Stortinget - Møte onsdag den 2. mai 2012 kl. 10
President: Dag Terje Andersen
Spørsmål 11
Arne Sortevik (FrP) [12:18:38]: «Regjeringens klimamelding omtaler transportsektoren. Målet er at veksten i persontransporten i storbyene skal tas med kollektivtransport. Regjeringen sier også at den vil styrke jernbanens rolle i transportsystemet, at investeringene i jernbane skal økes særlig i de største byene, og at knutepunktstrategi er viktig. Men i Bergen står jernbaneutvikling og jernbaneutbygging i stampe.
Hva vil statsråden gjøre for å styrke jernbanebasert person- og godstransport i Bergen og Bergensregionen?»
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [12:19:14]: Det er venta ein betydeleg befolkningsvekst i Noreg dei neste tiåra, særleg i dei største byane. Denne veksten gjev auka transportbehov. Regjeringa har som ambisjon å få til eit lyft for miljøvenleg transport framover. Som varsla i Meld. St. 21 for 2011–2012 Norsk klimapolitikk er målet at veksten i persontransporten i storbyområda skal takast med kollektivtransport, sykkel og gange. For å få til ei slik utvikling må det satsast meir både på jernbanen og på kollektivtransport elles.
Arna–Bergen er Europas tettast trafikkerte enkeltspora jernbanestrekning. Det er rett og slett ikkje mogleg å setja inn fleire tog, sjølv om etterspørselen er der. Ved å utvida til to spor vil det vera mogleg å køyra tog kvart kvarter per retning mot halvtimesruter i dag. Dette vil gjera toget endå meir konkurransedyktig, og fleire vil kunna velja toget framfor bilen. Det vil bli gjennomført ekstern kvalitetssikring, såkalla KS2, for prosjektet Ulriken tunnel i 2012.
Konseptvalutgreiinga for transportsystemet i bergensområdet, «Kjuagutt og stril – mindre bil», er no til kvalitetssikring, KS1. I KVU-en er det gjort ei samla vurdering av transportutfordringane i Bergensregionen. I tillegg har eg nyleg gjeve transportetatane i oppdrag å utarbeida ei eiga konseptutvalutgreiing for strekninga Voss–Arna, som skal sjå på behov for utvikling i både veg- og jernbanestrukturen på strekninga. Jernbaneverket har òg føreslått at det blir sett i gang eit arbeid med KVU for ny godsterminal i bergensområdet.
Eg må få lov til å koma nærmare tilbake til dei konkrete utbyggingsplanane for jernbanen i bergensområdet i statsbudsjettet for 2013 og i stortingsmeldinga om Nasjonal transportplan for 2014–2023, den stortingsmeldinga som blir lagd fram våren 2013.
Arne Sortevik (FrP) [12:21:29]: Svaret var overraskende nok akkurat som forventet.
Jeg har stilt mange spørsmål til statsråden om jernbaneutviklingen i Bergen og Bergensregionen. Det er nødvendig, fordi nødvendig styring fra regjeringen ser ut til å være mangelvare. Jernbaneutvikling i Bergen og Bergensregionen vil kunne gi den effekten som både en ny NTP, Nasjonal transportplan, og klimameldingen legger opp til. Men det krever jo en del styring.
Dobbeltsporet jernbane gjennom Ulriken og lokaltog til Arna er en forsvinnende liten del av kollektivtrafikken i Bergen, hvor hoveddelen går på veinettet. Jernbaneverkets planer om å bruke 600 mill. kr for å utvide jernbaneterminalen midt i Bergen sentrum, mens etaten angivelig leter etter en ny terminallokalisering utenfor sentrum, virker uklok og i strid med sentrale målsettinger. Vil statsråden ta styringsansvar for dette prosjektet?
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [12:22:30]: Forslaget om KVU for godsterminal i bergensområdet vil bli vurdert i NTP-samanheng. Det er der det høyrer heime.
Så lat meg òg understreka for representanten Sortevik at i departementet har vi etablert eit eige kollektivprosjekt som skal utarbeida ein nasjonal politikk for det statlege arbeidet med kollektivtransport. Det er i erkjenning av at kollektivtransport er langt meir enn jernbane, sjølv om jernbane er viktig. Her skal det vurderast både tiltak og verkemiddel – dei som er best eigna for å møta utfordringane innan kollektivtransporten, og korleis vi skal handtera dei på tvers av forvaltingsnivå mellom ulike typar kollektivtransportmiddel, og mellom by og land – og der får Bergen sin rettmessige store plass.
Arne Sortevik (FrP) [12:23:38]: Det gjenstår å se. Det er iallfall slik at skal den nåværende terminalen utvides til en prislapp på 600 mill. kr, er faren – basert på erfaring – åpenbart den at nyinvestering utsettes på ubestemt tid, iallfall kraftig i tid. Foreløpig målsetting for å få en ny terminal på plass, etter de signalene som er kommet nå, er altså 2025. Behovet er jo en langt hurtigere løsning enn dette.
Poenget er at når Jernbaneverket leter etter ny terminal, ligger noen av de gode løsningene nær dagens flyplass, nær opp mot en mulig ny havnelokalisering, slik at nye spor for godstransport også kan bli nye fellesspor for persontransport. Men dette krever samordning, styring, sentralt fra regjeringen og fra Samferdselsdepartementet. Og igjen etterlyser jeg initiativ fra statsråden til å ta styringsansvar for jernbaneutviklingen i bergensområdet.
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [12:24:46]: Spørsmålet om ein ny jernbaneterminal – eller knutepunkt – i bergensområdet har Arne Sortevik og eg i fleire omgangar tidlegare utveksla meiningar om. For vår del må vi nok følgja dei formelle prosedyrane som er, inklusiv at dette er eit tema som skal vurderast i NTP-samanheng, som vi skal få inn lokale synspunkt på.
Det som representanten Sortevik seier, understrekar at det er behov for ei avklaring. Det er òg behov for å samordna synspunkt, for det vil eg gje Sortevik rett i, at så lenge ein berre møter med ulike synspunkt, er det krevjande å koma vidare.