Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 19. oktober 2011 kl. 10

Dato:
President: Dag Terje Andersen
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 2

Arne Sortevik (FrP) [11:17:25]: Mitt spørsmål til samferdselsministeren er som følger:

«Gjennom forvaltningsreformen kvittet staten seg med 17 000 km dårlig vei. Fylkeskommunene overtok og har derved fått ansvar for flere dårlige veier uten å ha fått nødvendige penger til forbedring. Tilbud om statlig lån bekrefter statens dårlige samvittighet. Staten kvitterte også ut reformen med ønske om å se på permanente og komplette nasjonale føringer. Arbeidet ble igangsatt våren 2010.

Når vil statsråden gi bilistene økt trygghet gjennom en nasjonal veistandard som skal gjelde uansett hvor i landet transporten går?»

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:18:17]: Forvaltningsreforma er ei stor reform innafor vegsektoren. Mi erfaring er at fylkeskommunane har gått aktivt inn for å fylla rolla som forsterka regional utviklingsaktør. Eg har òg inntrykk av at overføringa av ansvaret har gått bra for trafikantane fordi fylkeskommunane varetek rolla si som vegmynde og største vegeigar på ein god måte. Det er likevel viktig at staten gjennom nasjonale føringar kan bidra til eit mest mogleg sikkert og einskapleg vegnett. Stortinget la til grunn at fylkeskommunane skulle overta vegnettet vederlagsfritt, med den standard det hadde på ovetakingstidspunktet for forvaltningsreforma, og med tilhøyrande rettar og plikter. Eg går ikkje nærare inn på overføringa av midlar til fylkeskommunane, da det er kjent stoff for representanten Sortevik.

Stortinget understreka òg at det er viktig med ein god standard på det fylkeskommunale vegnettet, eit akseptabelt nivå på veginvesteringane og ein fullgod politikk for trafikktryggleik i alle fylkeskommunar. Omfang og innhald i nasjonale føringar knytt til standard, trafikktryggleik m.m. må vurderast ut frå trafikantane og næringslivet sine behov og ut frå nasjonale mål. I tillegg må det takast omsyn til fylkeskommunane og Oslo kommune sin handlefridom.

Det er alt gjeve nokre nokre nasjonale føringar. Andre blir fastsette om ikkje lenge. Vegdataforskrifta for fylkeskommunane og Oslo kommune vart fastsett 3. desember 2010. Tunneltryggleiksforskrifta for fylkesvegane har vore på høyring og er til handsaming i Samferdselsdepartementet. Bruforskrifta er send på høyring med frist 15. november.

Eit større arbeid med nasjonale føringar er eit arbeid som er delt i to trinn. Trinn 1 har munna ut i ein rapport som har vore på høyring. Den inneheld ei overordna vurdering og ei skisse til løysing. Etter at departementet har fått Vegdirektoratet si tilråding i saka, må det takast stilling til kva det skal arbeidast vidare med i trinn 2, dvs. avklara vidare arbeid med tekniske og funksjonelle standardar for fylkesveg og fylkeskommunane sitt arbeid med trafikktryggleik.

Arne Sortevik (FrP) [11:20:46]: Takk for svaret.

Ved starten av forvaltningsreformen 1. januar 2010 var situasjonen at fylkesveienes tilstand var ganske ulik, men jevnt over dårlig. Så ble bildet forsterket av at man fikk mer dårlig vei. Jeg tror statsråden og jeg deler ønsket og målet om et sikkert og enhetlig veinett over hele landet. Men nå er altså situasjonen, etter at forvaltningsreformen har trådt i kraft, at av det samlede riks- og fylkesveinettet i landet er ca. 80 pst. faktisk fylkesveier. Da er det viktigere enn noen gang at man kan føle trygghet for at det er sikker og god vei med en nasjonal standard, fortrinnsvis, som gjelder uansett hvor i landet man kjører, uansett hvor transporten går, uavhengig av fylkeskommunens økonomi – det er 19 fylker – og uavhengig av prioriteringer i de samme 19 fylkeskommunene.

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:21:55]: Lat meg fyrst ta avstand frå uttrykket «kvittet seg med». Intensjonen er jo at vegnettet òg i vedtakssamanheng no kjem nærare dei det gjeld. Det er kortare veg mellom t.d. kommunane og dei regionale myndigheitene.

Det viser òg erfaringane så langt, det engasjementet som er på samferdselssektoren og dei midlane som den enkelte fylkeskommune set inn. Dette er eit felt som regjeringa naturleg nok følgjer veldig nøye med på, for det er som representanten Sortevik seier: Folk skil ikkje mellom kva vegane heiter, det er standarden som betyr noko.

Arne Sortevik (FrP) [11:22:58]: Jeg er glad for den siste presiseringen. Det er det som er virkeligheten ute i verden. Samtidig er det også slik at i statsbudsjettet på side 66 problematiseres dette med nasjonale føringer og nasjonale standarder opp mot hensynet til «fylkeskommunal handlefrihet».

Er det ikke viktigere å ha trygghet gjennom nasjonale føringer som sikrer sikker transport uansett hvor man er i landet, enn at hensynet til fylkeskommunal handlefrihet skal veie tungt, og at fylkene selv i stor grad skal bestemme og styre standarden på veien? Er det ikke viktigere å gi veibrukerne og transportbrukerne sikkerhet? Foreløpig får vi heller ikke hjelp fra Vegtilsynet, som skal begynne med bare å se på riksveinettet.

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:24:05]: Eg trur dette blir ein god kombinasjon. Det har òg det fyrste halvanna året no vist. På den eine sida tek vi omsyn når det gjeld både standard og trafikktryggleik, ser på både trafikantane og næringslivet sine behov på tvers av fylkesgrensene og nasjonale mål. Så gjev vi den fylkeskommunale fridomen som er viktig. Det er jo slik at i fleire fylkeskommunar har ein utnytta den fridomen til ytterlegare å styrkja vegnettet, prioritert midlar til samferdsel ytterlegare opp.

Når det gjeld Vegtilsynet, skal eg koma tilbake til det, men eg trur det her er greitt å ta det trinnvis. Vi begynner med riksvegnettet, og så fortset vi med fylkeskommunar og kommunar etter kvart.

: