Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 9. februar 2011 kl. 10

Dato:
President: Dag Terje Andersen
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 7

Borghild Tenden (V) [11:51:30]: Jeg har følgende spørsmål til samferdselsministeren:

«I Aftenposten 1. februar går det frem at det er usikkerhet og forsinkelser på mange jernbaneprosjekter. Dette er svært urovekkende sett i lys av den fremlagte fagrapporten som bekrefter det Venstre lenge har sagt, at det haster med å få på plass høyverdige kollektivløsninger i og rundt de store byene. Samferdselsministeren har uttalt at i kommende nasjonal transportplan må vi foreta tøffere prioriteringer, løfte jernbanen og kollektivinnsatsen, og ha fokus på intercitytog.

Kan statsråden love raskere fremdrift av jernbaneprosjekter?»

Line Henriette Hjemdal hadde her overtatt presidentplassen.

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:52:11]: Eg kan lova representanten Tenden at eg gjer det eg kan for å sjå til at dei årlege løyvingane til jernbaneføremål blir nytta mest mogleg effektivt til beste for jernbanen og dei reisande.

Når det gjeld oppslaget i Aftenposten om forseinkingar av mange jernbaneprosjekt som er prioriterte i NTP 2010–2019, vil eg visa til budsjettproposisjonen for 2011, der det er opplyst at det ved Stortinget si behandling av Nasjonal transportplan 2010–2019 vart gjort endringar i høve til dei planføresetnadene som vart lagde til grunn i regjeringa sitt planforslag. Stortingsfleirtalet gjekk bl.a. inn for at det blir vurdert å tilpassa dei planlagde utbyggingane av IC-strekningane til ein fart på 250 kilometer i timen eller meir. Stortinget har dessutan slutta seg til at det blir gjennomført ei meir samanhengande utbygging av Holm–Holmestrand–Nykirke på Vestfoldbanen, som no er igangsett som eit samanhengande prosjekt. Det blir dessutan bygd dobbeltspor tilpassa ein dimensjonerande fart på 250 kilometer i timen. Det blir òg vurdert om Farriseidet–Porsgrunn skal byggjast ut med dobbeltspor tilpassa 250 kilometer i timen i staden for enkeltspor.

Som meldt i statsbudsjettet for 2011, har høgare prioritering av vedlikehaldet av jernbanenettet saman med ein krevjande ressurssituasjon i Jernbaneverket, med bl.a. mangel på nøkkelkompetanse innan signalområdet, ført til at enkelte av dei prioriterte investeringsprosjekta får ei noko endra planframdrift i høve til den opphavlege NTP 2010–2019.

Eg følgjer situasjonen nøye. Eg er såleis ikkje kjend med avvik i framdrift utover det som er meldt i statsbudsjettet for 2011.

Borghild Tenden (V) [11:54:10]: Ifølge Jernbaneverkets beregninger vil 35–40 pst. av intercitystrekningens nye passasjerer være folk som ellers ville ha reist med bil. Dette ville gitt en betydelig miljøgevinst.

Venstre ønsker en mer helhetlig utbygging av intercitytriangelet, og ikke en klattvis utbygging, slik som det vi opplever skjer nå. Igjen: Vi er bekymret for fremdriften sett i lys av den fagrapporten som foreligger.

Hvilke tanker gjør samferdselsministeren seg knyttet til tempoet i intercitytriangelet konkret, basert på den fagrapporten som de ser på som veldig vesentlig?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:55:00]: Eg deler Venstre sitt ynske om mest mogleg samanhengande utbygging. Eg antek av Venstre er veldig glad for at jernbaneløyvingane har auka etter at vi overtok departementet, faktisk då frå ein Venstre-statsråd. Vi har auka budsjettet med 67 pst. til Jernbaneverket.

Så er det vidare slik at Jernbaneverket er bedt om ei eiga utgreiing som skal gjelda intercitytriangelet. Der reknar eg med at vi får meir omfattande svar, meir velgrunna svar, både i forhold til tidsperspektivet og kostnadene. Denne rapporten skal danna grunnlag for rulleringa av NTP, altså den stortingsmeldinga som vi planlegg i 2013.

Borghild Tenden (V) [11:56:07]: Jeg takker igjen for svaret.

Venstre har også økt sine bevilgninger, og det gjør de fleste regjeringer. Sett i lys av de pengene vi har, har Venstre også tatt det inn over seg. Så der er vi enige. Vi har faktisk brukt mer penger i våre alternative budsjetter enn det regjeringen har levert.

Jeg vil gå litt over på kollektivtrafikk. Venstre har i alle sine alternative budsjetter løftet kollektivtrafikken betydelig. Blant annet har vi opprettet en egen post på statsbudsjettet til planlegging, investering og drift av kollektivtrafikk i de store byene – banen til Fornebu, bybanen i Bergen og Stavanger, banen til Ahus. Dette er krevende prosjekter som ikke byene greier å finansiere selv. Denne posten kommer i tillegg til belønningsordningen, som også Venstre har økt mer enn det regjeringen har. Men denne spesielle posten på statsbudsjettet som går til byene og utfordringene knyttet til de store byene, er dette noe samferdselsministeren vil se på sett i lys igjen av fagrapportene?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:57:15]: Det er ingen tvil om at alt som gjeld kollektivtransport i og omkring dei store byområda, må styrkjast. Det handlar både om miljø og framkomelegheit, og det handlar faktisk òg om mangel på areal.

Så står det i gjeldande Soria Moria at det er fylkeskommunane som har ansvaret. Fylkeskommunane skal ha ein økonomi som gjer at dei kan vareta sine oppgåver òg på det området. Belønningsordninga er nemnd, det er òg tilskottet til bybane der det er aktuelt. Eg er einig i at trass i at belønningsordninga er dobla og auka ytterlegare med 100 mill. kr dette året og det er varsla ein ytterlegare auke, er det heilt klart behov for ytterlegare auke. Eg ser fram imot dei møta som vi no skal ha med fylkeskommunane om neste NTP i februar/mars og det vidare arbeidet med Nasjonal transportplan.

: