Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte tirsdag den 13. desember 2011 kl. 10

Dato:
President: Marit Nybakk

Dokumenter: 

Sak nr. 3 [10:02:12]

Innstilling fra utenriks- og forsvarskomiteen om svalbardbudsjettet 2012

Talere

Votering i sak nr. 3

Votering i sak nr. 3

Komiteen hadde innstilt:

I

På statsbudsjettet for 2012 bevilges under:

Utgifter
1Svalbard kyrkje
1Driftsutgifter4 100 0004 100 000
2Tilskot til kulturelle formål m.m.
70Tilskot til velferdsarbeid på Svalbard960 000960 000
3Tilskot til Longyearbyen lokalstyre
70Tilskot til Longyearbyen lokalstyre126 681 000126 681 000
4Tilskot til Svalbard museum
70Tilskot til Svalbard museum10 200 00010 200 000
5Sysselmannen (jf. kap. 3005)
1Driftsutgifter34 844 00034 844 000
6Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 3006)
1Driftsutgifter78 500 00078 500 000
7Tilfeldige utgifter
1Driftsutgifter4 000 0004 000 000
9Kulturminnetiltak
1Driftsutgifter2 162 0002 162 000
11Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard
1Driftsutgifter1 460 0001 460 000
17Refusjon til Norsk Polarinstitutt
50Refusjon3 040 0003 040 000
18Navigasjonsinnretningar
1Driftsutgifter3 756 0003 756 000
19Statens bygningar på Bjørnøya og Hopen
1Driftsutgifter6 200 0006 200 000
20Statens bygningar i Longyearbyen (jf. kap. 3020)
1Driftsutgifter10 582 00010 582 000
45Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast4 100 0004 100 000
22Likningsforvaltninga for Svalbard
1Driftsutgifter2 930 0002 930 000
Sum Svalbardbudsjettet
Sum departementets utgifter293 515 000293 515 000
Inntekter
3005Sysselmannen (jf. kap. 5)
1Diverse inntekter200 000200 000
3006Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 6)
1Leigeinntekter900 000900 000
3020Statens bygningar i Longyearbyen (jf. kap. 20)
1Inntekter3 600 0003 600 000
3030Skattar og avgifter
70Skattar m.m.161 000 000161 000 000
71Utførselsavgift6 000 0006 000 000
72Utmålsgebyr, årsavgift1 100 0001 100 000
3035Tilskot frå statsbudsjettet
70Tilskot120 715 000120 715 000
Sum Svalbardbudsjettet
Sum departementets inntekter293 515 000293 515 000

II

§ 1 Bruksområde for vedtaket

Dette vedtaket gjeld forskotsutskriving og endeleg utskriving av skatt på formue og inntekt for inntektsåret 2012 etter føresegnene i lov av 29. november i 1996 nr. 68 om skatt til Svalbard.

Skattepliktige som nemnde i skattebetalingsloven § 1, jf. § 2, og lov om skatt til Svalbard § 5-1 første ledd, skal betale forskot på formues- og inntektsskatt til Svalbard for inntektsåret 2012. Ved utrekninga og innbetalinga gjeld føresegnene i dette vedtaket og i skattebetalingslova.

§ 2 Skatt på formue

Skatt på formue blir utrekna etter desse satsane:

  • a) Personleg skattepliktig og dødsbu:

Det blir nytta same satsar og grensebeløp som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet for formuesskatt til staten og kommunane (maksimumssats)

  • b) Selskap og samanslutning som nemnt i skatteloven § 2-36 andre ledd, og som ikkje er fritekne etter skattelova kapittel 2:

Det blir nytta same satsar og grensebeløp som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet for formuesskatt til staten.

§ 3 Skatt på inntekt

Skatt på inntekt blir utrekna etter desse satsane:

  • a) Inntekt som blir skattlagt etter svalbardskatteloven § 3-2:

Låg sats: 8 pst.

Høg sats: 22 pst.

  • b) 28 pst. av den delen av selskapsoverskot som er høgre enn 15 mill. kroner, og som overstig summen av:

  • 10 gonger kostnadene til lønn som blir skattlagd ved lønnstrekk

  • 0,20 gonger skattemessig verdi av anlegg, fast eigedom og anna realkapital som er på Svalbard ved utgangen av inntektsåret.

  • c) Anna inntekt: 16 pst.

Personlege skatteytarar skal ha eit frådrag i alminneleg inntekt som omfattast av c. på 20 000 kroner.

§ 4 Avrundingsreglar

Ved utrekning av skatt ved likning skal stipulert formue avrundast nedover til næraste heile 1 000 kroner, og inntekt avrundast nedover til næraste heile 100 kroner.

Ved utrekning av skatt ved lønnstrekk skal inntekta avrundast nedover til næraste heile krone.

§ 5 Normalrentesatsen for rimeleg lån i arbeidsforhold

Normalrentesatsen som nemnd i skatteloven § 5-12 fjerde ledd, jf. svalbardskatteloven §§ 3-1 og 3-2, skal vere den same som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet.

§ 6 Aksjonær i utlandet

Skatt på utbytte m.m. etter skatteloven § 10-13, jf. svalbardskatteloven § 3-1, vert ilagd med 20 pst.

III

Bestillingsfullmakt

Stortinget samtykkjer i at Justisdepartementet i 2012 kan bestille varer for inntil 3 mill. kroner ut over den totale løyvinga som er gitt under kap. 5 post 1 på svalbardbudsjettet.

IV

Meirinntektsfullmakter

Stortinget samtykkjer i at Justisdepartementet i 2012 kan overskride løyvinga under

  • 1. kap. 5 post 1 tilsvarande det inntektsførte beløpet under kap. 3005 post 2

  • 2. kap. 6 post 1 tilsvarande det inntektsførte beløpet under kap. 3006 post 2.

V

Meirinntektsfullmakt

Stortinget samtykkjer i at Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet i 2012 kan overskride løyvinga under

  • 1. kap. 20 post 1 tilsvarande inntekter utover vedtatt budsjett på kap. 3020 post 1.

VI

For budsjettåret 2012 skal det svarast avgift til statskassa av kol som blir utført frå Svalbard, etter følgjande satsar:

1,0 pst. av verdien for dei første 100 000 tonna,

0,9 pst. av verdien for dei neste 200 000 tonna,

0,8 pst. av verdien for dei neste 300 000 tonna,

0,7 pst. av verdien for dei neste 400 000 tonna,

0,6 pst. av verdien for dei neste 500 000 tonna,

0,5 pst. av verdien for dei neste 600 000 tonna,

0,4 pst. av verdien for dei neste 700 000 tonna,

0,3 pst. av verdien for dei neste 800 000 tonna,

0,2 pst. av verdien for dei neste 900 000 tonna,

0,1 pst. av verdien for dei neste 1 000 000 tonna.

Votering:Komiteens innstilling ble enstemmig vedtatt.