Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 5. juni 2013 kl. 10

Dato:
President: Dag Terje Andersen
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 4

Presidenten: Dette spørsmålet, fra representanten Svein Harberg til kunnskapsministeren, vil bli besvart av miljøvernministeren på vegne av kunnskapsministeren, som er bortreist.

Svein Harberg (H) [11:13:45]: Det var fristende å følge opp forrige spørsmål med noen personlige erfaringer fra hvordan slike saker håndteres, men jeg skal holde meg til dagsorden. Spørsmålet er altså til kunnskapsministeren:

«Å skaffe nok kvalifiserte lærere til undervisning i skolen er en av de største utfordringene kunnskapsministeren har. Det er fortsatt stor underdekning, og mange som begynner på utdanningen, faller fra. Søkertallene viser at studentene velger mastertilbudet og utdanning for å undervise de eldste elevene, altså ikke etter de prioriteringer regjeringen har lagt opp til.

Hvordan vil statsråden nå sikre at elevene i norsk skole får kvalifiserte lærere, den viktigste ressursen for mestring og gode resultater?»

Statsråd Bård Vegar Solhjell [11:14:29]: Kunnskapsministeren er einig i at det er trekk ved søkjartala til lærarutdanninga for dei minste barna som er eigna til bekymring. For grunnskulelærarutdanninga for trinn ein til sju har søkinga sidan oppstarten i 2009 vore i underkant av 2 100 førstevalsøkjarar årleg. Frå 2008 til 2012 auka likevel talet kvalifiserte førstevalsøkjarar til lærarutdanningane samla sett med 57 pst. Aukinga til høgare utdanning totalt var berre 34 pst. Søkinga til femårig integrert lektorutdanning auka mest av lærarutdanningane i landet. Frå 2012 til 2013 auka ho med ca. 15 pst. Det er eit tydeleg teikn på at haldningane til læraryrket har endra seg positivt i den perioden GNIST-kampanjen har vore i gang. Regjeringa har auka talet studieplassar i lærarutdanninga med om lag 6 100, og dei vert trappa opp til 6 700 i 2017. Fråfallet i allmennlærarkullet 2008 ligg under gjennomsnittet for bachelorutdanningar i Noreg. I følgjegruppa si spørjeundersøking blant GLU-studentar som slutta på utdanninga, gjev berre 21 pst. opp forhold ved utdanninga som årsak til fråfallet. Det er det fråfallet kunnskapsministeren særleg vil ta tak i.

Samtidig er det positive trekk. SSB si framskriving om lærarbehovet frå 2012 er langt meir optimistisk enn den førre frå 2008. Underskotet i 2020 vert no sett til 4 200 lærarårsverk i skulen – heile 60 pst. lågare enn for fire år sidan. Regjeringa jobbar på mange frontar for å redusere talet ytterlegare. Alt i alt var det òg eit positivt byteforhold på 900 personar mellom skulen og andre sektorar frå 2009 til 2010. Det var òg fleire personar som kom frå andre yrkesgrupper til læraryrket enn dei som forlét eit yrkesliv i skulen. I tillegg viser ein ny SSB-rapport at stadig fleire 61-åringar og 62-åringar som arbeider i skulen, vel å verte verande lenger der.

Samla peiker det i riktig retning. For at denne trenden skal fortsetje, treng vi at storting, fylkeskommunar og kommunar saman med nasjonale utdanningsstyresmakter tek ansvar for å snakke skulen opp. Skuleeigarar må sørgje for at skulen vert ein enda meir attraktiv arbeidsplass. Meir samarbeid om rekruttering mellom lærarutdanning og arbeidsliv er òg nødvendig. Kunnskapsministeren vil fortsetje samarbeidet om rekruttering med GNIST-partnarane og vil følgje grunnskulelærarutdanningane tett framover.

Svein Harberg (H) [11:16:59]: Jeg takker for svaret, og det er alltid vanskelig med oppfølgingsspørsmål når det ikke er den sittende statsråd som er til stede. Men nå har jo også miljøvernministeren god peiling på kunnskap og på å håndtere det.

Dette var en stor øvelse i å sammenlikne med de rette tallene for å få til gode økninger. Realiteten er at det er 9 000 ukvalifiserte lærere i skolen i dag. Regjeringen har satt inn 600 ekstrastillinger som det ikke er kvalifiserte lærere til. De vil ha større lærertetthet, og syv av ti lærere sier selv at de trenger etter- og videreutdanning for å gjøre en god jobb i skolen. Tallet på hva vi har behov for, det går opp og det går ned, men det er et stort behov. Jeg kan ikke se – med det store frafallet vi har og faktisk en realnedgang i søknader til grunnskolelærerutdanningen i fjor – at regjeringen har greid å løse problemet.

Statsråd Bård Vegar Solhjell [11:18:04]: Eg er einig i at det var mange tal her. Det kan sikkert vere vanskeleg. Men hovudbiletet som vert teikna, er at når du ser utviklinga over nokre år, som er ei tryggare samanlikning, så er det for det første ein kraftig auke i søkinga til lærarutdanningane – ikkje minst til den nye grunnskulelærarutdanninga – og langt over den generelle veksten i søkinga. For det andre er det altså no eit positivt byteforhold det siste året, som eg refererte tal frå, mellom skulen og samfunnet utanfor. Det er altså ikkje lenger ei flukt frå skulen, men ei tilbakevending. For det tredje er det altså fleire som vel å stå i yrket noko lenger. Oppsummert er fasiten at den veldige mangelen ein såg føre seg for nokre år sidan, er kraftig redusert med dei siste tala. Så det er ingen tvil om at regjeringa sin politikk har hatt effekt, men det er sjølvsagt urovekkjande at vi har hatt ein nedgang siste år. Det er derfor regjeringa vil ha fullt trykk på det vidare og sørgje for at den gode utviklinga held fram.

Svein Harberg (H) [11:19:12]: Framskrivingen av behovene har endret seg. Om det er regjeringen som kan ta æren for at SSB har endret den, synes jeg kanskje er litt tvilsomt. Men jeg vil gjerne tilbake til det med å få flere til å være lærere. Høyre og flere av opposisjonspartiene har flere ganger foreslått å innføre bedre karriereveier i skolen for å øke rekrutteringen, for å beholde lærere og for å få flere tilbake. I spørretimen forrige onsdag sa kunnskapsministeren: «Det er helt misforstått hvis man tror at man bare kan utdanne seg ut av det lærerrekrutteringsbehovet vi kommer til å ha fram til 2020. Vi må også sørge for at mange av de lærerne som i dag er i andre yrker, kommer tilbake til skolen.» Hvilke konkrete tiltak har SV, etter nå nesten åtte år i Kunnskapsdepartementet, gjort for å få lærerne tilbake til skolen – utover dem som nå velger det fordi det er en trygg og god jobb i en vanskelig arbeidssituasjon?

Statsråd Bård Vegar Solhjell [11:20:16]: Det er ikkje slik at det er ein ny person som har rekna på det i SSB, at anslaget endrar seg. Det er fordi det no kjem fleire som søkjer utdanninga og fleire som går tilbake til skulen. Situasjonen har endra seg, og det skuldast politikk. Men eg vil òg leggje til at det er mange ting som har skjedd i det siste: oppgangen i resultata i GNIST-kampanjen har gjeve eit langt meir positivt bilete av skulen. Eg trur at det derfor står fram som meir attraktivt. Det synest eg, for å vere heilt ærleg, Høgre òg skulle gle seg over.

Så har vi innført tiltak som Lektor 2-ordning, mentorordning og større moglegheit for etter- og vidareutdanning i skulen, som eg trur bidreg til å trekkje fleire tilbake igjen. Men eg er einig med representanten i at det i åra som kjem, heilt sikkert vil vere viktig å sjå på korleis vi ytterlegare kan gjere skulen til ein meir spennande arbeidsplass for andre som har kompetanse å bringe inn, og som i dag er andre stader enn i skulen.

: