Stortinget - Møte onsdag den 12. januar 2011 kl. 10
President: Dag Terje Andersen
Spørsmål 6
Arne Sortevik (FrP) [11:46:00]: Med presidentens tillatelse vil jeg gjerne starte med å ønske statsråden godt nytt år.
Så kommer spørsmålet:
«Vinteren 2010/2011 har så langt gitt utfordringer med luftkvaliteten i Oslo og Bergen. Også andre av landets større byer har eller kan få slike utfordringer. Det er viktig at regjeringen gjennom Samferdselsdepartementet tar et større ansvar for transportløsningene i de største byene; da vil også luftkvaliteten kunne bedres både på kort og på lang sikt.
Hvilke positive virkemidler vil statsråden bruke for å forbedre transportløsningene i de største byene og samtidig unngå problemer med luftkvaliteten?»
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:46:46]: Lat meg kvittera med å ynskja Sortevik eit riktig godt nytt år. Måtte det bli eit svært godt år for norsk samferdsel!
Så til svaret: Det er arbeidd systematisk med luftkvaliteten i dei store byane i mange år. Konsentrasjonen av svevestøv er vesentleg redusert. Tidlegare utrekningar var for optimistiske med omsyn til utviklinga i utslepp av NO2. No viser det seg at det er ei større utfordring å tilfredsstilla krava enn venta, både for snitt gjennom året og for periodevis høge nivå under spesielle vêrsituasjonar, slik vi har sett i Bergen og i Oslo den seinare tida. Avgasskrava til nye køyrety har vist seg å ha mindre effekt på NO2-konsentrasjonane enn venta.
For å redusera NO2-konsentrasjonane er det naudsynt å redusera biltrafikken i dei største byområda. Vi har klargjort at regionvegkontor og kommunar med heimel i vegtrafikklova § 7 andre ledd kan setja i verk akuttiltak som t.d. mellombels køyreforbod og andre trafikkregulerande tiltak på grunn av dårleg luftkvalitet. Vidare har departementet gjeve Vegdirektoratet i oppdrag å senda på høyring eit forslag til endring av veglova § 27, noko som vil gjera det mogleg å fastsetja mellombelse tidsdifferensierte bompengesatsar ved tilfelle av høg luftforureining. Dette kan bidra til å redusera toppane i luftureininga. Reduksjon nokre dagar gjev avgrensa effekt for året sett under eitt. Vi må difor òg gjera tiltak som gjev varig effekt.
Vi nyttar i dag ei rekkje tiltak for å få fleire over på andre transportmiddel enn bil, t.d. store midlar til kollektivtransport og gang- og sykkelvegar. Det er likevel ikkje mogleg å få til naudsynt reduksjon i trafikken berre med slike tiltak.
For å redusera biltrafikken i byområda er det naudsynt med tiltak som er retta direkte mot biltrafikken. Slike tiltak kan vera køprising, restriktiv parkeringspolitikk, prioritering av framkomsten for kollektivtrafikken m.m. Kommunane har hittil vist avgrensa interesse for å ta slike tiltak i bruk. Belønningsordninga vart innført for å gje lokale styresmakter sterkare incentiv til å ta i bruk meir restriktive tiltak retta mot bilbruken. Midlane frå belønningsordninga kan nyttast til å betra kollektivtilbodet i takt med innføring av restriksjonar på bilbruken. I dei tre fireårige avtalane departementet har inngått, er det ein nær samanheng mellom planar for betring av kollektivtilbod, gang- og sykkeltiltak og bruk av restriktive verkemiddel. Tiltaksplanane er tilpassa situasjonen i det enkelte byområdet.
Arne Sortevik (FrP) [11:49:31]: Jeg takker for svaret.
Transportøkonomisk institutt har evaluert akuttiltak iverksatt i Bergen i januar og februar i fjor. Det viser at været er den sentrale faktoren i akuttsituasjonen, og at det heller er endring i værforholdene enn endring i trafikkbildet som fører til endring i forurensningssituasjonen. Effekten av datokjøring er usikker fordi endrede værforhold påvirket luftkvaliteten allerede før tiltaket var iverksatt.
Men som statsråden var inne på, er tiltak innen kollektivtransporten viktig og nyttig og kan være et positivt virkemiddel, hvis det ikke knyttes betingelser om straffetiltak overfor dem som har behov for å bruke biltransport. Derfor er mitt oppfølgingsspørsmål: Vil statsråden øke statens kjøp av persontransport med buss og tog i Bergen og Oslo uten å kreve restriktive tiltak for nødvendig biltransport?
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:50:46]: Det er brei semje i denne salen – alle partia med unntak av Framstegspartiet – om at det er viktig å bruka midlar slik at ein ytterlegare stimulerer kollektivtiltak, kombinert med restriktive tiltak for bilbruk. Slik er det. Eg vil følgja opp belønningsordninga. Eg vil følgja opp kjøp av persontransport òg i kommande år. Vi har inngått ein avtale med NSB som tilseier ein stor auke. Vi har auka belønningsmidlane med 100 mill. kr i 2011. Det er varsla ytterlegare auke. Det er naudsynt òg å spela på lag med lokale styresmakter.
Arne Sortevik (FrP) [11:51:52]: Fremskrittspartiet spiller på lag når det gjelder å styrke kollektivtransporten. Men vi er opptatt av at det skal bli belønning for dem som ønsker å reise kollektivt, uten at det nødvendigvis følger en straff med for dem som har et nødvendig bilbasert transportbehov. På lang sikt er det viktig å gjøre noe med utslippet av nitrogendioksid. Ett av de effektive tiltakene er å sørge for en hurtigere utskiftning av norsk bilpark. Dagens dieselbil, f.eks. en dieselbil fra 2010, slipper ut en femtedel av de stoffene en dieselbil gjorde for ti år siden.
Hva vil statsråden gjøre for å stimulere til forsterket fornyelse av bilparken i Norge? 70 pst. av bilparken i Norge er over fire år, og det skjer altså en rivende teknologisk utvikling som gjør at nye biler slipper ut vesentlig mindre av alle utslippsgasser. Hva vil statsråden gjøre for å få en forsterket fornyelse av bilparken i Norge?
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:52:59]: Lat meg aller fyrst seia at eg trur nok mange astmatikarar, allergikarar og òg mange pendlarar og andre ikkje opplever det som ei straff at det blir meir tilrettelagt for kollektivtilbod – eit ansvar som det elles er fylkeskommunane som har, frå fylke til fylke.
Så har regjeringa varsla ei ytterlegare omlegging av avgiftene for å sikra eit betre miljø. Vi har tal i forhold til eingongsavgiftene som viser at ein ny bil i dag slepp ut 20 pst. mindre CO2 enn for fem år sidan. Vi har òg NO2 inne i desse vurderingane, og vi kjem til å følgja opp ytterlegare. Men når det gjeld avgifter, så er jo det arbeidet noko som finansministeren har ansvaret for.