Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 23. mars 2011 kl. 10

Dato:
President: Dag Terje Andersen
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 2

Åge Starheim (FrP) [11:19:19]: Eg vil stille følgjande spørsmål til kommunal- og regionalministeren:

«Ei av dei viktigaste årsakene til det store fråfallet i vidaregåande skule er mangel på lærlingplassar etter avslutta skulegang. Trass i at det i offentleg sektor er mange tilsette i stillingskategoriar med yrkesfagleg bakgrunn, tek det offentlege inn færre lærlingar enn i privat sektor.

Kva vil statsråden foreta seg for å auke talet på lærlingplassar i offentleg sektor?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:19:50]: Eg er svært glad for at Åge Starheim tek opp dette spørsmålet. Denne saka var seinast ein viktig del av diskusjonane på landsmøtet vårt sist helg. Det er ei særdeles viktig sak for regjeringa, det er ei viktig sak for næringslivet, og det er ei viktig sak for kommunane.

Eg er heilt samd i at læreplassar etter skulegang er viktig, og det er viktig at det offentlege tek sin del av ansvaret. Kommunane treng gode fagarbeidarar med rett kompetanse til å løyse dei velferdsoppgåvene som dei har fått ansvar for, og som dei vil få eit endå større og utvida ansvar for no når Samhandlingsreforma skal innfasast. Ein viktig jobb for regjeringa er difor å syte for både høg kvalitet på opplæringa og at mange nok vel ei fagopplæring. Det vil vere eit stort behov for faglært arbeidskraft i tida framover, både i privat og offentleg sektor.

Utviklinga i talet på læreplassar har vore positiv dei siste åra, men som kunnskapsministeren sa, er det framleis utfordringar – det er for mange som ikkje får den læreplassen dei ynskjer. Difor har regjeringa ved kunnskapsministeren teke initiativ overfor partane i arbeidslivet til ein fornya samfunnskontrakt for å auke talet på læreplassar. Det er i samband med dette arbeidet oppretta ei arbeidsgruppe der òg kommunesektoren, ved KS, er representert. Verkemiddel for å stimulere kommunane til å ta imot fleire lærlingar er under diskusjon i den arbeidsgruppa.

Eg er svært oppteken av at kommunane aukar talet på lærlingplassar, og det finst gode døme på kommunar som er førebilete her, og som gjennom dette òg lukkast betre med å rekruttere inn til sine organisasjonar. For tilgangen til kompetansearbeidsplassar er ei utfordring i delar av Kommune-Noreg, og dette er noko eg som kommunal- og regionalminister er særs oppteken av. Kommunane må vere attraktive arbeidsplassar for å tiltrekkje seg den rette kompetansen, og det å opprette læreplassar er ein måte å gjere seg attraktiv på.

Under leiing av Kommunal- og regionaldepartementet og i samarbeid med KS og arbeidstakarorganisasjonane har me lansert «Sammen om en bedre kommune». Dette er eit utviklingsprogram som skal støtte opp om lokalt initierte prosjekt og tiltak som skal få fram kunnskap og gode eksempel til bruk for alle kommunar.

«Kompetanse og rekruttering» er ei av utfordringane partane skal jobbe saman om i programmet. Det vil vere ein god arena for å lyfte fram bruk av læreplassar som ein viktig del av eit godt og framtidsretta rekrutteringsarbeid i Kommune-Noreg.

Når det gjeld konkrete tiltak elles, viser eg til kunnskapsministeren som ansvarleg statsråd.

Åge Starheim (FrP) [11:22:53]: Eg høyrer svaret frå statsråden, der ho seier at dette er ei viktig sak for kommunane for at dei skal løyse sine oppgåver. Då er det eit paradoks at regjeringa har hatt makta her i landet sidan 2005, og dette er ikkje noko nytt problem. Dette er ein situasjon som har vore slik i alle dei åra som regjeringa har sete med styringsmakta her i landet. Det er jo forunderleg at ein ikkje har teke meir initiativ og lagt vinn på å få gjort noko med dette problemet på eit langt tidlegare tidspunkt, når ein har hatt høve til det. Når vi høyrer undervisningsstatsråden seie at det er 3 000 som ikkje har fått lærlingplassar, er det nesten utruleg at dette ikkje har resultert i at det har ringt bjøller langt tidlegare og at ein verkeleg har teke fatt i saka og gjort noko med det.

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:23:59]: Eg veit ikkje om representanten Åge Starheim høyrer dårleg, eller om han ikkje vil høyre det som eg sa i mitt svar. For det eg sa, var at me har teke tak i dette saman med partane i arbeidslivet, saman med KS, som er kommunesektoren sin organisasjon. Det går føre seg viktige drøftingar, og dei drøftar konkrete tiltak, og utviklinga har trass i alt vore positiv dei siste åra. Det har ikkje vore slik at me har sete i ro utan å gjere noko med det. Så eg vil på det sterkaste imøtegå påstanden frå representanten Åge Starheim og seie det som rett er, at både regjeringa og det partiet eg tilhøyrer, har vore pådrivarar for å få fram nettopp dei praktiske faga, få dei praktiske faga inn att, få valfag inn att i skulen og dermed òg få betre rekruttering til desse faga og syte for at dei som tek utdanninga, skal få gode læreplassar.

Åge Starheim (FrP) [11:25:03]: Det er ofte sagt at dersom ein ønskjer at ei sak skal ta lang tid, og at det skal skje lite, skal ein setje ned eit utval. Eg skjønar at statsråden og regjeringa har jobba med dette. Men når vi får opplyst at det er 3 000 som ikkje får lærlingplassar, og når vi også veit at det om kort tid, når Samhandlingsreforma trer i kraft 1. januar 2012, vil det vere trongt for veldig mange innanfor det arbeidsfeltet, synest eg det er merkeleg at ein ikkje har sytt for at det har skjedd ein hurtigare framgang i arbeidet med å syte for at staten, kommunane og fylkeskommunane har teke dette på større alvor og gjort noko for å kunne ta vare på lærlingane, slik at dei kan kome ut og få fagbrev.

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:26:05]: Eg registrerer at ein prøver å skape inntrykk av at regjeringa ikkje har gjort noko. Eg meiner framleis at det er feil. Det er òg slik at der me i ulike samanhengar møter kommunesektoren, har me vore opptekne av m.a. lærlingplassar og at kommunane skal ta inn fleire. Eg kjem til å fortsetje med det trykket. I min kontakt med KS er eg heilt klar på dette, og eg er òg heilt overtydd om at KS og kommunane sjølve ser rekrutteringsutfordringa som dei har, og gjer noko med det. For det er dei som er dei ansvarlege til å ta tak i dette. Me skal leggje til rette for det, me skal finne tiltak som gjer at det blir endå meir attraktivt. Det er me i gong med, og det skal me få til.

: