Stortinget - Møte onsdag den 18. mai 2011 kl. 12
President: Dag Terje Andersen
Spørsmål 7
Øyvind Halleraker (H) [14:02:57]: Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til samferdselsministeren:
«I EUs hvitbok for transport omtales et sentralt nettverk av transportkorridorer for gods og passasjerer. Det beskrives at informasjonsteknologi i vidt omfang skal iverksettes på all TEN-T infrastruktur med formål å forenkle administrative prosedyrer, oppsporing og lokalisering av gods og optimalisering av godsstrømmer og tidsplaner – e-frakt.
Hvilke planer har statsråden for den norske implementeringen av e-frakt?»
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [14:03:37]: Representanten Halleraker tek opp eit tema som kjem til å bli viktig i åra som kjem, nemleg korleis vi kan dra nytte av ny teknologi. Dette er òg tema i den såkalla kvitboka om framtidig transportpolitikk i EU som nyleg vart lagd fram.
I Europa er e-fraktløysingar m.a. tenkt å byggja opp under tankane om ein sterkare indre marknad og gje betre konkurransekraft for europeisk næringsliv. E-frakt er basert på moderne informasjons- og kommunikasjonsteknologi. Målet er å få til ein flyt av informasjon som er billegare, meir presis og meir påliteleg enn det som er tilfellet i dag.
I kvitboka er det nemnt at e-frakt bør oppmuntrast ved å krevja at slike løysingar må nyttast i det såkalla TEN-T- nettverket, og gradvis innførast i heile transportsystemet. Eg er i stor grad positiv til dei forslaga som er nemnde i denne meldinga, bl.a. det framtidige internasjonale samarbeidet om e-frakt.
Innføring av dei ulike e-fraktløysingane vil i hovudsak vera ei oppgåve for aktørane i transportmarknaden. Det er dei som primært skal bruka og dra nytte av dette, og fleire verksemder her i landet har alt teke i bruk avanserte elektroniske løysingar. Det viktige framover er at både offentlege og private aktørar tek i bruk løysingar som gjer at dei ulike systema kan «snakka saman». Utan felles standardar får vi ikkje eit system som heng saman.
Regjeringa vil leggja til rette for at e-frakt blir vidareutvikla på ein effektiv måte, bl.a. ved å sørgja for å byggja ut infrastruktur – då tenkjer eg i denne samanhengen særleg på elektronisk infrastruktur. I tillegg er det vår oppgåve å sikra utvikling av eit regelverk som regulerer og støttar bruk av slike system. Vi er opptekne av å utvikla og byggja kunnskap om dette området, slik at vi ikkje blir hengjande etter.
Alt dette er vi godt i gang med. Det kan nok til tider tenkjast at vi frå norsk side føler at dette går noko seint, men her må vi gå i takt med andre land.
Representanten Halleraker kjenner sjølvsagt elles til det kraftige lyftet denne regjeringa har fått til når det gjeld infrastruktur. Det trur eg vil visa seg å vera framtidsretta og eit grunnlag for effektive transportar.
Vi deltek òg med å laga felles standardar og retningsliner for trafikkinformasjon, eksempelvis i samband med implementering av det såkalla ITS-direktivet. I dette arbeidet er det mange norske aktørar som er med, både for å gje frå seg kunnskap og for å ta med seg kunnskap tilbake til Noreg.
Lat meg òg nemna at e-frakt har vore eit tema i EU sitt 7. rammeprogram for forsking, der Noreg deltek. I Noreg har vi forskingsprogrammet SMARTRANS – som Samferdselsdepartementet er med og finansierer gjennom Forskingsrådet. Så i sum har det vorte gjort mykje på dette området.
Øyvind Halleraker (H) [14:06:46]: Jeg vil gjerne komme med et tilleggsspørsmål.
Jeg takker for svaret. Jeg oppfatter vel at statsråden uttrykker seg positivt om denne ordningen, og at man vil tilrettelegge for det som er – skal vi si – et myndighetsansvar for at en slik funksjon skal kunne virke hensiktsmessig for aktørene, både med hensyn til regelverk, standardtilnærming og utstyr. Men det er også riktig som statsråden sier, at dette implementerer også andre direktiv, f.eks. ITS-direktivet, som i hovedsak er et teknologidirektiv som på sikt markerer en overgang fra veikantteknologi til mer satellittbasert teknologi. Det er klart: Det vil jo også ha en alvorlig implikasjon for et e-fraktsystem. Har norske myndigheter noen tanker om hvordan vi skal håndtere det?
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [14:07:49]: Det krevst systematisk arbeid på fleire område, både innanfor TEN-T-nettverket, som ikkje er endeleg definert enno, verken i EU eller i Noreg, så vel som i samanheng med ITS-direktivet og på annan måte. Det viktigaste vi kan gjera, er nok frå norsk side systematisk å arbeida og aktivt delta i fora og på dei arenaene som finst på dette området. Det som er viktig, er altså at vi utviklar oss i lag med andre land. Dette er område der vi skal vera svært forsiktige med å utvikla eigne norske standardar og løysingar der vi ikkje kan snakka med system i andre land.
Øyvind Halleraker (H) [14:09:03]: Jeg takker igjen for svaret. Statsråden sa i sitt første svar at man fra norsk side av og til følte at EU henger litt etter. På en del områder er jeg av en annen oppfatning. Jeg syns faktisk EU er på offensiven, særlig når det gjelder å utvikle nye teknologisystemer som går på innovasjon og å ta i bruk ny teknologi, som vi nå nettopp har omtalt et spesielt direktiv i forbindelse med. Men også på konkurransepolitikk og konkurransenøytralitet er det et direktiv som faktisk griper inn i dette, og det er Eurovignett-direktivet, som altså skal sikre at transittransporter får lik konkurranse. Hvordan ser statsråden disse tingene i sammenheng med både ITS og det som nå står i hvitboken?
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [14:10:03]: For det fyrste, lat meg ikkje ha sagt at EU heng etter, og eg trur heller ikkje eg uttrykte meg på den måten. Men eg sa at vi kan til tider føla at det går noko seint. Det er fordi det er 27 land, og fleire i tillegg, som skal snakka saman og utvikla felles standardar, fordi ein til saman skal kunna kommunisera best mogleg, anten det er elektronisk eller på annan måte.
Når det gjeld Eurovignett-direktivet, har eg ikkje noko nytt å melda i dag. Men det er slik både med TEN-T-nettverket og med Eurovignett-direktivet at vi veit at dei betyr mykje for Noreg, og vi er opptekne av å få til gode løysingar.