Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 10. april 2013 kl. 10

Dato:
President: Dag Terje Andersen
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 9

Henning Warloe (H) [12:01:03]: «Bergens Tidende har i en lengre artikkelserie avdekket det som synes å være en systematisk skjevfordeling av midler til likeverdige kulturinstitusjoner i favør av institusjoner i Oslo. Statsråden har så langt ikke villet svare på spørsmål fra avisen om denne saken, til tross for at temaet er prinsipielt viktig for forståelsen av den nasjonale kulturpolitikken.

Kan statsråden begrunne den forskjellsbehandling som er avdekket, særlig vedrørende nasjonale orkestre og teatre samt investeringer i museumsbygg?»

Statsråd Hadia Tajik [12:01:41]: Eg takkar for spørsmålet frå representanten Warloe. Eg er litt hås, men eg trur eg skal klare å gjere meg forstått.

Ulike tal viser ulike nyansar. Warloe og eg kan møtast på at diskusjonen omkring desse tinga er interessant, men eg trur ikkje me møtast på dei premissane som han går inn i denne debatten med.

Å fordele kulturmidlane etter ein modell der alle får like mange kroner per hovud, gir ikkje ein rettferdig eller likeverdig kulturpolitikk. Ei regjering må ta høgde for dei ulike behova som finst i heile landet. Dersom me skal slutte å vurdere lokale behov og begynne å tildele like mange kroner per hovud, uansett forhold – då har me avskaffa kulturpolitikken.

Samtidig er det slik at debatten som har gått, ikkje berre har handla om kroner per hovud. I den artikkelserien som Warloe viser til, samanliknar ein også driftstilskotet til ulike institusjonar i Bergen og Oslo. Det finst eksempel på institusjonar i Oslo som får meir enn institusjonar i Bergen. Omvendt finst det også tiltak i Bergen som får meir enn tiltak i Oslo.

Det er ikkje slik at alle teater, museum eller festivalar skal ha det same tilskotet frå staten fordi dei ligg på den same budsjettposten. Ein slik kulturpolitikk ville gitt lita moglegheit til å tilpasse virkemidlane etter behov. Alle institusjonar og alle tiltak er forskjellige, og dei må verte behandla individuelt. Det er ei ganske utbreidd oppfatning over heile verda at enkelte nasjonale funksjonar vert lagde til ein hovudstad.

Tilskota til dei enkelte musea, orkestera og teatera må vurderast heilt konkret. Det kan dreie seg om prosaiske, men nødvendige utgifter som husleige og pensjonar. Me set oss også inn i kva institusjonane ønskjer og treng, og me ser på kor godt dei forvaltar midlane. Me ser også på behova på kulturfeltet i ein heilskap.

Warloe grunngir spørsmålet sitt med at temaet er prinsipielt viktig for forståinga av den nasjonale kulturpolitikken. Det er eg einig i. Prinsippet kan ikkje vere like mange kroner per hovud alle stader, eller like store driftstilskot til institusjonar på same budsjettpost. Eg er sikker på at ingen, heller ikkje Bergen, ville vere tent med å sjå ein slik kulturpolitikk sett ut i praksis. Vår regjering vil at kulturmidlane skal kome heile landet til gode. Då må me balansere behova opp mot kvarandre på ein gjennomtenkt og nyansert måte.

Warloe antydar at eg ikkje har ønskt å ta denne debatten. Det kjem nok av ei mistolking. Det har vore viktig for meg å yte god service til Bergens Tidende innanfor dei fristane som avisa sjølv har sett for den artikkelserien som avisa har ønskt å føre. Eg synest det er supert at me har avisredaksjonar og kulturredaksjonar som prioriterer å stille detaljerte spørsmål om kulturpolitikk, og eg er oppteken av at dei skal få svar innanfor dei fristane som dei sjølve har sett. Det er grunnen til at statssekretæren har svart på vegner av meg. Men dei standpunkta som er vortne målborne, er jo dei same som mine, og eg har også delteke i denne debatten på andre arenaer enn i Bergens Tidende, og no dei siste dagane i Bergens Tidende.

Henning Warloe (H) [12:04:47]: Jeg takker statsråden for svaret. Jeg er klar over at hun de siste dagene har kommet på banen, og det er veldig positivt.

Jeg er helt enig med statsråden i at man ikke skal drive med millimeterrettferdighet eller fordele kroner helt likt. Men det er vel egentlig statsråden selv som har sagt at det motsatte, nemlig det å lage kvalitetskriterier slik at man faktisk kan få en objektiv, helhetlig vurdering av institusjoner og hva de presterer, er forferdelig vanskelig. Da er jeg veldig usikker på hva som er statens politikk på dette området.

Statsråden nevnte også at det var naturlig at nasjonale institusjoner legges til hovedstaden. Jeg er faktisk helt enig i det. Men det omvendte er veldig uheldig – hvis institusjoner som ligger i hovedstaden, blir regnet som nasjonale og dermed får en særskilt behandling utover objektive kvalitetskriterier, blir det altså skjevt. Her har staten altså gjort massive investeringer de siste årene og skal gjøre det fortsatt i hovedstaden, og man oppretter stadig nye såkalte nasjonale institusjoner som ligger til Oslo. Ser statsråden at dette skaper en stadig større skjevhet i denne balansen mellom hovedstaden og resten av landet?

Statsråd Hadia Tajik [12:05:56]: Representanten Warloe seier at han har inntrykk av at Kulturdepartementet ikkje er interessert i å utvikle kvalitetskriterium, eller at det er veldig vanskeleg. Det er viktig for meg å understreke at eg synest at det å ha gode kvalitetsindikatorar er eit viktig arbeid. Enger-utvalet, som eg sjølv har nedsett for å få kritiske innspel til korleis arbeidet vårt kan vere best mogleg for kulturlivet i heile landet, har også påpeikt at kvalitetsdiskusjonen må prioriterast framover. Det er også noko av bakteppet for at me allereie har teke initiativ til å begynne å utarbeide den typen vurderingar, bl.a. evaluerer me tre teater, ikkje berre Nationaltheatret, men også Sogn og Fjordane Teater og Rogaland Teater, med det formål å kunne utvikle kvalitetsindikatorar som det er oppslutning om generelt også i kulturfeltet. Men når me vurderer dei søknadene me får, vurderer me dei heilt konkret. Me vurderer dei på basis av rapporteringane deira om korleis pengane er brukte før, kva for ambisjonar dei har framover, ressursutnyttinga og publikumsarbeidet. Det er klart at summen av det seier også noko om kvaliteten på institusjonen.

Henning Warloe (H) [12:07:05]: Én ting er den statlige kulturpolitikken og vurderingen av hvordan de statlige midlene fordeles. En annen ting er den nasjonale kulturpolitikken – hvordan skal Norge utvikles som kulturnasjon? Norge er et lite land. To tredjedeler av alle de profesjonelle kunstnerne i Norge bor og arbeider i Oslo. Her er de store klassiske og tunge institusjonene, og her er altså tyngden av kultur i Norge. Jeg mener at det er viktig for Norge som kulturnasjon at det er et annet tyngdepunkt også et annet sted. Det kan man ikke få til hvor som helst, men i Norges eldste kulturby – hvis jeg får lov til å bruke det uttrykket – er det ambisjoner, og der er det altså tyngdepunkter som holder et relevant kvalitetsnivå i internasjonal sammenheng. Bergen har internasjonale ambisjoner som kulturby.

Vil statsråden legge opp til at dette kan bli en diskusjon i den nasjonale kulturpolitikken, og hvilken rolle skal en by som Bergen ha til beste for Norge, ikke bare til beste for Bergen?

Statsråd Hadia Tajik [12:08:09]: Svaret på det er ja. No utarbeider me det neste store kulturløftet, og som ein del av det arbeidet reiser eg rundt til absolutt alle fylka for å få innspel og vurderingar frå alle delar av kulturlivet på kva som skal vere elementa i det neste store kulturløftet. Eg kjem til Bergen den 23. mai. Eg reknar med å verte utfordra og få gode innspel frå Bergens kulturliv, og at dei har gode, vel funderte synspunkt på korleis Bergen som kulturby kan verte sett enda meir på kartet. Bergen er ein unik by på mange måtar. Bergen er også unik i den forstand at det er den einaste byen i Noreg utover hovudstaden som huser nasjonale institusjonar. Det seier også noko om Bergens kulturelle kraft, og den tunge historia som ein har i Bergen med satsing på ulike kulturområde, seier at Bergen har også eit stort potensial i framtida. Men det er også viktig for meg at me klarer å løfte alle delar av landet, slik at ulike delar av landet kan utfordre kvarandre. På den måten kan me også utvikle kvalitet i kulturen i alle delar av landet vårt.

Presidenten: Vi takker statsråden for at hun kom til Stortinget og prioriterte Stortinget selv om hun hadde hes stemme. God bedring!

Sak nr. 2 er dermed ferdigbehandlet.

: