Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 25. april 2012 kl. 10

Dato:
President: Dag Terje Andersen
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 6

Øyvind Halleraker (H) [11:29:29]: «En rapport som nylig er utarbeidet for Bergensalliansen, viser at innbyggere i Region Vest har klart høyere egenbetaling per innbygger i veiprosjekt enn resten av landet. Tar man utgangspunkt i etatsforslaget som nå er lagt fram, forsterkes denne realiteten. Mest dramatisk blir forskjellen om et 45 pst. påslag i Nasjonal transportplan-rammen skulle bli aktuelt, med 52 pst. i Region Vest og 37 pst. i andre regioner.

Vil statsråden foreta seg noe i sitt arbeid med Nasjonal transportplan for å rette opp denne skjevfordelingen?»

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:30:08]: Eg merka meg at representanten Halleraker er oppteken av den geografiske fordelinga i neste Nasjonal transportplan. Det er eg òg.

Denne regjeringa har eit tydeleg mål om at vi skal tilby eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvennleg transportsystem som dekkjer samfunnet sitt behov for transport og fremjar regional utvikling. Eg trur representanten Halleraker er samd med meg i at det er eit godt mål.

Det forslaget som representanten syner til, er jo nettopp eit forslag frå etatane og Avinor til Samferdselsdepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet. Det er såleis eit grunnlag for det arbeidet som no er i full gang i dei to departementa. Eg har sagt det før, og eg kan gjenta det her: Den endelege planen som blir lagd fram for Stortinget, vil bli annleis enn dette forslaget.

Forslaget frå etatane og Avinor er jo heller ikkje berre eitt forslag. Forslaget inneheld tiltak og prioriteringar innanfor fire ulike rammenivå. Dette skal gje oss grunnlag både for endeleg rammefordeling og for omfordeling mellom sektorar og regionar. Halleraker tek her for seg berre det eine alternativet, det høgste, og plukkar ut berre éin region. I forslaget er det mykje å velja mellom, og med andre rammenivå blir naturleg nok fordelinga ei anna. Det er nettopp slike spørsmål vi no arbeider med å få klarlagt. Eg må også få minna om at dei tala som står i forslaget om bompengar, naturleg nok berre er eit anslag.

Når det gjeld bompengedel, som Halleraker også stiller spørsmål ved – lat meg berre understreka at bompengar blir nytta for det fyrste der det er lokale og regionale initiativ om dette, og for det andre der det blir lokal og regional semje om dette. Deretter er det handsaming i departementet og i regjeringa før vi eventuelt legg ei sak fram for Stortinget. Desse eigenbetalingane skal altså handsamast lokalt og regionalt før dei endeleg blir avgjorde i denne sal. Vi kan ikkje, og vi vil ikkje, styra desse lokale initiativa frå Oslo.

I neste Nasjonal transportplan skal vi ha ei god regional fordeling. Ja, eg har til og med sagt at eg har ein ambisjon om at vi skal ha ei enda betre fordeling enn i inneverande Nasjonal transportplan. Det håpar eg òg blir resultatet når Halleraker og dei andre i denne salen har ferdigbehandla Nasjonal transportplan til neste år.

Øyvind Halleraker (H) [11:32:48]: Jeg takker for svaret.

Jeg har lyst til å gå litt videre på resonnementet rundt dette når det gjelder lønnsomhetsstrategien som også er lansert i NTP-forslaget, nemlig at man ønsker å oppnå høyest mulig samfunnsnytte for de investerte kronene. En investeringsramme på 49 mrd. vil gi en netto nytte på 37 mrd. Da er det faktisk slik at av 47 pst. av denne nettonytten totalt sett for landet kommer 37 mill. fra Hordfast og Rogfast, som er to svært viktige prosjekt på E39 på Vestlandet.

Vil ikke dette da bety at E39, og særlig Rogfast og Hordfast, må få en høy prioritet i statsrådens NTP-forslag? Kan vi forvente at det skjer når hun legger fram sitt forslag, og er like tydelig som hun var på Intercity-satsing tidligere i dag?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:33:55]: Intercity, frå tidlegare i dag, vart følgt opp i ei stortingsmelding som er lagd fram for Stortinget. Det var etatane sitt forslag òg med Intercity. Eg har understreka at eg vil ha tidfesting, og er veldig glad for at regjeringa har slutta seg til det no.

Når det gjeld Hordfast, Rogfast og ferjefri E39, er eg òg svært nøgd med at vi der har sett i gang eit arbeid som går langs heile leia, der vi har fått nokre avklaringar så langt, der vi kjem til å få nokon i løpet av 2012. Det eg kan seia om det i dag, er at både Rogfast og Hordfast er svært viktige prosjekt og har gode tal for lønnsemd. Endeleg når og korleis må eg få koma tilbake til i neste Nasjonal transportplan. Rogfast ligg jo inne i den.

Øyvind Halleraker (H) [11:35:03]: Jeg takker for svaret.

La oss fortsette litt med NTP og klimameldingen siden det er blitt aktuelt i dag. Her flagges det jo stor satsing på jernbane, og særlig Intercitytriangelet her på Østlandet. Det er veldig bra. Min tilhørighet til Hordaland vil jeg også nevne, der er det jo tatt initiativ fra næringslivet om en Intercity-strekning Stavanger–Bergen.

Men betyr denne store satsingen at veisektoren vil få mindre? Og i så fall, vil ikke dette da bety at egenbetalingsandelen – altså bompengeandelen – for landsdeler som ikke nyter godt av denne store jernbanesatsningen, vil bli enda mer skjevfordelt? Da er vi tilbake til hovedspørsmålet.

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:35:56]: Takk for høvet til å seia for det fyrste at i dagens NTP, altså i denne fireårsperioden, ligg Eiganestunellen – som er ein viktig del, ei viktig påbyrjing på ferjefri E39 – klar. Det ligg midlar inne der, og det er òg slik at dei er i gang med å førebu Rogfast.

For det andre: Intercity – varsla i klimameldinga og tidfesting i dag, og utbygging av jernbane i dei andre storbyområda.

For det tredje: Ei satsing på jernbane skal ikkje gå ut over vegsatsinga. Den fordelinga som ligg mellom bane og veg i dagens NTP, skal òg liggja til grunn framover.

: