Stortinget - Møte onsdag den 23. mars 2011 kl. 10
President: Dag Terje Andersen
Spørsmål 5
Bård Hoksrud (FrP) [11:34:46]: «En av de viktigste årsakene til det store frafallet i videregående skole er mangel på lærlingplasser etter endt skolegang. Til tross for at det i departementet og de underliggende etater er til dels mange ansatte i stillingskategorier med yrkesfaglig bakgrunn, tas det i staten inn færre lærlinger enn i privat sektor.
Hva vil statsråden foreta seg for at Samferdselsdepartementet med underliggende etater i større grad bidrar til å øke antallet lærlingplasser enn tilfellet er i dag?»
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:35:16]: Arbeidet for fleire læreplassar og auka gjennomføring i vidaregåande opplæring er høgt prioritert. Fullført vidaregåande opplæring er den plattforma flest moglege bør ha for å vera rusta for å ta del i arbeidslivet. Gode fagarbeidarar er føresetnaden for eit berekraftig og velfungerande samfunns- og næringsliv. Det vil vera eit stort behov for faglært arbeidskraft i tida framover, både i privat og offentleg sektor. Eit viktig arbeid for regjeringa er difor å sjå til at det både er høg kvalitet på opplæringa, og at mange nok vel fagopplæring.
Det er viktig at statsforvaltninga tek sin del av ansvaret for fleire læreplassar. I 2010 kartla Kunnskapsdepartementet og Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet potensialet for fleire lærlingar i alle verksemder i statsforvaltninga. Kartlegginga viser, med nokre atterhald, at det er potensial for fleire lærlingar i omtrent halvparten av dei statlege verksemdene.
For å ansvarleggjera dei statlege verksemdene har regjeringa vedteke å ta inn ei fellesføring i tildelingsbreva for 2011 med mål om auke i talet på lærlingar. Talet på lærlingar, fordelt på lærefag, skal gå fram av årsrapportane. På bakgrunn av kartlegginga og oppfølging i verksemdene av fellesføringa inneverande år, vil utviklinga bli følgd opp i styringsdialogen mellom det einskilde departement og verksemdene. Vi har som mål at dette skal medverka til auke i talet på lærlingar i statsforvaltninga.
Etter omdanninga av dei tidlegare forvaltningsverksemdene NSB, Posten og Luftfartsverket til aksjeselskap har talet på tilsette med yrkesfagleg bakgrunn i etatane under Samferdselsdepartementet gått monaleg ned. Det same resultatet finn vi ved etableringa av produksjonsverksemda til Vegvesenet som aksjeselskap. Både departementet sjølv og etatane rekrutterer i stor grad medarbeidarar med utdanning utover vidaregåande skule eller yrkesfagleg opplæring.
Jernbaneverket er i dag den einaste av etatane som driv produksjonsverksemd sjølv og har behov for lærlingar i større utstrekning. Jernbaneverket hadde ved starten på skuleåret 2010–2011 til saman 117 lærlingar innan banefag, signalfag og energi/kontaktledning. Statens vegvesen hadde på same tid fem lærlingar innan IKT-fag, medan Luftfartstilsynet hadde ein lærling innan kontorfag.
Jernbaneverket har i seinare år auka talet på lærlingar både for å møta den auka aktiviteten når det gjeld utbygging og vedlikehald av jernbanenettet, og fordi det er eit høgt aldersgjennomsnitt på noverande fagarbeidarar. Jernbaneverket vurderer fortløpande om det er mogleg å ta inn fleire lærlingar. Avgrensinga når det gjeld talet på nye lærlingar, ligg primært i at det er krevjande for erfarne fagarbeidarar både å skulla utføra dei daglege oppgåvene i ei tid med sterk satsing på jernbane og samstundes driva med opplæring. For departementet og dei andre etatane er det små moglegheiter for å ta inn eller auka talet på lærlingar.
Bård Hoksrud (FrP) [11:38:16]: Jeg vil takke statsråden for svaret.
Alle er jo enige om at dette er en viktig oppgave. Vi vet at mange av dem som går inn i disse yrkene, er folk som både liker at det lukter asfalt, og å kjenne på det å bygge jernbaneskinner – ikke sitte på skolen og lære om det i teorien, men være ute og lære i praktisk arbeid.
Jeg har lyst til å utfordre statsråden litt, for når man ser på banemontørfaget, er det bare drøye 60 pst. som får plass, av togelektrikere er det 66 pst., og på sveisefaget er det 42 pst., altså forholdsvis få. I tillegg vet vi at innenfor telekomoperatører er det nede i 43 pst. Det må jo bety at det er et stort potensial, som jeg har lyst til å utfordre statsråden til å være litt mer tydelig på. Selv om staten nå ikke driver alt som forvaltning lenger, er tross alt en god del statlige bedrifter 100 pst. eid av staten, der statsråden er en ganske sentral aktør. Jeg har lyst til å utfordre statsråden litt på hva hun tenker rundt det.
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:39:20]: Lat meg fyrst gje honnør til Framstegspartiet fordi dei har reist denne saka. Dette er eit område som regjeringa er oppteken av, og som det er veldig bra at det er stor merksemd rundt, nettopp fordi det nok er litt for mange elevar som opplever ein teoretisk skule. Ein meir praktisk skule òg i grunnskulen kjem regjeringa til å koma tilbake til.
Så til Hoksrud sine eksempel. Eg skal ta med meg alle dei tilbake til dei ulike avdelingane. Eg trur nok at årsaka til at tala her ikkje er endå høgare frå Jernbaneverket si side, sjølv om dei har auka i den seinare tida, er ein kombinasjon av at her skal det utførast arbeid, og samstundes skal ein rettleia lærlingar.
Bård Hoksrud (FrP) [11:40:24]: Det er veldig bra at statsråden tar med seg disse tingene tilbake.
Vi vet at vi har enorme oppgaver foran oss på samferdselssiden, noe som betyr at det vil være et enormt behov for både folk som skal utføre dette, folk med fagkompetanse og folk som er utdannet til å gjøre jobben.
Fordi kunnskapsministeren sa at regjeringen i forbindelse med tildelingsbrevet har gitt noen klare føringer når det gjelder dette med lærlinger, og siden statsråden jo er generalforsamling i en rekke statlige selskaper 100 pst. eid av staten, kunne jeg godt tenke meg å vite om statsråden som generalforsamling har tatt dette opp konkret i de selskapene som en del av behandlingen, nettopp for at de statlige selskapene skal ha fullt trøkk på å få flere unge mennesker ut på lærlingkontrakt. Når vi da ser at det private næringslivet går langt foran staten, har vi en stor utfordring fortsatt, og da kunne det være greit å vite om statsråden har tatt det opp konkret.
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:41:29]: Der er svaret ja. Tildelingsbrevet vart òg nemnt frå mi side. Det er éin arena. Styringsdialogen elles overfor dei ulike etatane er ein annan arena. Ein tredje, som òg kan brukast meir både av meg som statsråd når eg er ute, og av representanten Hoksrud og andre, er å spørja ulike bedrifter, anten dei handterer asfalt eller det er anna arbeid som blir utført: Kor mange lærlingar har de? Det har sin verknad. Det skapar òg merksemd på sin måte. Det hender òg til og med at vi treffer på bedrifter der vi einsidig kan rosa dei for at dei tek dette arbeidet på alvor, og det må fleire gjera.