Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 9. november 2011 kl. 10

Dato:
President: Dag Terje Andersen
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 7

Knut Arild Hareide (KrF) [11:49:30]: Eg har gleda av å stille følgjande spørsmål til samferdselsministeren:

«Oslofjordtunnelen er underdimensjonert for dagens trafikk. Om to år opphører brukerbetalingen, og det må forventes ytterligere økning. Samtidig er det tilhørende veisystemet i Oslofjordforbindelsen, spesielt på vestsiden, ikke godt nok utbygd. Belastningen på veisystemet i vestregionen vil øke ytterligere dersom tunnelen stenges for kjøretøy over 7,5 tonn.

Vil statsråden vurdere utvidet egenbetaling i Oslofjordtunnelen samt se dette i sammenheng med bl.a. oppgradering av tilførselsveiene rv. 23 og Røykenveien?»

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:50:07]: Trafikken gjennom Oslofjordtunnelen må vurderast nøye både på kort og lang sikt. Ei vidare innkrevjing av bompengar må sjåast i lys av ei eventuell utviding av Oslofjordtunnelen. Eg er kjend med at det lokalt blir arbeidd med opplegg for bompengefinansiert utbetring av vegane i Røyken og Lier kommunar. I tillegg er det i St.meld. nr. 16 for 2008–2009, altså Nasjonal transportplan for 2010–2019, vurdert som aktuelt ei utbygging av strekninga Dagslet–Linnes på rv. 23 i perioden 2014–2019 dersom det blir lokal tilslutning til eit eige opplegg for delvis bompengefinansiering.

Når det gjeld prioriteringa framover, vil eg visa til NTP-prosessen og dei avvegingane og prioriteringane som skal gjerast lokalt i den samanhengen. Samferdselsdepartementet har f.eks. som mål å ha møte med alle fylkeskommunane i løpet av kommande vår, altså våren 2012.

Knut Arild Hareide (KrF) [11:51:42]: Eg takkar for svaret. Eg opplever at statsråden i det svaret ho gir, har forståing for utfordringa med at når brukarbetalinga forsvinn, så vil det nok her på nytt bli ein trafikkauke på eit veldig belasta, sensitivt område. Det har me erfaringar med, og det har vore min tanke med å stille nettopp dette spørsmålet – at me no må sjå dette i samanheng.

Me veit jo, som statsråden tek opp her, at ei utviding kan vere aktuelt, men òg dei vegane som er tilhøyrande i nærleiken, har behov for oppgraderingar, ikkje minst når me veit at trafikken i dag er stor, og at han kan bli større.

Eg registrerer òg at statsråden nemner Røyken og Lier og heile Spikkestadkorridoren. Eg håpar det kan vere møte her både med Buskerud fylke og Akershus fylke, som dette vedkjem sterkt.

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:52:43]: Lat meg fyrst seia at leiaren i transportkomiteen reiser eit svært viktig spørsmål. Det er rett, som han seier, at Oslofjordtunnelen er underdimensjonert i forhold til slik trafikkutviklinga no har vore. I dag er årsdøgntrafikken gjennom Oslofjordtunnelen på om lag 7 000. Å halda fram med innkrevjing av bompengar der må ein difor sjå i samanheng med utviklinga av trafikken gjennom tunnelen. Innkrevjinga av bompengar i prosjektet er på om lag 100 mill. kr i året. Det er heilt klart at det er nødvendig i denne samanhengen med god dialog både med Røyken og Akershus for òg å sjå på løysingar som gjeld trafikken på vegsida av fjorden, særleg på Buskerud-sida.

Knut Arild Hareide (KrF) [11:53:48]: Eg takkar på nytt for svaret fordi eg opplever at her er noko av mi bekymring knytt til dette motteke av statsråden.

Når departementet no vidare skal ha dialog med partane, meiner eg dei må sjå på dei gode prosjekta som gjer at brukarbetalinga ikkje forsvinn heilt, og me plutseleg får ein betydeleg auke i trafikken. Så vil eg òg gjerne vere med i ein dialog og sjå på kva for gode prosjekt me kan få til for å forbetre dette. Når me veit at både Oslofjordforbindelsen i seg sjølv treng utviding, og at vegnettet i nærleiken av dette treng det, meiner eg me ikkje må stille oss slik at me legg opp til ein sterkt aukande trafikk, og at han kjem plutseleg. Me har no berre to år på oss. Derfor er eg oppteken av at det er ein dialog mellom departementet og dei fylkeskommunane og kommunane i saka som dette vedkjem.

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:54:44]: Det kan eg altså bekrefta: Vi skal ha ein dialog med begge desse fylka. Det blir ikkje i dag arbeidd med opplegg for utviding av innkrevjinga i bomstasjonen på Måna – altså på Akershus-sida – for å finansiera vegar i Røyken. Det er det fleire årsaker til. Det er problematisk i forhold til føresetnaden om at det skal vera samanheng mellom betaling og nytte. Men det er svært viktig her både å vera klar over korleis situasjonen er i dag, og korleis han kan bli, og vera føre var når det gjeld tiltak.

: