Stortinget - Møte onsdag den 13. februar 2013 kl. 10
President: Dag Terje Andersen
Spørsmål 10
Olemic Thommessen (H) [12:09:44]: Jeg vil gjerne stille følgende spørsmål til kulturministeren:
«Flere mulige lotterier, eksempelvis Postkodelotteriet, venter på driftstillatelse fra Kulturdepartementet. En rekke frivillige organisasjoner, ikke minst innenfor det humanitære området, har stort behov for å sikre sine inntekter. Mange av disse er direkte deltakende i, eller vil ha potensial for betydelige inntekter fra, disse lotteriene.
Hvordan forholder statsråden seg til utvikling av nye lotterier i Norge, og hvilken fremdrift kan forventes for behandlingen av de foreliggende søknadene?»
Statsråd Hadia Tajik [12:10:21]: Målet for pengespel- og lotterilovgjevinga i Noreg er først og fremst å avgrense problematisk speleåtferd og motverke kriminelle aktivitetar. Det at ein samtidig genererer inntekter til gode formål, er ein positiv biverknad av den pengespelmodellen me har valt i Noreg, men ikkje eit hovudmål.
Norsk Tipping har fått rolla som hovudforvaltar av spel i Noreg. Denne einerettsmodellen har me halde oss til i mange år, og den har òg hatt brei politisk støtte. Modellen er godt eigna til å avgrense problematisk speleåtferd ved at speleaktiviteten vert kanalisert til forsvarlege spel. Norsk Tipping er vidare underlagt statleg styring og kontroll, noko som eg meiner er vesentleg for å sikre at speleavhengigheit og kriminalitet vert motverka.
Me ser likevel at vår einerettsmodell er under stadig press, bl.a. frå utanlandske aktørar som gjerne vil komme inn på den norske marknaden. Me må derfor trå varsamt når det gjeld utviklinga av nye lotteri i Noreg, og vere sikre på at me ikkje utvatnar den modellen me ønskjer å behalde. Dette er betraktningar som eg har med meg når eg no skal vurdere kva for plass me kan gje til nye lotteri utanfor Norsk Tipping sitt etablerte system.
Eg ønskjer likevel å påpeike av sjølv om hovudomsyna bak pengespelpolitikken er å avgrense speleavhengigheit og kriminalitet, har det alltid vore ei nær kopling mellom den norske spelpolitikken og frivilligheita. Samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar fekk sin plass som mottakarar av tippeoverskotet då automatmonopolet vart innført. Organisasjonar med sånne formål skal motta midlar òg i framtida. I tillegg har me innført ei rekkje andre tiltak for å sikre gode vilkår for frivillig sektor. Grasrotordninga og auking av momskompensasjonsordninga er eksempel på dette.
Då Norsk Tippings einerett til speleautomatar vart innført, bad Stortinget om at ordninga på sikt vart evaluert. Som ein del av denne evalueringa har regjeringa vedtatt å bestille ei utgreiing om fordelinga av dei midlane frå tippenøkkelen som vert tildelte humanitære og samfunnsnyttige organisasjonar.
I dag er det berre dei organisasjonane som hadde inntekter frå spelautomatar i 2001, som mottar midlar. Midlane vert fordelte etter ein modell som baserer seg på kor store inntektene frå automatane var på det tidspunktet. Dette er kriterium som ikkje er haldbare på lang sikt.
Kriteria ekskluderer bl.a. dei organisasjonane som av prinsipielle grunnar ikkje ønskte å ha automatinntekter før i tida for å kunne motta midlar no. Eg ønskjer å finne andre kriterium for tildeling av desse midla, og denne prosessen er me no godt i gang med.
I forbindelse med evalueringa bestemte regjeringa at nye søknader om spel utanfor tippenøkkelen, inkludert søknaden frå Postkodelotteriet, vert sett på vent inntil me har utgreidd desse spørsmåla ferdig. Eg meiner at søknader om nye spel må sjåast i samanheng med den totale fordelinga av overskotsmidlar frå tippenøkkelen. Det vil derfor ikkje vere rimeleg å godkjenne søknader frå enkelte organisasjonar om nye spel utanfor tippenøkkelen, før me har fått det totale bildet av korleis fordelingane vil vere i framtida.
Utgreiinga eg har bestilt, vil vere meg i hende 15. april i år.
Olemic Thommessen (H) [12:13:39]: Det er jo helt riktig som statsråden peker på, at det er sosialpolitiske begrunnelser som er avgjørende i forhold til spill. Vi hadde også en rettssak der Norge måtte dokumentere at dette var den avgjørende politiske begrunnelsen for monopolet. Det har jeg forståelse for at man ønsker å beskytte, og det vil få Høyres støtte.
Imidlertid har vi sondret mellom spill og lotterier. Det gjorde vi også på det tidspunktet. Altså: Lotterier som åpenbart ikke har en spilleavhengighetsside, har jo vært vurdert, og i ett tilfelle også godkjent, som en del av inntektsgrunnlaget. Det forbauser meg at statsråden har en så ensidig tilnærming til denne problematikken. Jeg mener at innsatsen bør settes inn på å sondre mellom spilleavhengigdannende spill og lotterier. Det er det som på sikt vil beskytte monopolet. Hva er statsrådens resonnement rundt det?
Statsråd Hadia Tajik [12:14:47]: Resonnementet er at dei søknadene som er inne, lèt ein liggje fram til utgreiinga omkring kva for kriterium ein skal leggje til grunn for fordelinga av dei midla som går til humanitære organisasjonar, er i mål. Ho er i mål 15. april. Då vil eg få eit klårare bilde av korleis kriteria skal vere i framtida. Dei kriteria vil eg komme tilbake til Stortinget med.
Når det då er gjort, vil eg ta stilling til dei søknadene me har inne. Eg kan ikkje forskottere kva beslutninga mi vil vere når me kjem så langt, men eg ser ikkje bort frå at ein vil kunne få innfridd moglegheita til å delta med desse nye lotteria. I dag er det på nasjonalt plan vel eigentleg berre Pantelotteriet som ein har i tillegg, men eg vil understreke at det sjølvsagt er mogleg å ha lotteri, utloddingar og skraplodd i mindre skala. Det ser eg òg at det er humanitære organisasjonar og frivillige organisasjonar som benyttar seg av over heile landet.
Olemic Thommessen (H) [12:15:49]: Men da tolker jeg statsråden dit hen at det vil være et rom for lotterier utenfor Norsk Tipping, og at kriteriet for dem selvsagt da må være at de ikke har spilleavhengighetsdannende effekt. Det synes jeg er et greit og godt utgangspunkt.
Spørsmålet blir da: Hvorfor i all verden har man måttet vente så lenge på å arbeide med disse spørsmålene – altså dette med at man har 10H-grupperingen inne på tippenøkkelen? Det er vanskelig å se at det skulle være et selvstendig argument for å la ting ligge så lenge at man kommer i en kritisk sone med hensyn til i det hele tatt å holde seg innenfor forvaltningslovens regler. Fair Chance-lotteriet har altså ventet siden 2007. Dette drar farlig lenge ut. Jeg kan ikke skjønne annet enn at om man hadde hatt en vanlig saksbehandling på dette, og bakt kaken større – som man sier i frivilligheten – ville det også gjort diskusjonen om den potten på tippenøkkelen mye lettere å håndtere.
Jeg kan ikke se annet enn at det virker som om regjeringen har en vikarierende agenda som handler om at man ønsker å sluse mest mulig inn i Norsk Tipping.
Statsråd Hadia Tajik [12:16:57]: Eg er oppteken av å følgje opp det Stortinget ber meg om å følgje opp, og Stortinget bad departementet og regjeringa om å følgje opp og evaluere ordninga etter fem år. No har det gått fem år, og dermed er ein òg i gang med evalueringa og utgreiinga – som me då får i hende 15. april.
Eg meiner at det er naturleg at ein ser dei andre søknadene i samanheng med dette – at det har betydning for totalbildet. Det er det omsynet me her tek. Sjølvsagt er det viktig for regjeringa at einerettsmodellen til Norsk Tipping vert ivareteken. Me meiner at det å ha ein sunn spelekultur er viktig både med tanke på å motverke speleavhengigheit og å motverke kriminalitet. Samtidig ser me at det har den positive bieffekten at det òg kan gje overskot til humanitære organisasjonar. Det er vårt utgangspunkt i dei avvegingane me skal gjere når me tek endeleg stilling til dei søknadene me har inne. Eg ber om å verte trudd på det når eg seier det på den måten.
Presidenten: Da skal vi gjennom problemstillingen én gang til.
Vi går til spørsmål 11, fra Trine Skei Grande til kulturministeren.