Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 28. mars 2012 kl. 10

Dato:
President: Dag Terje Andersen
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 6

Jan-Henrik Fredriksen (FrP) [11:41:52]: Aller først har jeg lyst til å takke statsråden for en hyggelig middag i går! Så til politikken:

«Vinterstengte veier grunnet dårlig vær er noe vi kan oppleve i nesten hele Norge. Også i Finnmark kan dette til tider være en stor utfordring. Ofte opplever trafikanter at når de kommer til bomstasjoner som ved Leirbotnvann ved E6 over Sennalandet, er det svært mangelfull informasjon.

Er det mulig å få på plass en informasjonstjeneste på flere språk ved bommene, slik at trafikantene får opplysninger om eventuell kolonne, kolonnetider, hvor lenge veien blir stengt, og når det er forventet åpen ferdsel?»

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:42:39]: Statens vegvesen informerer om stengingar og kolonnekøyring i form av vegmeldingar som blir distribuerte via Internett, internettløysing tilrettelagd for mobiltelefonar, automatisk og manuell svarteneste på telefonnummer 175 og radio. I tillegg blir det gjeve informasjon via permanente og variable skilt og frå brøytemannskap på dei aktuelle strekningane.

Vegmeldingane inneheld opplysningar om kor lenge vegen blir stengd, når han kan ventast opna, og om informasjonen er tilgjengeleg og kan gjevast med rimeleg grad av tryggleik.

Statens vegvesen er i ferd med å leggja vegmeldingane, som i dag berre er tilgjengelege på norsk, til rette slik at desse kan distribuerast via ulike tenester og navigasjonssystem på ynskt språk.

Informasjon om faste kolonnetider i Finnmark finst tilgjengeleg på vegvesen.no.

Statens vegvesen er klar over at informasjonen til dei som har kome fram til bommane, kan forbetrast, og vurderer difor fleire tiltak. Mellom anna blir det vurdert å leggja ut oppdatert informasjon om avgangstid for neste kolonne, som er tilgjengeleg via mobiltelefonar på 175.no, og sms-varsling til bilistar med oppdatert informasjon om avgangstider for kolonnar basert på eit system med abonnement.

Det blir òg vurdert å etablera elektroniske skilt ved bommane. Slik kan ein visa neste avgangstid. Det blir òg vurdert utvida bruk av bomvakter på fleire høgfjellsovergangar i periodar der trafikkmengd og vêrforhold kan medføra lange ventetider.

Når ein skal vurdera slike nye tiltak, må ein finna høveleg organisering for å skaffa fram informasjonen og sjå på kostnader og nytte for trafikantane på dei ulike vêrutsette strekningane.

For då å svara kort på spørsmålet, eller gje ei oppsummering: Her skjer stadig forbetringar. Det er òg nyttig med dei påpeikingane som Fredriksen her kjem med.

Jan-Henrik Fredriksen (FrP) [11:45:25]: Jeg takker for svaret.

For tre ukers tid siden var jeg på en samferdselsbefaring i Alta-regionen. Vi hadde mange folkemøter. Det som kom fram på hvert eneste folkemøte, var nettopp behovet for informasjon ved bommen. Man opplever en situasjon der det står mange hundre meter med biler. Det er ingen opplysninger om kolonnetid, når den eventuelt starter, og når det er åpen, fri ferdsel. Folk blir stående der.

Det kan vel ikke være meningen at hver eneste person i en sånn kolonne skal ringe 175. Vi vet også – med hensyn til turisme – at vinterturisme i Finnmark er blitt en satsing. Det ville være veldig fint om turistene også kunne få opplysninger på flere språk.

Jeg håper at statsråden er like utålmodig i denne saken som hun hevder å være i andre.

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:46:36]: Eg kan bekrefta at eg er utolmodig – òg på dette feltet – at eg ynskjer ei forbetring, og at eg er glad for dei tiltaka som allereie er gjennomførte, og dei som no blir vurderte.

Så er det slik at dersom det står fleire hundre bilar – dersom eg forstod det rett – eller fleire hundre meter med bilar i kolonne, er det krevjande å nå fram med informasjon til alle. I slike tilfelle kan jo telefon vera eit alternativ.

Men eg tek med meg alt Fredriksen her har sagt, nettopp fordi eg er oppteken av forbetring – òg forbetring når det gjeld språk – og er glad for dei vurderingane dei gjer der akkurat no.

Jan-Henrik Fredriksen (FrP) [11:47:42]: Det som er det spesielle med denne veien, er at den er det eneste sambandet mellom Alta og Hammerfest. Hammerfest er faktisk det stedet vårt sykehus i vestfylket ligger. Så lenge man ikke har fått på plass en kystriksvei, er dette den eneste forbindelsen man har mellom de to byene.

Det er klart at det burde ikke – slik jeg ser det – være en veldig stor teknologisk utfordring å få på plass en informasjonstjeneste som tilfredsstiller befolkningens behov i dagens situasjon. Man opplever at mange, mange bilister står i kø uten å vite om det går en kolonne, når kolonnen går, eller når veien eventuelt åpner. Det er ganske uholdbart, for stengte veier kan være hverdagen i Finnmark.

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:48:51]: Lat meg understreka: Eg har den største forståinga for alle bilførarar som blir ståande i kø på grunn av dårleg vêr, særleg når ein ikkje veit kva som skjer vidare. Informasjon om faste kolonnetider finst tilgjengeleg på vegvesenet sine nettsider. Statens vegvesen er i ferd med å leggja ut vegmeldingane, slik at dei kan distribuerast på ynskt språk, og dei er elles opptekne av å forbetra informasjonen til dei som er komne så langt som til bommane. Eg ser gjerne på forslag utover det som er nemnt så langt frå representanten Fredriksen.

: