Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 7. november 2012 kl. 10

Dato:
President: Dag Terje Andersen
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 11

Dagrun Eriksen (KrF) [12:14:20]: Jeg har også den glede å stille kulturministeren et spørsmål:

«Mange tros- og livssynssamfunn utenfor Den norske kirke er i sterk vekst. Tros- og livssynssamfunn har en viktig rolle som integreringsarena i det norske samfunnet. For å kunne utføre denne viktige samfunnsoppgaven er de avhengig av forutsigbare økonomiske rammer. Uforutsette økonomiske kutt vil kunne gjøre det vanskeligere å betjene medlemmene på en god måte.

Hvordan vil statsråden bidra til å sikre økonomisk forutsigbarhet for tros- og livssynssamfunn utenfor Den norske kirke?»

Statsråd Hadia Tajik [12:15:00]: Eg opplever at representanten Eriksen i mange samanhengar har vist engasjement for trus- og livssynssamfunna utanfor Den norska kyrkja og i Den norske kyrkja, og at dei skal ha gode og føreseielege økonomiske forhold. Det er eit engasjement som eg respekterer og deler.

Eg oppfattar at representanten knyter sitt spørsmål til endringane i utrekningsgrunnlaget for satsen til tilskot til trus- og livssynssamfunn på same måte som representanten Harberg, og at representanten Eriksen knytter ein del av spørsmålet sitt til trus- og livssynssamfunna som integreringsarenaer. Representanten Eriksen har rett i at ein del slike trus- og livssynssamfunn er svært gode integreringsarenaer. Men me kan ikkje sjå bort frå at ein del av dei òg er svært dårlege integreringsarenaer. Men utrekninga av tilskotet dei får, blir ikkje knytt til graden av integrering i samfunnet fordi formålet med det økonomiske tilskotet til trus- og livssynssamfunnet utanfor Den norske kyrkja, måten det blir rekna ut på, er ikkje integrering, men likebehandling av desse samfunna og Den norske kyrkja.

Så er det to omgrep representanten Eriksen brukar i sitt spørsmål, som eg trur det er naturleg å knyte nokre merknader til. Det eine omgrepet er «uforutsette» i formuleringa «uforutsette økonomiske kutt», og det andre er ordet «kutt». Me kan begynne med det første. Endringane i berekningsgrunnlaget for satsane til trus- og livssynssamfunna er etter mitt skjønn ikkje uføreseielege, fordi dei vart melde i statsbudsjettet for 2011 og statsbudsjettet for 2012, og fordi det i statsbudsjettet for 2013 er meldt at dei vil gjere seg gjeldande frå 2013.

Så er spørsmålet om endringane medfører kutt for trus- og livssynssamfunna utanfor Den norske kyrkja. Det som er viktig, er jo at det vil vere fleire personar som inngår i utrekningsgrunnlaget for tilskotssatsen fordi ein reknar med fleire i Den norske kyrkja. Men så fremt den totale kaka som vert fordelt, òg er større, betyr ikkje denne endringa nødvendigvis ein nedgang i tilskotet til trus- og livssynssamfunna. Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet har foreslått at statens løyvingar til Den norske kyrkja i 2013 vert auka, og det har følgjeleg òg Kulturdepartementet foreslått for statstilskotet til trus- og livssynssamfunna utanfor Den norske kyrkja. Det er ein auke på meir enn 20 mill. kr i forhold til saldert budsjett i 2012.

Så held eg gjerne kontakten med trus- og livssynssamfunna fram til me landar ein fornuftig berekningsmodell for talet på utvandra medlemmer av Den norske kyrkja med norsk statsborgarskap, sånn at han kan vere mest mogleg presis og rimeleg.

Dagrun Eriksen (KrF) [12:17:50]: Jeg tror det er riktig at begrepet «kutt» er upresist, for på grunn av trosopplæringsreformen har man fått et større tilskudd enn man hadde før. Det som jeg tror er utfordringen i denne saken, er: Ta et eksempel som Den katolsk kirke, som på grunn av medlemsstrukturen som Den katolske kirke har, betjener mange flere medlemmer enn det de faktisk får tilskudd til. De har også et behov for trosopplæring, og i deres trosopplæringsmidler er denne endrede beregningsmodellen gitt et reelt kutt i forhold til det man kunne forvente sammenlignet med det Den norske kirke får.

Da har jeg lyst til å utfordre statsråden: I og med at jeg har tenkt at dette ikke handler om beregningsmodeller, men det handler om f.eks. situasjonen til den katolske kirke som har så mange flere medlemmer som de faktisk betjener, enn det de får tilskudd til, hvordan kan vi få dem til å få en anerkjennelse?

Statsråd Hadia Tajik [12:19:07]: Eg er einig med representanten Eriksen i at i alle fall diskusjonen som dette har skapt, fører med seg nokre utfordringar. Eg vil understreke at når det gjeld trus- og livssynssamfunna utanfor Den norske kyrkja, har ein heile tida rekna med talet på utvandrarar med norsk statsborgarskap, sånn at det har vore ein del av berekninga av totaltilskotet som det enkelte trus- og livssynssamfunn skal få.

Så handlar endringane som me har lagt opp til i statsbudsjettet for 2013, utelukkande om korleis ein reknar talet på medlemmer frå Den norske kyrkja som grunnlag for satsen for trus- og livssynssamfunna utanfor Den norske kyrkja – at det skal vere i tråd med både lover og regelverk og i samsvar med måten ein bereknar det på for trus- og livssynssamfunna i dag.

Dagrun Eriksen (KrF) [12:19:58]: Jeg tror mange hadde forstått dette bedre hvis regjeringen hadde vært villig til å gi økte bevilgninger til Den norske kirke for de faktiske medlemmene som kommer inn – da hadde vi kommet utenom dette.

Men la meg trekke dette tilbake til trosopplæringsreformen som Den norske kirke har, og som det er en annen statsråd som på et vis har ansvaret for. Den har betydd veldig mye for Den norske kirke. Vi møter veldig mange ganger utfordringer fra det ansvarsområdet som denne statsråden har, fra andre tros- og livssynssamfunn, på grunn av at bevilgningene til dette blir for små. Det er i den sammenheng jeg synes dette beregningsgrunnlaget gir en ekstra belastning for andre tros- og livssynssamfunn, som også har et behov for en opplæring av sine medlemmer i sin lære og sin tro. Min utfordring til statsråden, som har ansvaret for denne gruppen – ikke for trosopplæringen i Den norske kirke, er: Hvordan kan vi klare å la også disse få en bevilgning som er på et nivå som gjør at de får lært opp sine medlemmer i sin tro?

Statsråd Hadia Tajik [12:20:59]: No er det tilskotet som ein gjev til trus- og livssynssamfunna utanfor Den norske kyrkja – som representanten Eriksen òg påpeiker – knytte til løyvingane til Den norske kyrkja og talet på medlemmer der. Det inneber då at ein ikkje gjev – kva skal eg seie – tilleggstilskot eller andre tilskot til det same føremålet, men at ein legg til grunn den berekningsmodellen. Så er det jo ein ærleg sak om ein ønskjer å endre gjeldande lovar og regelverk, om ein ønskjer å gi ytterlegare finansiering til ulike trus- og livssynssamfunn. Men dette er altså den berekningsmodellen som ein har lagt til grunn til no, og som ein meiner gjev ein rimeleg likebehandling mellom Den norske kyrkja og trus- og livssynssamfunna utanfor Den norske kyrkja.

Presidenten: Dermed er sak nr. 2 ferdigbehandlet.

: