Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 5. juni 2013 kl. 10

Dato:
President: Dag Terje Andersen
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 1

Gunnar Gundersen (H) [11:05:59]: Jeg vil stille spørsmål til miljøvernministeren:

«Regionalplan for Rondane-Sølnkletten har vært gjenstand for en svært bred medvirkningsprosess fra alle berørte kommuner, rettighetshavere og to fylkeskommuner gjennom flere år. Departementet har sjokkert alle ved i et møte den 13. mai 2013 på Hamar å legge all dialog både med andre departementer og de lokale interessene til side og kun informere om endringer av planen. Politisk ledelse deltok ikke på dette møtet.

Vil statsråden raskt korrigere prosessen, eller vil dette bli nok et eksempel på statlig overstyring?»

Statsråd Bård Vegar Solhjell [11:06:49]: Miljøverndepartementet bad i 2007 dei aktuelle fylkeskommunane å utarbeide fylkesdelplanar for ei heilskapleg forvalting av fjellområde som er spesielt viktige for villreinens framtid i Noreg.

Sju regionale planar har starta opp, og ti fylkeskommunar er engasjerte i planarbeidet. For dei tre første planprosessane er den regionale behandlinga avslutta, og Miljøverndepartementet har fått planar oversendt. Planen for Hardangervidda er vel gjennomarbeidd. Departementet meiner at det nasjonale omsynet er godt vareteke. Planane for Setesdalsheiane og Rondane–Sølnkletten er til behandling i departementet etter at fylkesmennene har hatt innvendingar til delar av planane. Det er Miljøverndepartementet som skal ta den endelege avgjersla om planane skal endrast eller ikkje. Denne beslutninga tek vi i samråd med berørte departement.

Miljøverndepartementet legg stor vekt på at det skal vere levande bygder og tettstader i planområdet, det er eit godt næringsgrunnlag. Samtidig har departementet eit hovudansvar for å vareta villreinen sine interesser. Noreg forvaltar siste rest av villreinstammen i Europa. Vi har derfor eit nasjonalt – og ikkje minst eit internasjonalt – ansvar for å sikre villreinen tilstrekkelege leveområde og langsiktige gode vilkår. Det er denne avveginga som er gjort i planprosessen, og som fylkesmennene har hatt innvendingar til.

I eit dialogmøte på Hamar i mai presenterte embetsverket i departementet kva for konkrete endringar departementet meiner bør gjerast i planen.

Det var Hedmark fylkeskommune som inviterte til møtet, i samarbeid med Miljøverndepartementet. Alle kommunane i heile planområdet var inviterte, og dei fleste deltok. Hensikta med møtet var at kommunane og fylkeskommunane skulle få ei orientering samtidig, og at dei deretter skulle få høve til å drøfte dei foreslåtte endringane og gje tilbakemelding til departementet både i møtet og etterpå. Områda for endring vart varsla allereie hausten 2012.

Vi har motteke tilbakemelding frå ti kommunar og begge fylkeskommunane. Eg går no nøye igjennom fråsegnene som er kome inn. Eg har òg drøfta dei med dei mest berørte departementa. Eg vil no ta kontakt med fylkeskommunane og kommunane for å drøfte dei endringane som vi framleis meiner er nødvendige å gjere. Ein invitasjon til eit slikt møte går ut i desse dagar. Ein vil òg halde jamleg kontakt med andre departement for å få ei rask avklaring i saka.

Gunnar Gundersen (H) [11:09:01]: Da regner jeg med at statsråden har fått samme brev – eller i hvert fall med samme innhold – som vi har fått fra fylkeskommunen. Det er en ramsalt kritikk av departementet – et skrekkeksempel på statlig overstyring og byråkratisk arroganse. Jeg må si jeg er forundret over at noen få byråkrater kan sette seg til å overstyre 14 kommuner og to fylkeskommuner – og det med begrunnelsen villrein. Villreinen er viktig. Det er knapt noen av disse kommunene som ikke ønsker å ta hensyn til villreinen. Jeg vil sitere den uttalelsen som gjengis i brevet fra fylkeskommunene – både Oppland og Hedmark fylkeskommuner:

«Villreinnemnda mener den foreslåtte planen er i tråd med Miljøverndepartementets bestilling og at planen er et godt redskap for å ivareta villreinens leveområder når dette samtidig skal veies opp mot andre viktige samfunnsinteresser.»

Og så sitter altså departementet – eller to ansatte et eller annet sted – og overstyrer vurderingene som samtlige interessenter i disse kommunene og fylkeskommunene har kommet fram til at er en god plan. Jeg gjentar spørsmålet: Vil statsråden korrigere prosessen?

Statsråd Bård Vegar Solhjell [11:10:19]: «Og det med begrunnelsen villrein», sa representanten Gundersen før han tok seg i det. Villrein er ei sentral norsk miljøinteresse. Vi har eit ansvar for å forvalte villreinen som er heilt spesielt, som vi har med t.d. villaks, og som kan samanliknast med det India har med tigrar, eller andre land har med dyr der dei har ei spesielt sterk rolle i forvaltinga. Derfor er dette eit viktig tema, og derfor er over halvparten av fylkeskommunane i Noreg involverte i ulike planar.

Så er det regjeringa som avgjer desse spørsmåla, og eg som miljøvernminister og politisk leiar som handterer det. Eg hadde mitt første møte om dette med fylkeskommunane få dagar etter at eg vart statsråd, før det endeleg hadde kome til departementet mitt, for å setje meg inn i det. Så har eg hatt fleire møte med både fylkeskommunar og andre i haust for å gå igjennom kva vi meiner bør endrast. Det var eit oppfølgingsmøte no, og så står det att prosess og dialog med fylkeskommunane, og vi kjem framleis til å leggje vekt på god dialog for å løyse saka.

Gunnar Gundersen (H) [11:11:22]: I brevet fra fylkeskommunen påstås det at det fra departementets side bare kom signaler om at dialogen var lagt til side, og at de kom til å korrigere planen. Så det er i hvert fall en liten innrømmelse at man skal tilbake til dialog. Jeg håper det er riktig. Men står virkelig statsråden her og påstår at Villreinnemda ikke har greie på forvaltning av villrein? Det synes jeg er en ganske interessant påstand, for det er det ingen som har sagt. Jeg er helt enig i at villreinen er kanskje noe av det viktigste Norge som land har ansvar for å ta vare på. Det er det fullstendig enighet om. Men Villreinnemdas uttalelse er at Villreinnemda mener at den foreslåtte planen er i tråd med Miljøverndepartementets bestilling, og at planen er et godt redskap for å ivareta villreinens leveområder når dette samtidig skal veies opp mot andre viktige samfunnsinteresser. Da vil jeg igjen spørre statsråden: Mener han at Villreinnemda er helt på et sidespor når det gjelder å ivareta det de er satt til å ivareta?

Statsråd Bård Vegar Solhjell [11:12:24]: Eg kom ikkje med den påstanden. Det var representanten Gundersen sjølv som kom med han no. Tvert imot legg eg stor vekt på Villreinnemda sine vurderingar, og eg meiner ho er ein viktig instans for forvaltinga av dette som vi tek omsyn til her. Men eg tek òg omsyn til – og det er grunnen til at det er viktig å diskutere saka – at to fylkesmannsembete har lagt inn motsegner, som til dels er ganske kraftige motsegner, jamført med det vi har sett i dei andre planarbeida som går føre seg rundt omkring, og vi la det fram for fagekspertise i Direktoratet for naturforvaltning, som òg hadde vesentlege motsegner mot planen.

Så i dette landskapet – og med omsyn til dei andre viktige omsyna som må takast, nemleg utviklinga i lokalsamfunna rundt Rondane – skal vi prøve å finne ei løysing. Den løysinga skal vi leite etter i dialog med dei aktuelle fylkeskommunane. Dei må eige planen. Men det er òg viktig at han held faglege mål for det omsynet han skal vareta. Eg skal prioritere å jobbe med saka framover, for ho er viktig.

: