Stortinget - Møte onsdag den 19. januar 2011 kl. 10
President: Per-Kristian Foss
Spørsmål 3
Øyvind Halleraker (H) [11:32:46]: Jeg har et spørsmål til samferdselsministeren:
«Igjen opplever vi reportasjer om dårlige skodde vogntog på norske vinterveger. Dette skaper trafikkfarlige situasjoner med stor fare for liv og helse for andre trafikanter. Særlig er utenlandske vogntog ofte svært utilfredsstillende skodd for norske forhold. Statens vegvesen varsler hyppigere kontroller, likevel skjer det daglig svært mange farlige hendelser.
Hvilke nye tiltak vil statsråden iverksette for å få endret denne uholdbare situasjonen?»
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:33:30]: Eg er oppteken av dei trafikkfarlege situasjonane som dårleg skodde vogntog kan skapa på norske vegar. Det er ein uhaldbar situasjon at både norske og utanlandske førarar ikkje i tilstrekkeleg grad tek omsyn til vêrforholda. Det går òg ut over trafikkavviklinga, med dei kostnadene det medfører.
I vinterhalvåret er eit godt veggrep for køyretøy viktig for framkome og trafikktryggleik på norske vegar. Når det oppstår hendingar, er årsaka ofte ein kombinasjon av dårlege dekk, manglande kjettingar, ueigna køyretøykombinasjonar og uerfarne sjåførar. Statens vegvesen har opplyst at det frå 1. oktober og fram til 15. desember 2010 har vore 62 hendingar som har medført stenging av veg og/eller bilberging som kjem av tunge køyretøy på riks- og fylkesvegar i region nord. Av desse 62 hendingane var det 22 med utanlandske køyretøy, noko som svarar til ca. 30 pst. av dei totale tilfella.
Statens vegvesen har i alle år hatt fokus på problema. Ei rekkje tiltak er sette i verk for å hindra at tunge køyretøy skaper problem i vintertrafikken. Statens vegvesen gjennomfører målretta kontrollar. Det blir f.eks. fokusert konkret på køyretøy som ikkje er eigna til å køyra på vinterføre, som har dårlege dekk og/eller manglande kjettingar. Køyretøy med slike manglar vil som regel få bruksforbod og bli plukka ut av trafikken.
Eit anna problem er når tunge køyretøy køyrer seg fast. I dei situasjonane er det viktig at dei raskt blir fjerna frå vegen – dette av omsyn til framkome for trafikken elles, men òg av omsyn til ei mest mogleg effektiv snørydding. Erfaringane frå Sørlandet vinteren 2006/2007 viser at ei viktig årsak til at dei ikkje klarte å halda desse vegane opne, var fastkøyrde tungbilar som hindra effektiv snørydding. Statens vegvesen har erfart at fjerning av fastkøyrde tunge køyretøy i somme tilfelle har teke lang tid, bl.a. fordi førarane ikkje har evne eller vilje til å betala for oppdraget, eventuelt framskaffa garanti frå eigar, speditør e.l.
Eg er glad for å kunna melda at vegtrafikkloven nyleg er endra, slik at Statens vegvesen no har heimel til å fjerna køyretøy som har køyrt seg fast og er til hinder for framkoma. Berre politiet hadde denne retten tidlegare. No blir det enklare for vegstyresmaktene raskt å sikra framkome på vegane våre. Dette er etter mi meining eit viktig tiltak som nyleg er tredd i kraft, som vi vil sjå verknadene av utover i vinterhalvåret.
Lat meg i tillegg understreka at det sjølvsagt fell på den enkelte, anten ein er norsk eller utanlandsk, å sko seg for tilstrekkeleg veggrep i høve til føreforholda.
Øyvind Halleraker (H) [11:36:33]: Jeg takker for svaret.
Det er jo slik at mange mennesker føler en betydelig usikkerhet ved å legge ut på norske veger på vinterstid, nettopp fordi vi stadig leser reportasjer om for dårlig skodde vogntog som også skaper farlige situasjoner for andre trafikanter. Ikke bare skaper de trafikkork ved at de står og sperrer vegen – de sperret faktisk hovedinnfartsårene, det så vi i mange reportasjer i vestlandsavisene i forrige uke – men det er frykten for at noe skal skje med disse dårlig skodde vogntogene som kanskje opptar de fleste. Da er det gledelig at vegtrafikkloven er endret slik at man har fått denne hjemmelen. Kan statsråden tenke seg å komme tilbake til Stortinget og rapportere om hvor stor virkning dette har hatt på nettopp dette problemet?
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [13:44:30]: Der er svaret ja. Eg ser med interesse fram til kva for verknad dette forslaget kan ha. Eg gjorde mitt for at saka vart fremja for Stortinget. Stortinget handterte lovendringa veldig kvikt, og ho vart med ein gong òg sanksjonert av Kongen, siste fredag før jul. Det betyr så langt at Statens vegvesen har hatt denne heimelen i kort tid. Litt tid må dei ha til å områ seg med omsyn til praksis. Det står enno noko arbeid att før ein kan kunngjera korleis denne heimelen fungerer, men eg ser fram mot resultata.
Øyvind Halleraker (H) [11:38:35]: Jeg vil gjerne takke for svaret og for at statsråden tok fatt i denne saken, som, igjen, opptar svært mange.
Jeg tror også at mange spør om det er kraftige nok sanksjonstiltak overfor dem som ikke skor seg skikkelig. Det er et område som det sikkert er mulig å gjøre mer på. Det vil også bidra til å bedre konkurransesituasjonen for norske kjøretøy, som altså møter denne situasjonen på vegene: utenlandske kjøretøy som ikke håndterer norske forhold på en ordentlig måte.
Tidligere i dag har vi hatt en debatt om trafikksikkerhet med statsministeren. Dessverre ville han ikke ta imot en utstrakt hånd og lage en handlingsplan som kunne forplikte oss alle. Statsråden har tidligere antydet at hun for sin del vil tenke på det. Kunne statsråden si noe mer om det?
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:39:40]: Lat meg seia det som representanten Halleraker veit svært godt, at vi har ein omfattande trafikksikkerheitsplan, med faktisk 152 tiltak.
Så har eg sagt at eg vil ikkje avvisa nokon forslag som vil bidra til betre trafikktryggleik, men lat meg no nytta høvet til å invitera Høgre med på eit samarbeid om det som heiter «strekningsvis automatisk trafikkontroll». Måling av gjennomsnittsfart er det tiltaket som no internasjonalt desidert er rekna for å bidra til størst effektivitet når det gjeld trafikktryggleik. Vi har no gjeve grønt lys for Statens vegvesen til gjennomføring av 40 nye strekningar på det området. Der kan Høgre bidra – leggja vekk sin motstand og stilla opp for det.
Øyvind Halleraker (H) [11:40:44]: Jeg får vel ikke flere spørsmål.
Presidenten: Det gjør nok representanten Øyvind Halleraker ikke. Derimot vil representanten Arne Sortevik få ordet nå, for vi går videre til spørsmål 4, som er fra representanten Arne Sortevik til samferdselsministeren.