Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 19. januar 2011 kl. 10

Dato:
President: Per-Kristian Foss
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 4

Arne Sortevik (FrP) [11:40:59]: Spørsmålet lyder:

«Årlig bevilges over statsbudsjettet kap. 1351 penger til kjøp av persontransport med tog. Samlet beløp i 2011 er 2200 mill. kr. I 2009 ble 40 pst. av pengene brukt til transport i byen og fylket Oslo. De tre andre storbyene i Norge, Bergen, Stavanger og Trondheim, har lite jernbanenett i egen by. Derfor gir dagens ordning en betydelig særbehandling av persontransport i Oslo.

Vil statsråden endre på dette slik at befolkningen i de største byene likebehandles gjennom statens årlige kjøp av persontransport?»

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:41:55]: Kollektivtrafikken er i dag organisert slik at fylkeskommunane har ansvaret for drift av all lokal kollektivtrafikk, mens staten har ansvaret for all persontrafikk som går på det statlege jernbanenettet. Statlege overføringar til fylkeskommunane til bl.a. driftinga av lokal kollektivtrafikk blir løyvde over budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet. Overføringane blir delte på fylkeskommunane etter faste delingsnøklar som skal fanga opp utgiftsskilnadene i driftinga av den lokale kollektivtrafikken i den enkelte fylkeskommunen.

Regjeringa har heilt frå ho overtok i 2005, prioritert kommunar og fylkeskommunar ved å sørgja for ein kraftig vekst i dei frie inntektene. Desse inntektene, som i hovudsak består av rammetilskot og fylkeskommunanes eigne skatteinntekter, finansierer bl.a. vidaregåande skule, fylkesvegar og lokal kollektivtransport. I 2011 er det samla nivået på dei frie inntektene til fylkeskommunane på om lag 49,5 mrd. kr. I 2005 var tilsvarande inntekter om lag 29 mrd. kr. Sjølv om ein tek omsyn til prisutvikling og fleire oppgåver, syner veksten i løyvingane til kommunar og fylkeskommunar at regjeringa satsar på det lokale tenestetilbodet – òg i dei andre byane. I 2009 hadde òg fylkeskommunane i overkant av 8 mrd. kr til utgifter til rutedrift over fylkeskommunale budsjett, ein auke på 15 pst. frå året før.

Den statlege løyvinga til kjøp av persontrafikk på det statlege jernbanenettet blir løyvd over Samferdselsdepartementet sitt budsjett. Den omfattar òg lokaltogtrafikken som blir køyrd i regi av NSB. I dag går det lokaltog på det statlege jernbanenettet rundt alle dei største byane i Noreg. I motsetnad til lokaltoga rundt Bergen, Stavanger og Trondheim er lokaltoga i Oslo på det statlege jernbanenettet grensekryssande, slik at dei samtidig dekkjer eit transportbehov i Akershus, Buskerud og Østfold.

Jernbanen er eit særs integrert system. Generelt meiner eg at transportbehova må løysast ved hjelp av dei transportformene som høver best i ulike delar av landet. Den statlege løyvinga til kjøp av persontransport bør slik sett ikkje lausrivast frå andre løyvingar til den statlege jernbaneverksemda. Vi har eit ansvar for å forvalta samfunnet sine ressursar best mogleg og må då leggja vekt på korleis ein best kan møta transportbehova i ulike delar av landet. Noreg er eit langstrakt land med spreidd busetnad, og mange stader høver bilen eller bussen betre enn jernbanen. Jernbanedrifta er særs kostnadskrevjande og høver best til å transportera mange menneske på kort tid mellom sentrale knutepunkt.

Når det gjeld persontransport med tog, legg regjeringa i gjeldande NTP opp til å prioritera nærtrafikken rundt dei største byane og togtrafikken på InterCity-strekningane på Austlandet. Det er i desse områda persontransporten med jernbanen har størst marknadsgrunnlag og konkurranseføremon.

Arne Sortevik (FrP) [11:45:02]: Jeg vil takke for svaret, som beskriver dagens system og illustrerer skjevheten. Om transportpolitikken i byområdene sier jo regjeringen selv i NTP at det er viktig å bedre mulighetene for å satse på lokal kollektivtransport. Et bedre kollektivtilbud øker kollektivbruken. Skal det da være historiske forhold – jernbane bygd for lenge siden – som skal være avgjørende for statens kjøp av kollektivtransport i de fire største byene?

I 2009 var belønningsordningen, det som går til kollektivtransport, i hovedsak buss, på vel 300 mill. kr. – halvparten av det staten brukte i 2009 på å kjøpe persontransport i Oslo. For reisende i de største byene er det viktig at det er et godt kollektivtilbud. Om det er buss eller tog, er mindre viktig. For de reisende i Bergen, Stavanger og Trondheim er det viktig at staten bidrar, uavhengig av hvor det er mye jernbane, eller hvor det er mye vei.

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:46:09]: Lat meg seia tre ting. For det fyrste, når det gjeld belønningsordninga, vil Oslo framføra at dei får altfor liten del av ho. Grunngjevinga der er todelt, utan at eg no brukar tid på dette.

Lat meg for det andre seia at kollektivsatsing vil få auka merksemd i den rulleringa som vi held på med, og som gjeld Nasjonal Transportplan. For det tredje: I 2009 var talet på reiser med lokaltog i Osloregionen på om lag 72 pst. av alle reiser med tog i Noreg. 40 pst. av den statlege løyvinga gjekk til kjøp av lokaltog i Oslo. Tilskottsdelen per reise i Oslo var altså på 19 kr. Tilsvarande var tilskottsdelen per reise i Trondheim på 74 kr, lokaltoga i Stavanger på 39 kr, Bergen–Arna 22 kr og Bergen–Voss–Myrdal 104 kr.

Arne Sortevik (FrP) [11:47:12]: Jeg takker for svaret.

Dette kan man jo regne og illustrere på mange måter. Staten brukte i 2009 nesten 650 mill. kr på persontransport i byen Oslo. Bergen får under 20 mill. kr til sin egen bystrekning mellom Bergen og Arna. Skjevheten er jo åpenbar. Regner man dette om per innbygger, kjøper staten per innbygger i Oslo for over 1 100 kr, mens man i Bergen ligger på under 80 kr. Men svaret er klart gitt to ganger – det er altså jernbane som skal til for å få mer penger. Hvordan vil regjeringen få fart på jernbaneutbygging i Bergen til f.eks. bydelen Åsane, med 45 000 innbyggere, og til Flesland flyplass, som er landets nest største flyplass, slik at lokalbaner i Bergen på et jernbanenett kan henge sammen med nasjonalt jernbanenett – også med de bevilgningene som gis fra staten til det jernbanenettet?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:48:15]: Lat meg berre gjenta ein gong til at tilskottselementet her er veldig forskjellig per reise, altså 19 kr per reise i Oslo, tilsvarande 74 kr per reise med lokaltog i Trondheim, og med lokaltog i Stavanger 39 kr. Tilsvarande tal for Bergen–Arna er 22 og for Bergen–Voss–Myrdal 104. Det betyr at det er eit tilskottselement inne.

Så trur eg at når vi tenkjer framover, må vi på den eine sida basera oss på det transportnettet som passar best. På den andre sida må vi òg ta omsyn til f.eks. dei planane som ligg føre når det gjeld bybane, som vi i Soria Moria-erklæringa har stadfesta at vi skal ta omsyn til i våre tilskott overfor dei fylkeskommunane der det er aktuelt.

: