Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 7. november 2012 kl. 10

Dato:
President: Dag Terje Andersen
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 10

Svein Harberg (H) [12:06:41]: Jeg vil innledningsvis bare kommentere at det er to forskjellige spørsmål om samme sak, men veldig forskjellige spørsmål. Det var det ene.

Det andre var at det er både hyggelig og spennende å møte statsråden i en for oss ny posisjon. Vi har vært sammen i komité, og jeg ser fram til samarbeid om livssynssaker.

Da har jeg følgende spørsmål til kulturministeren:

«Endring i telling av medlemmer i Den norske kirke, og dermed endret beregningsgrunnlag for tilskudd til andre trossamfunn, har gjort at de andre trossamfunnene har fått varsel om reduksjon i sine tilskudd for 2013. Samtidig har Den norske kirke fått økning i sine tilskudd. Kuttene til andre trossamfunn er ikke omtalt i noen saksdokumenter, og det er rimelig å anta at konsekvensen var utilsiktet.

Hvordan vil statsråden nå rette opp i denne urimelige forskjellsbehandlingen?»

Statsråd Hadia Tajik [12:07:36]: Eg opplever at representanten Harberg har eit engasjement for at trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja skal ha gode og føreseielege økonomiske forhold, og det er eit engasjement som eg deler.

Eg oppfattar at representanten knyter sitt spørsmål til endringane i berekningsgrunnlaget for satsen til tilskot til trus- og livssynssamfunn, som eg registrerer har vore eit diskusjonstema mange stader. Det er ikkje riktig at det ikkje er omtala i noko saksdokument – det vart meldt i statsbudsjettet for 2011 og i statsbudsjettet for 2012 at endringane ville kome, og så har me i statsbudsjettet for 2013 meldt at for 2013 vil endringane gjere seg gjeldande. Med andre ord har endringane vore melde i god tid. Me har òg teke opp saka i møte med Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn, som har vorte bedt om å kome med innspel.

Så er spørsmålet om endringane er urimelege. Tilskotsordningane for trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja er rettigheitsbaserte, og dei er lovfesta i lov om trudomssamfunn og ymist anna og i lov om tilskot til livssynssamfunn. Satsen på tilskot vert berekna ut frå statens utgifter til Den norske kyrkja og talet på medlemer i Den norske kyrkja. Av kyrkjelovas § 3-1 framgår det at òg utvandra norske statsborgarar kan vere medlemer i Den norske kyrkja, og følgjeleg òg er ein del av berekningsgrunnlaget til tilskotssatsen for trus- og livssynssamfunna utanfor Den norske kyrkja.

Heile tida har utvandra medlemer med norsk statsborgarskap i trus- og livssynssamfunna utanfor Den norske kyrkja vore rekna med når tilskotet har vore tildelt dei, men utvandra medlemer med norsk statsborgarskap i Den norske kyrkja har av ulike grunnar ikkje vore rekna med når satsen har vore fastsett. Det burde dei av likebehandlingsomsyn ha vore.

Det betyr at eg ikkje er einig med representanten i at denne likebehandlinga av Den norske kyrkja og dei andre trus- og livssynssamfunna er å rekne som urimeleg forskjellsbehandling. Trus- og livssynssamfunna skal ha gode vilkår. Deira statstilskot vert berekna ut frå tre moment: Det første er statens budsjetterte utgifter til Den norske kyrkja, det andre er talet på medlemmer i Den norske kyrkja, og det tredje er talet på medlemmer i det enkelte trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja.

Det betyr at når staten aukar sine budsjetterte utgifter til Den norske kyrkja, sånn som representanten Harberg påpeiker i spørsmålet sitt, kjem det dei andre trus- og livssynssamfunna til gode.

Eg gjer merksam på at Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet, som foreslår kyrkjebudsjettet, har foreslått ein auke, og det har følgjeleg òg Kulturdepartementet. I statsbudsjettet for 2013 er det sett av ca. 230 mill. kr i tilskot til trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja. Det er ein auke på meir enn 20 mill. kr i forhold til saldert budsjett for 2012.

Svein Harberg (H) [12:10:40]: Jeg takker statsråden for svaret. Det er riktig at ny tellemåte har vært omtalt, men konsekvensene, at det påvirker negativt de andre trossamfunnene, har ikke vært omtalt – det er ikke alt en får plass til på syv linjer i et spørsmål i spørretimen – så det er helt riktig. Det er også riktig at det er utgangspunktet som er blitt redusert, nemlig at det er andre tall som ligger til grunn.

Mitt spørsmål gikk nærmest på om dette var en bevisst sak – altså at den nye tellingen ville redusere overføringene til de andre, altså grunnlaget for overføringene til de andre. I så tilfelle er det i hvert fall åpenbart at de andre trossamfunnene ikke har fanget opp det, og ble veldig overrasket da de til sammen fikk varsel om nærmere 6 mill. kr i kutt i forhold til det som hadde vært før. Det er underlig hvis dette skulle være et bevisst innsparingstiltak på sektoren.

Statsråd Hadia Tajik [12:11:40]: Eg skjønar at det spørsmålet vart stilt på den måten, for det har jo vore utgangspunktet for den offentlege diskusjonen. Eg kan vere så tydeleg som å seie at det ikkje er tilsikta som eit budsjettinnsparingstiltak. Eg trur òg at det er for tidleg å konkludere om korleis det vil påverke trus- og livssynssamfunna, for korleis det påverkar dei, avheng av korleis ein til slutt bereknar talet på utvandra med norsk statsborgarskap. Korleis ein bereknar det, har òg vore gjenstand for diskusjon. Det er ein diskusjon som eg har forståing for, fordi det har vore vektige argument for ulike måtar å berekne talet på ein presis måte på. Eg vil arbeide for at ein reknar ut det talet på ein mest mogleg presis måte, sånn at dei konsekvensane det får, er rettferdige og rimelege.

Svein Harberg (H) [12:12:35]: Takk igjen for tydelige svar. Det siste spørsmålet mitt går egentlig på akkurat det med beregning, for her har det kommet en ny tellemåte som er beregnet, som ikke påvirker overføringene til Kirken, men som påvirker overføringene til andre. Da synes jeg nok, når jeg leser papirene og leser bakgrunnen, at det virker noe usikkert med disse beregningstallene. Kunne statsråden gjøre noe for å ordne opp i det? Det er klart at det ligger en kime til uenighet i usikre beregninger på dette. Her bør en vel få på plass trygge og gode ordninger for telling.

Statsråd Hadia Tajik [12:13:14]: Eg er einig i at me treng trygge, gode berekningsmåtar for dette, og eg vil arbeide for at ein får akkurat det. Så får me konkludere på kva konsekvensar det får for trus- og livssynssamfunna når me har berekningsmodellen endeleg konkludert på plass. Som sagt har eg i alle fall forståing for ein del av innvendingane som er reiste mot han. Berre for å seie det kort: Ein reknar talet på utvandra med norsk statsborgarskap sånn at ein tek talet og trekkjer frå prosentvis utanlandske statsborgarar og prosentvis talet på personar over 80 år. Det har vore vektige argument for å berekne det på andre måtar, og eg vil gjerne at det skal vere så eksakt som mogleg.

: