Stortinget - Møte onsdag den 13. februar 2013 kl. 10
President: Dag Terje Andersen
Spørsmål 11
Trine Skei Grande (V) [12:18:10]: Jeg syns egentlig ikke noe om at presidenten karakteriserer spørsmål som like når de ikke er like. Dette er en prinsipiell tilnærming, sjøl om det er samme problemstilling.
«Statsråden har den senere tid fått flere spørsmål vedrørende etableringen av Postkodelotteriet i Norge. Organisasjonene bak lotteriet, som dekker viktige områder som humanitært arbeid, miljø og kultur, har alle det til felles at de ikke får direkte støtte via Norsk Tipping.
Ser statsråden den prinsipielle viktigheten av at også disse organisasjonene får muligheten til å øke sine inntekter gjennom spill og lotterier, og har statsråden en strategi for hvordan denne type organisasjoner også kan sikres gode vilkår for sin drift?»
Statsråd Hadia Tajik [12:18:55]: Eg viser til ordvekslinga eg nettopp hadde med Olemic Thommessen på delar av spørsmålet, men det er klart at det òg kan reise ein del andre problemstillingar.
Eg vil igjen understreke at det å sikre ei auking av ulike organisasjonars inntekter ikkje er eit hovudmål for den norske spelpolitikken. Målet er å avgrense problematisk speleåtferd og motverke kriminalitet. Det er omsyn som det var brei støtte om òg her på Stortinget då ein vedtok einerettsmodellen i 2003. Omsyna bak einerettsmodellen har sidan då òg vorte testa i rettssystemet, og vår pengespelpolitikk har vorte vurdert til å vere i samsvar med EØS-avtala.
Det følgjer likevel ganske tydeleg òg av EØS-retten at det å sikre inntekter til gode formål ikkje er eit omsyn som kan grunngje ein einerettsmodell. Dersom me godkjenner mange store nasjonale spel med dette som formål utanfor Norsk Tipping sitt etablerte system, risikerer me at dagens einerettsmodell på sikt ikkje lenger vil kunne verte forsvart. Det meiner eg vil vere svært uheldig med tanke hovudomsyna, nemleg å avgrense speleavhengigheit og motverke kriminalitet. Viss me vert tvinga til å sleppe private aktørar med eigne profittformål inn på den norske spelmarknaden, vil det òg kunne føre til at det totalt sett vert færre midlar til gode formål. Det er grunnen til at det er nødvendig å trå varsamt ved godkjenning av større landsomfattande lotteri utanfor Norsk Tipping. Per i dag har me berre godkjent eit større nasjonalt lotteri, og det er Pantelotteriet.
Eg forstår at organisasjonar som i dag ikkje har moglegheit til ta imot midlar frå Norsk Tipping sitt overskott, òg har behov for å sikre seg inntekter. Sjølv om me ønskjer å trå varsamt ved godkjenning av dei største nasjonale lotteria, er det mange organisasjonar som vil kunne sikre seg inntekter ved å arrangere mindre lotteri over ein kortare tidsperiode. Det kan dreie seg om alt frå små basarar til tradisjonelle lotteri og skrapelodd.
Frivillige organisasjonar kan òg verte sikra gode driftsvilkår på andre måtar enn gjennom spelpolitikken. Betre rammevilkår for frivillig sektor er ei sentral målsetjing for denne regjeringas frivilligheitspolitikk. Regjeringa si satsing på bl.a. momskompensasjonsordninga for frivillige organisasjonar er ei av dei største satsingane på frivillig sektor over statsbudsjettet nokosinne. I tillegg har me bl.a. styrkt Frifond-ordninga over statsbudsjettet, noko som bidreg til å sikre rammevilkåra for barne- og ungdomsorganisasjonane sine lokale lag og foreiningar.
Så vil eg igjen understreke at dei føreliggjande søknadene om etablering av spel utanfor tippenøkkelen ikkje har verte avslått av departementet. Dei er berre sett på vent inntil resultatet av utgreiinga om fordelinga av tippemidlar til organisasjonane ligg føre. Det ligg føre 15. april og vil verte følgt opp kort tid etter det. Eg ser derfor ikkje bort frå at det kan verte aktuelt å godkjenne søknader om sånne spel, viss ei vurdering av søknadene tilseier at det vil vere forsvarleg.
Trine Skei Grande (V) [12:22:09]: Det er nettopp det mitt spørsmål handler om, for alle de tingene som statsråden nå ramser opp, handler om bevilginger som regjeringa gjør via statsbudsjettet – alle muligheter man har for å øke inntektene, handler om regjeringas makt over frivillige organisasjoner.
Det jeg egentlig spurte om, er om statsråden har noen prinsipielle innvendinger knyttet til at all makt når det gjelder inntektene til frivilligheten, går via regjeringa. Det hadde kanskje vært sunt for NGO-Norge og for de frivillige aktivitetene i Norge at man hadde hatt andre inntektskilder, som frivilligheten kanskje kunne styre over sjøl, og at regjeringa ikke bestemte over alle kronene som går til frivilligheten på alle områder.
Statsråd Hadia Tajik [12:22:56]: Me har god kontakt med alle delar av det frivillige Noreg. Eg opplever at det er stor tilslutning om dei tiltaka me har brukt mykje pengar på. Det er stor begeistring for bl.a. momskompensasjonsordninga, at me har satsa så massivt at me no er oppe i 1 mrd. kr.
Når det gjeld å sjå på tippemidlar og inntekter gjennom lotteria – korleis det kan komme dei frivillige organisasjonane til del – er eg sjølvsagt oppteken av det. Det vil verte følgt opp i kjølvatnet av at me får utgreiinga, som Stortinget har bedt om å få, etter at ein bad oss om å evaluere ordninga etter fem år – altså så fort eg har fått den utgreiinga på bordet. Då vil jo utgreiinga si anbefaling ha betyding for kor raskt dette kan følgjast opp. Det er viktig for meg at dette vert følgt opp på ein måte som gjev gjenklang hos dei humanitære organisasjonane, sjølv om sjølvsagt ikkje alle forventningar alltid kan verte innfridde.
Trine Skei Grande (V) [12:24:04]: Vi har jo ikke egentlig et spillmonopol i Norge. Det er mange små spill rundt omkring i Norge – fra kakelotteri i 4H-klubben til når jeg selger lodd for Diabetesforbundet. Vi har, som statsråden har nevnt, også Pantelotteriet.
Det lotteriet som her er foreslått, og som er nevnt i min innledning, er et lotteri som Lotteritilsynet sier ikke medfører noen fare for spilleavhengighet, og da egentlig ikke faller inn under kategorien av de spill som Norsk Tipping bør ha monopol på – og de lover over 100 mill. kr i vinnerpremie, noe som virkelig kan trigge dem som har problemer med spilleavhengighet.
Så mitt spørsmål er: Hvorfor blir dette lotteriet behandlet så møysommelig når alle faginstansene til statsråden sier at dette ikke faller inn under kategorien: fare for spilleavhengighet? Hvorfor tar det da så lang tid?
Statsråd Hadia Tajik [12:25:08]: Representanten Skei Grande har rett i at Lotteritilsynet har vore tydeleg på at det ikkje er fare for speleavhengigheit knytt til Postkodelotteriet, som er lotteriet representanten spør om. Men den nye situasjonen er at ein er i gang med ei utgreiing – ei evaluering – av kva for kriterium ein skal leggje til grunn for fordeling av dei tippemidlane som går til humanitære organisasjonar. Det er verdifullt å sjå desse tinga i ein samanheng. Alle søknader er derfor sett på vent til dette er ferdigstilt. Men eg vil sjølvsagt komme tilbake til desse søknadene når me er i mål med dette arbeidet, sånn at me kan sjå dei i ein samanheng.
Så har representanten Skei Grande rett i at det er mange lotterimoglegheiter rundt om i heile landet, det har eg òg påpeikt i mine tidlegare svar i denne og i den førre ordvekslinga, men me har på nasjonalt plan i utgangspunktet berre Pantelotteriet utover Norsk Tipping. Det å lansere store, nye nasjonale spel vil vere ei vesentleg endring frå dagens situasjon og må vurderast grundig.
Presidenten: Da er sak nr. 2 ferdigbehandlet.