Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 17. april 2013 kl. 10

Dato:
President: Dag Terje Andersen
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 7

Henning Warloe (H) [11:54:34]: Jeg har følgende spørsmål til kulturministeren:

«Kulturdepartementet har i forskrift datert 27. desember 2012 gitt Film & Kino ansvar for finansiering av cinematekene utenfor Oslo. Som eneste cinematek i Norge får Cinemateket i Oslo statlig fullfinansiering fra departementet gjennom statsbudsjettet. Film & Kino har nå besluttet å kutte støtten til de øvrige cinematekene fra 2014.

Hva er årsaken til dette skillet mellom Cinemateket i Oslo og de øvrige, og hva vil statsråden nå gjøre for å sikre de andre cinematekenes økonomi?»

Statsråd Hadia Tajik [11:55:09]: Takk for spørsmålet. Fyrst spør representanten om skiljet mellom Cinemateket i Oslo og dei andre cinemateka, og derfor gjer eg fyrst greie for det.

Cinemateket i Oslo er ein del av Norsk filminstitutt og vert derfor finansiert over instituttet sitt driftsbudsjett. Slik har det vore sidan 1994. Cinemateka i resten av landet vart frå 2004 tildelt statsstøtte gjennom NFI. I 2009 vart finansieringa overført til Film & Kino. Det er kjent at avgiftsinntektene til Norsk kino- og filmfond har gått betrakteleg ned dei siste åra, og at nedgangen kan kome til å fortsetje. Inntektsnedgangen kjem, som representanten nok kjenner til, i all hovudsak av at omsetninga av dvd går ned og vert erstatta av elektronisk omsetning. Det har konsekvensar for økonomien til Film & Kino.

NFI forvaltar eit nasjonalt ansvar for kunnskap om filmarv og filmhistorie, som inneber at Cinemateket i Oslo, som er ein del av Norsk filminstitutt, har arbeidsoppgåver utover det dei andre cinemateka har. For å vere heilt konkret: Som følgje av NFI sitt ansvar som nasjonalt cinematek har dei eit aktivt samarbeid og ein rådgjevande funksjon overfor dei regionale cinemateka. Det er NFI som har myndigheit til å sertifisere cinematek i Noreg. Internasjonalt representerer NFI norsk cinematekverksemd gjennom medlemskap i FIAF, ein verdsomspennande interesseorganisasjon for cinematek og filmarkiv. NFI er òg medlem i ACE, den europeiske organisasjonen for cinematek. Det inneber at dei er kontaktleddet med internasjonale selskap om filmkopiar som vert henta frå utlandet, og at dei tilbyr delar av seriar til andre cinematek.

Det betyr at Cinemateket i Oslo har ei større administrativ oppgåve enn det ein del av dei andre cinemateka har, og dei har det òg på vegner av dei andre cinemateka i landet. Som Cinemateket-leiar Svein Inge Sæther i Trondheim sjølv uttalte til filmtidsskriftet Montages 5. desember 2012, er Norsk filminstitutt

«en viktig pådriver for de norske cinematekene, selv om de ikke lenger administrerer midler for andre enn Oslo-cinemateket».

I tillegg gjer sjølvsagt Cinemateket i Oslo ein del av dei same oppgåvene som dei andre cinemateka gjer.

Kulturdepartementet tek den økonomiske situasjonen til Film & Kino på alvor. Me ser no på alternativ når det gjeld finansiering av Norsk kino- og filmfond. Av dei aktuelle tiltaka me ser på, er om avgifta kan verte innretta annleis, eller om oppgåver som Film & Kino i dag har, bør verte finansierte på ein annan måte. Det vert òg vurdert om det kan verte tilført midlar i ein avgrensa periode, eller om oppgåver kan verte flytta tilbake til statsbudsjettet, slik som Kortfilmfestivalen i Grimstad i 2013. Den økonomiske situasjonen til cinemateka utanfor Oslo vil inngå i denne vurderinga.

Henning Warloe (H) [11:58:21]: Jeg tror jeg skal gå i motsatt rekkefølge av det statsråden gjorde, og begynne med det siste, nemlig hva som nå kan gjøres for de øvrige cinematekene. Det brenner utvilsomt et blått lys, heter det vel, for driften til flere av disse. Det har vel også vært cinemateknedleggelser i Norge – jeg har hørt at Lillehammer bl.a. har blitt nevnt den siste tiden.

Dette er åpenbart et ganske akutt problem. Den dårlige økonomien som følge av mindre avgiftsinntekter på grunn av nedgang i salget av dvd har jo også konsekvenser for filmfestivalene, som får halvert sin støtte. Da virker det kanskje litt puslete å si at man kan tilføre midler i en begrenset periode. Her må det åpenbart legges opp til en systemendring, og jeg ser at også styrelederen i Film & Kino sier at staten nå må ta sitt ansvar.

Statsråd Hadia Tajik [11:59:27]: Staten tek sitt ansvar med glede. Eg skisserte tre moglege løysingar på den vanskelege situasjonen som Film & Kino og dei som får sine midlar frå Film & Kino, no er i. Dei tre moglege løysingane er for det fyrste å endre avgiftsmodellen – det vil ha betydning for inntektene. Eg vil understreke at det har vist seg å vere ei utfordrande oppgåve, men me går inn i det med liv og lyst, og vil gjerne finne ein avgiftsmodell som ber over lengre tid.

Det andre moglege er å tilføre meir midlar i ein avgrensa periode for å avhjelpe situasjonen no som den er vorten meir prekær enn det ein opphavleg føresette.

Det tredje ein kan gjere, er å endre på dei oppgåvene som Film & Kino i dag har, og overføre noko av ansvaret f.eks. tilbake til statsbudsjettet, sånn som ein har gjort med Kortfilmfestivalen i Grimstad på eit tidlegare tidspunkt.

Eg tek ikkje stilling no til kva for løysing – ein eller fleire – me fell ned på, men eg ser alvorleg på situasjonen og vil gjerne finne ei løysing.

Henning Warloe (H) [12:00:36]: Det er vel det siste alternativet jeg oppfatter at bransjen føler er det eneste realistiske og bærekraftige, som styrelederen i Film & Kino også har påpekt.

Da vil jeg gå tilbake til dette som går på den åpenbare forskjellsbehandlingen som er, uansett hva historien måtte ha å si for det, mellom Oslo og Cinemateket i Oslo og filmtilbudet i Oslo gjennom Cinemateket og de øvrige byene. Det er altså slik at Cinemateket i Oslo ikke behøver å bekymre seg for den situasjonen som er berørt i dette spørsmålet, fordi de har sin fullfinansiering inne allerede. Jeg forstår det slik at Cinemateket i Oslo kan tilby skoleelever i Oslo skolevisninger uten at Oslo kommune behøver å betale for det, mens man i andre byer må betale fordi økonomien er betydelig strammere.

Er det slik at kulturministeren oppfatter at denne statusen som nasjonalt cinematek innebærer, setter dette cinemateket i en særstilling i forhold til publikum og det tilbudet de gir til publikum?

Statsråd Hadia Tajik [12:01:40]: Eg meiner at rolla som Cinemateket i Oslo har som ein del av Norsk filminstitutt, som eg òg gjorde greie for i det fyrste svaret, inneber at dei har ei anna administrativ byrde enn det dei andre cinemateka har, fordi dei har ein viktig pådrivarfunksjon og ei rolle som òg har betydning for dei andre cinemateka, som eg opplever at dei andre blant dei ulike cinemateka er einige i, og som dei òg gjev uttrykk for at Cinemateket i Oslo har som rolle.

Eg registrerer at representanten Warloe legg vekt på at det kan vere historiske grunnar til at det har vorte sånn, men eg meiner at dei historiske grunnane er sekundære. Det må vere realiteten som er det avgjerande, og realiteten er at Cinemateket i Oslo har ei anna administrativ oppgåve. Men når det er sagt, er eg oppteken av situasjonen til dei andre cinemateka. Eg tek som sagt deira situasjon alvorleg, og me ser nærmare på korleis me kan avhjelpe situasjonen som Film & Kino i dag er i.

Presidenten: Dermed er sak nr. 2 ferdigbehandla.

: