står utanfor arbeidslivet, særleg personar med psykiske lidingar og personar med nedsett funksjonsevne.
Tiltak for å auke delen graderte sjukmeldingar.
Utvikle fleire verkemiddel som kan understøtte framleis arbeidstilknyting i sjukepengeperioden og ei meir aktiv og understøttande rolle for arbeids- og velferdsetaten ved sjukefråver.
Tiltak for å styrkje arbeidsgjevar sine insentiv til framleis tilknyting etter avslutta sjukepengeperiode.
Sikre sjukmelde utan arbeidsgjevar ei god oppfølging frå Nav.
Lågare inngangskrav i AAP-ordninga enn dagens krav om 50 prosent nedsett arbeidsevne for personar som har overgang frå sjukepengar.
Gradering i AAP-ordninga til erstatning for dagens avkortingsreglar.
Tiltak for raskare avklaring av personar på AAP, og vurdere om maksimal stønadsperiode på fire år er høveleg.
Eit meir aktivt oppfølgingsopplegg for mottakarar av AAP.
Arbeidsretta hjelp til personar med gradert uførepensjon.
Vidareutvikle både tidsubestemt lønstilskot og tidsavgrensa lønstilskot.
Sikre personar på attføring god individuell oppfølging og attføringsbedriftene føreseielege rammevilkår.»
Dokument 8:73 S (2013–2014) – representantforslag frå stortingsrepresentantane Fredric Holen Bjørdal, Dag Terje Andersen, Anette Trettebergstuen og Lise Christoffersen om strategi for betre arbeidsmoglegheiter for menneske med nedsett arbeidsevne – vedlegges protokollen.
Votering:Komiteens innstilling ble enstemmig bifalt.