Stortinget - Møte onsdag den 6. april 2011 kl. 10
President: Dag Terje Andersen
Spørsmål 3
Arne Sortevik (FrP) [11:54:17]: «Den siste tiden har det vært fokus på mangler ved nye veier. Nybygget E18 er som berg- og dalbane etter en vinter. Nye europaveier bygges uten midtrekkverk. På E6 bygges vei med midtrekkverk og tunnel uten. Samme tunnel er underdimensjonert i forhold til trafikk og trafikkvekst, og må om noen år suppleres med et nytt tunnelløp. Nye veiprosjekt – kvalitet, trafikkmessig dimensjonering og trafikksikringstiltak – må åpenbart behandles grundigere og informasjonen forbedres.
Hvordan vil statsråden sikre dette?»
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:55:00]: Lat meg fyrst visa til det svaret som eg gav på representanten Sortevik sitt spørsmål nr. 903 i februar 2011. Det går fram der at eg har gjeve Statens vegvesen i oppdrag å sjå nærare på dagens krav om minste trafikkmengd på 8 000 køyretøy i døgeret i dimensjoneringsåret for etablering av midtrekkverk på nye vegar. Eg har òg bede Vegdirektoratet om å vurdera å opna for større fleksibilitet for oppsetting av midtrekkverk på eksisterande veg, slik at det blir lagt større vekt på dagens ulukkessituasjon enn i dag.
Telehiv og tunnelstandard var tema i den munnlege spørjetimen 30. mars 2011. Eg viser til det som vart sagt i den samanhengen. Telehiv på nye vegar skal ikkje oppstå. Det er uakseptabelt. Spørsmålet om eitt eller to løp i Øyer–Tretten-tunnelen vart grundig vurdert i transport- og kommunikasjonskomiteen si behandling av saka våren 2009, bl.a. gjennom fleire spørsmål. I innstillinga var det ingen parti som hadde forslag som gjekk på at det skulle byggjast to løp, og Stortinget slutta seg til den løysinga som no er under bygging.
På side 79 i busjettproposisjonen for inneverande år, altså Prop. 1 S for 2010–2011, blir det dessutan gjort nærare greie for praktisering av krava i tunnelsikkerheitsforskrifta.
Lat meg elles minna om at alle nye vegprosjekt med kostnadsoverslag over 200 mill. kr blir lagde fram for Stortinget for avgjerd gjennom dei årlege statsbudsjetta. I tillegg blir alle bompengeprosjekt lagde fram for Stortinget. Både i budsjettproposisjonane og bompengeproposisjonane blir det gjeve ein nærare omtale av prosjekta, der det bl.a. blir gjort greie for trafikkmengder og val av vegstandard.
I praksis inneber dette at alle større vegprosjekt blir lagde fram for Stortinget for behandling før anleggsstart. For dei største prosjekta blir det i tillegg gjennomført ekstern kvalitetssikring, såkalla KS2, før prosjekta blir lagde fram for Stortinget. Fram til i dag har alle prosjekt med kostnadsoverslag, altså styringsramme, over 500 mill. kr vore gjennom KS2. Denne grensa er no auka til 750 mill. kr.
Etter mitt syn blir det gjennomført ei grundig behandling av nye vegprosjekt med god informasjon til Stortinget. Eg kan difor ikkje sjå at det er behov for å gjennomføra tiltak som kan auka planleggingstida ytterlegare.
Arne Sortevik (FrP) [11:57:41]: Takk for svaret. Den første delen er bra. Hvis vi kan få en mindre rigid praktisering av regelverket knyttet til trafikkmengde slik at vi får sikre veier, så er det bra.
Den andre delen – om vi får god informasjon i sakene som kommer til Stortinget – er jeg mer tvilende til. Vi har to europaveiproposisjoner i forbindelse med bompengebruk: Prop. 57 S for 2010–2011, E39, og Prop. 53 S for 2010–2011, E6. Der er det lite og ingenting sagt om trafikksikringstiltak som er vurdert, og som skal gjennomføres. Det er faktisk ikke omtalt hvilken type vei som bygges – det gjelder Prop. 53 S – hvilken trafikk veien bygges for, og hvilke trafikksikringstiltak som skal gjennomføres. Det er først etter spørsmål under saksbehandling i komiteen vi får rede på dette og får fullstendige opplysninger om hva som gjøres og, ikke minst, hva som ikke gjøres. Mener statsråden dette er tilfredsstillende informasjon?
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:58:47]: Lat meg fyrst seia når det gjeld større fleksibilitet: Der ventar eg svar frå Vegdirektoratet i løpet av våren – berre så det er sagt at det ikkje er noko som er pakka vekk for lang tid.
Så til den andre delen, som gjeld E39 og E6: Eg har merka meg desse spørsmåla, og eg er for så vidt veldig fornøgd med at vi kan ha denne utvekslinga under saksbehandlinga i Stortinget – at ein kan stilla spørsmål, og at vi kan gje fyllestgjerande svar. Det som har vore om å gjera for meg i begge dei to sakene, og det går fram av proposisjonane, har vore å sikra større trafikktryggleik, og gjera det så raskt som mogleg. I det eine tilfellet blir den gamle vegen brukt som gang- og sykkelveg, i det andre veit vi det er ein svært trafikkfarleg veg, E6, slik den er i dag ... (presidenten avbryt).
Arne Sortevik (FrP) [11:59:57]: Takk igjen for oppfølgingssvar.
Én ting er at Stortinget og komiteen får anledning til å gå et prosjekt etter i sømmene når det er bompengefinansiering og prosjektet kommer til Stortinget, men det er jo også et spørsmål om hvordan departementets innsyn, styring og kontroll er i forhold til Vegdirektoratet. Hvor vide fullmakter har Vegdirektoratet når det gjelder bygging av nye veiprosjekter? Er det klare krav til standard på nye veier, eller ble slike krav til standard faktisk fjernet fra veiforskriften i 2007, slik jeg har forstått at veietaten ønsket? Vil fravær av kvalitetskrav til nye veier bringe oss raskere og sikrere til målet om gode og sikre veier over hele landet? Er det god pengebruk at vi ikke har krav til standard på ny vei som bygges?
Det stilles store krav til trafikanter og til kjøretøy. Det må jo være rimelig at det stilles tilsvarende strenge og tydelige krav når man bygger ny vei.
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [12:01:04]: Lat meg då fyrst seia – og eigentleg med eit smil – at eg trur at Vegdirektoratet, kanskje spesielt i den saka som gjeld E6 vest for Alta, vil kunna dokumentera at kontakten med departementet har vore svært tett for på den eine sida å halda den framdrifta som var venta, og på den andre sida å få lagt inn det som skal sikra at ei god sak blir lagd fram for Stortinget.
Vinteren har fare hardt med norske vegar. I lys av hendingane i vinter vil det vera naturleg å gå gjennom dei nye normalane, altså den innskjerpinga som skjedde frå 1. januar 2011, for å vurdera om det er behov for ytterlegare forbetringar. Så vil eg sjølvsagt i lys av spørsmåla om desse to vegane, E39 og E6, dei to sakene, vera veldig nøye med korleis ting blir omtalte i saker som kjem til Stortinget i framtida.