Stortinget - Møte onsdag den 24. november 2010 kl. 10
President: Dag Terje Andersen
Spørsmål 5
Borghild Tenden (V) [11:51:41]: Jeg har følgende spørsmål til samferdselsministeren:
«Økt satsing på kollektivtrafikk var et av de viktige punktene i klimaforliket. Nå melder de største byene våre at satsingen på kollektivtrafikk ikke fanger opp befolkningsveksten i sentrale strøk. Dyre baneløsninger blir for eksempel krevende. I Akershus er dette et hyppig tema i lokalmedia. I en situasjon der Ruteplan 2012 er utsatt, befolkningsveksten er sterk og folk gjerne vil reise kollektivt, mener Venstre at staten må ta et større ansvar.
Er statsråden enig med Venstre i dette?»
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:52:27]: Ansvaret for kollektivtrafikken er som kjent delt mellom staten og fylkeskommunane. Med forvaltningsreforma har fylkeskommunane dessutan fått auka ansvar og auka ressursar til å driva ein heilskapleg transportpolitikk. Regjeringa har ikkje som formål å endra den ansvarsdelinga.
Staten har dei siste åra auka løyvingane vesentleg på eigne ansvarsområde, både til veg- og jernbaneformål. Løyvingane til Jernbaneverket har auka med 2 700 mill. kr – 67 pst. – sidan regjeringa overtok i 2005. Det er svært viktig at løyvingane til drift, vedlikehald og oppgradering av eksisterande infrastruktur aukar. Utan den sterke prioriteringa av drift og vedlikehald på jernbanen ville det ikkje vore mogleg å halda oppe dagens togtilbod og heller ikkje leggja til rette for ein framtidig auke i togtilbodet.
Samtidig som innsatsen på drifts- og vedlikehaldsområdet har auka, har løyvingane til investeringar også auka monaleg. I Oslo-området blir det investert store beløp i eit stort tal store og mindre infrastrukturtiltak for gradvis å kunna realisera eit sterkt forbetra togtilbod og for å ta igjen etterslepet i vedlikehald og fornying.
Når det gjeld den ikkje-statlege kollektivtransporten, har staten gjeve lokale styresmakter både nye moglegheiter og auka ansvar. Samtidig har forvaltningsreforma òg gjeve fylkeskommunane større ressursar og større moglegheiter til sjølve å prioritera mellom tiltak for kollektivtransport og biltransport. Om lag 26 000 mill. kr vart i form av rammetilskott overførte til fylkeskommunane i 2010, noko som bl.a. kan finansiera lokal kollektivtransport. I tillegg kjem overføringane i samband med forvaltningsreforma.
Regjeringa har òg auka løyvinga til belønningsordninga for betre kollektivtrafikk og mindre bilbruk, som er øyremerkt kollektivtiltak i dei større byområda. I 2010 var løyvinga på 333 mill. kr, og for 2011 er det føreslått 431 mill. kr. Vidare har staten dei siste åra gjort endringar i regelverket for bruk av bompengar, slik at det no er mogleg òg å bruka bompengeinntekter til finansiering av drift av kollektivtransport.
Utviklinga dei siste åra viser at innsatsen nyttar. For eksempel var det over 10 millionar fleire kollektivpassasjerar i 2009 enn i 2008. Det aller meste av auken var med buss i byområda, men òg trikk og T-bane førte vidare den positive trenden frå 2008.
Staten har altså alt teke eit utvida ansvar. Eg ser no fram til rulleringa av Nasjonal transportplan og kjem der til å syta for at kollektivtrafikk blir eit eige tema.
Borghild Tenden (V) [11:55:37]: Jeg takker statsråden for svaret.
Jeg hadde for så vidt ventet meg denne skrytelisten. Jeg kjenner også veldig godt til hva regjeringen har lagt fram. Poenget mitt er at dette ikke er nok.
Tirsdag morgen ble jeg invitert til å stå og fryse sammen med mange andre busspassasjerer på en holdeplass på Nesbru i Asker, og jeg kan bekrefte at det er mange som ønsker å reise kollektivt, som statsråden også var inne på. Bussen var selvsagt forsinket, og da den først kom, kjørte den forbi fordi den var full. Det er ingen spesiell opplevelse for oss kollektivreisende.
Venstre har i sitt alternative budsjett økt bevilgningene til jernbane med nesten 1 mrd. kr, vi har økt belønningsordningen, og vi har en egen post med tilskudd til særlig kollektivtransport i storbyene. Er dette noe samferdselsministeren vil se på og følge opp – altså forslag i Venstres alternative budsjett?
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:56:29]: Lat meg understreka den store gleda over at punktlegheita heldigvis i løpet av sommaren og hausten har sett langt betre ut enn tilfellet var gjennom vinteren i fjor. Samtidig er det ingen tvil om at det er forbetringspotensial både på punktlegheit og på rom for langt fleire passasjerar enn dei mange som satsar på kollektivtilbod i dag. Vi er heilt nøydde til å forsterka innsatsen. Det har med helse og miljø å gjera, men det har òg med framkomst å gjera. Det er slik at mange vil ikkje ha noko val i dei mest sentrale byområda – det er ikkje plass til bil til alle.
Til spørsmålet kan eg berre svara at desse tiltaka har vi òg sjølve på agendaen, og dei vil bli drøfta i samband med rulleringa av Nasjonal transportplan.
Borghild Tenden (V) [11:57:44]: Jeg takker igjen statsråden for svaret.
Når det gjelder punktlighet, var den, hvis en skal tro avtroppende NSB-sjef, Einar Enger, best i 2005, leste jeg i media.
Men tilbake til spørsmålet mitt. Jeg var i et frokostmøte her en dag og hørte om verdiskaping i hovedstadsregionen. Der fikk jeg opplyst at innen 2030 vil vi ha en befolkningsvekst i hovedstadsregionen på 400 000 mennesker. Temaet var verdiskaping, men det aller første de kom inn på, var faktisk kollektivtransport og alle de ulønnsomme timene som folk tilbringer i køer. Verst var det faktisk på E18 i Vestregionen, som var en propp i hele samferdselssystemet.
Kan vi forvente en økt satsing av samferdselsministeren på akkurat dette? Hun sier at det er flere som ønsker å reise kollektivt, og det er det jeg ser. Jeg ser at det er flere av oss som ønsker å reise miljøvennlig. Vi ønsker å slippe fram næringslivet og dem som er avhengige av veien. Men da må vi ha en økt satsing.
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:58:55]: På éin måte er det litt merkeleg å stå her og nærmast bli stilt til rekneskap av Venstre, som jo hadde dette departementet under den førre regjeringa, og der vi ikkje akkurat kan kalla innsatsen på samferdsel for satsing. Det er òg litt påfallande å få fram igjen denne statistikken frå 2005. Faktum er jo at i 2005 gjekk det langt færre tog, slik at det var færre tog å sjå punktlegheita i høve til. Men lat no det vera.
Mitt korte svar på om innsatsen skal styrkjast, er ja. Prognosane for austlandsområdet: Vi kan jo håpa på at Senterpartiet blir styrkt, slik at fleire vel alternativ busetjing, og at dei verste prognosane ikkje slår til. Men det er ingen tvil om at dei prognosane vi no har, må vi ta på alvor. Det betyr at vi må satsa endå meir enn i dag på kollektive løysingar.