Stortinget - Møte onsdag den 24. november 2010 kl. 10
President: Dag Terje Andersen
Spørsmål 6
Arne Sortevik (FrP) [12:00:18]: Spørsmålet lyder slik:
«I Nasjonal transportplan 2010–2019 sier regjeringen under omtale av investeringsprogrammet at et «viktig satsingsområde (…) vil være å legge til rette for videre utvikling av nasjonale intermodale knutepunkt». Utvilsomt vil en slik utvikling bidra til å skape mer effektive og pålitelige transportkjeder. Utfordringen er at utvikling av slike knutepunkt krever samhandling mellom flere politiske nivå, offentlige etater og private interesser.
Hva er statsrådens hovedgrep for å få fortgang i utviklingen av slike nasjonale transportknutepunkt?»
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [12:01:11]: Nasjonale intermodale knutepunkt er viktige for å få meir effektive og pålitelege transportkjeder, samstundes som ein legg til rette for at meir transport kan gå på jernbane og sjø i staden for på veg.
For å få dette til er det naudsynt å knyta vegnettet betre saman med stamnetthamner, jernbaneterminalar og andre viktige knutepunkt. I Nasjonal transportplan 2010–2019 definerer regjeringa 31 stamnetthamner. Landverts tilknyting er viktig for 25 av dei, medan dei seks andre hamnene er sjø–sjø-baserte terminalar. Desse hamnene er knytte opp til stamleia som går langs kysten frå Svinesund til grensa mot Russland.
Utviklinga av nasjonale intermodale knutepunkt – transportknutepunkt der fleire transportslag møtest, og der overgang mellom dei er mogleg – vil òg vera eit viktig område i stortingsmeldinga om Nasjonal transportplan 2014–2023, som skal leggjast fram våren 2013. Retningsline 1, som gjeld utgreiingsfasen, blei send etatane og Avinor i midten av februar. Vi bad her etatane og Avinor om å greia ut på tvers av sektorane og transportslaga. Retningsline 2, som gjeld planfasen, blir send ut i mars neste år. Etatane og Avinor skriv no ein rapport som oppsummerer analysane frå utgreiingsfasen. Denne vil vera eit viktig grunnlag for føringane vi gjev for planfasen.
Vi ber i Retningsline 1 om at etatane og Avinor ser på korleis ein kan få best moglege knutepunkt for godstransport. Mellom anna ber vi dei gjera greie for dei største flaskehalsane og kva som kan hindra ei effektiv utvikling av dei intermodale knutepunkta Oslo, Kristiansand, Stavanger, Bergen og Tromsø. Desse er alle utpeika hamner etter hamne- og farvatnslova.
Retningsline 1 legg opp til ein brei og inkluderande prosess. I tillegg til fylkes- og storbykommunane blir òg andre aktørar inviterte til å ta del i arbeidet. Etatane og Avinor vil m.a. henta innspel frå sentrale brukar- og interessegrupper og relevante direktorat.
Eg vil følgja resultata som kjem fram i utgreiingane, nøye, slik at retningslinene for planarbeidet så langt som mogleg tek omsyn til desse funna. Slik vil best mogleg kunnskap liggja til grunn for vidare arbeid med Nasjonal transportplan.
Eg er difor trygg på at vi har ein prosess som gjer oss i stand til å koma vidare òg når det gjeld å utvikla effektive knutepunkt for godstransport.
Arne Sortevik (FrP) [12:04:06]: Takk for svaret. La meg først presisere det statsråden sa, at intermodale knutepunkt er knutepunkt der flere enn to transportformer møtes – viktige punkter i nasjonal sammenheng for nasjonale transportkjeder.
Jeg er ikke beroliget over at man skal se på dette i ny planprosess – av to grunner, minst. Den ene er at det er et uttalt satsingsområde for den planperioden som vi er inne i, med den planen som er vedtatt, og som vi nå er i ferd med å legge to år bak oss av, at vi skal utvikle slike knutepunkt. Derfor er det ikke betryggende å høre at det nå skal inn i en ny runde med forberedelser til en ny rullering av ny plan. Den andre er at Transportøkonomisk institutt, som er referert i gjeldende plan, viser til at nettopp det at disse knutepunktene håndteres lokalt eller på regionalt nivå, fører til at man får manglende sammenheng mellom nasjonale og regionale lokale mål.
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [12:05:18]: Til Sortevik sitt innlegg no er det bra å kunna seia at vi sjølvsagt har eit engasjement òg i inneverande periode. Staten sitt engasjement i utviklinga av terminalar og intermodale knutepunkt kjem i fyrste rekkje gjennom investeringane i statleg infrastruktur til og i terminalane under dei planprosessane som fører fram til desse løysingane. Til dømes har vi på Jæren nyleg utvida, modernisert og sett i drift jernbaneterminal på Ganddal, og vi har etablert ein utvida hamneterminal i Risavika. Begge desse tiltaka vil bidra til ein meir effektiv og påliteleg godshandtering og til å få meir gods over på sjø og bane. I fleire byområde, som på Brattøra i Trondheim og i Drammen-området, er det i gang konseptvalutgreiingar som t.d. har som formål å finna dei mest effektive løysingane for intermodal transport av gods.
Arne Sortevik (FrP) [12:06:21]: Igjen takk for svaret. I bergensområdet er det et viktig prosjekt i arbeid som har stor nasjonal betydning, men hvor det statlige grepet og det politiske grepet fra overordnet myndighet ikke synes å være til stede. Det er mange statlige etater involvert, men mer som deltagere, virker det som. Det er flere kommuner samt en fylkeskommune involvert, og det er fra privat sektor en rekke organisasjoner og interesseorganisasjoner som alle peker på Flesland-området, hvor vi nettopp kan få et intermodalt knutepunkt hvor alle de fire transportformene faktisk kan møtes. Men det krever politisk styring, det krever politisk samordning av en helt annen type enn det vi har sett til i dag. Min etterlysning til statsråden er: Hvor er sentral politisk myndighet for å få utviklet og få fortgang i utviklingen av knutepunkt Flesland?
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [12:07:30]: No nemnde eg tre eksempel. Alle desse tre har det felles at dei har eit sterkt lokalt engasjement, samtidig som dei òg prøver å dra i lag.
Mitt inntrykk så langt av dei møta som eg har vore på som gjeld Bergen, er at her trengst det enno nokre lokale avklaringar før vi kan koma vidare. Men som eg her nemnde, har etatane fått eit spesielt oppdrag, og dei leverer det no. Vi skal drøfta det med fylkeskommunane i februar og gjera greie for dei største flaskehalsane og kva som kan hindra ei effektiv utvikling av dei intermodale knutepunkta i fleire byar, m.a. Bergen. Det er sjølvsagt fordi vi skal engasjera oss vidare på eit best mogleg grunnlag.