Stortinget - Møte tirsdag den 23. november 2010 kl. 10
President: Dag Terje Andersen
Dokumenter:
Sak nr. 5 [12:36:13]
Innstilling fra justiskomiteen om endringar i bustadoppføringslova og avhendingslova (skjerping av garantireglar og regulering av vidaresal)
Talere
Votering i sak nr. 5
lov
om endringar i bustadoppføringslova og
avhendingslova (skjerping av garantireglar og
regulering av vidaresal)
I
I lov 3. juli 1992 nr. 93 om avhending av fast eigedom blir det gjort følgjande endringar:
§ 1-1 nytt fjerde ledd skal lyde:
(4) Avtale om vidaresal av rett etter avtalar som nemnt i bustadoppføringslova § 1 første ledd bokstav b og § 1 a skal ikkje reknast som avhending av fast eigedom. Ved slikt vidaresal til ein forbrukar, kan vidareseljaren likevel ikkje krevje utbetalt vederlag for retten som overstig kjøpesummen i det opphavlege avtaleforholdet med entreprenøren (meirverdi), før kjøparen har overteke bustaden og fått rettsvern for dette ervervet. Dersom entreprenøren ikkje fullfører arbeidet, fell kjøparen si plikt til å betale slik meirverdi bort. Føresegnene i andre og tredje punktum kan ikkje fråvikast ved avtale.
§ 1-1 fjerde og femte ledd blir nytt femte og sjette ledd.
II
I lov 13. juni 1997 nr. 43 om avtalar med forbrukar om oppføring av ny bustad m.m. blir det gjort følgjande endringar:
§ 1 første ledd bokstav b skal lyde:
b. avtale om rett til fast eigedom med ny eigarbustad når arbeid som entreprenøren står for, enno ikkje er fullført på avtaletida. Likt med dette skal reknast avtale om vidaresal av slik rett.
§ 12 skal lyde:
§ 12. Garanti for oppfylling av avtalen
Entreprenøren skal stille garanti for oppfyllinga av avtalen. Ei slik plikt gjeld likevel ikkje dersom ein på avtaletida kan rekne med at vederlaget ikkje vil overstige to gonger grunnsummen i folketrygda.
Garantien skal gjelde fram til fem år etter overtakinga og dekkje ein sum som minst svarer til ti prosent av vederlaget. For krav som blir gjorde gjeldande på eit seinare tidspunkt enn i samband med overtakinga, kan garantisummen likevel vere fem prosent av vederlaget.
For avtalar som omfattar rett til grunn (§ 1 første ledd bokstav b), skal garantien gjelde fram til fem år etter overtakinga og dekkje ein sum som minst svarer til fem prosent av vederlaget. For krav som blir gjorde gjeldande før overtakinga, kan garantisummen likevel vere tre prosent av vederlaget. Dessutan gjeld § 47 andre og tredje ledd om garanti for forskotsbetaling.
Ved avtalar om rett til bustad som er knytt til eller skal knytast til andel i burettslag, jf. § 1 a, skal garantisummen i andre og tredje ledd reknast på grunnlag av den samla summen av kontantvederlag og andel fellesgjeld i burettslaget.
Garantisten kan ikkje ta atterhald om avgrensing av ansvaret på grunn av manglande premiebetaling eller anna mishald frå entreprenørens side. Det kan ikkje setjast frist for melding til garantisten om krav som er gjorde gjeldande i tide overfor entreprenøren. Har forbrukaren svart på førespurnad frå garantisten om kva krav som er gjorde gjeldande innan fristane, gjeld ansvaret berre krav som er nemnde i svaret frå forbrukaren.
Garantien kan også gjerast gjeldande av forbrukaren sine rettsetterfølgjarar. Garantisten kan ikkje ta atterhald som avgrensar denne retten.
Garanti skal gjevast i form av sjølvskuldgaranti eller tilsvarande frå ein finansinstitusjon som har rett til å tilby slik teneste i Noreg. Likt med garanti skal reknast deponering av pengesum i finansinstitusjon som nemnd i første punktum på tilsvarande vilkår.
Til det er dokumentert at det ligg føre garanti i samsvar med paragrafen her, har forbrukaren rett til å halde att alt vederlag.
§ 47 tredje ledd andre punktum skal lyde:
§ 12 femte og sjette ledd gjeld tilsvarande.
III
1. Lova gjeld frå den tid Kongen fastset.
2. Endringane i bustadoppføringslova §§ 12 og 47 gjeld berre for garantiavtalar inngått etter iverksetjinga av lova.
3. Endringane i bustadoppføringslova § 1 gjeld berre for avtalar om vidaresal inngått etter iverksetjinga av lova.
4. Endringane i avhendingslova § 1-1 gjeld berre for avtalar om vidaresal av rett etter avtalar som nemnt i bustadoppføringslova § 1 første ledd bokstav b og § 1 a, som er inngått etter iverksetjinga av lova.
Presidenten: Det voteres over lovens overskrift og loven i sin helhet.
Votering:Lovens overskrift og loven i sin helhet ble enstemmig bifalt.Presidenten: Lovvedtaket vil bli ført opp til andre gangs behandling i et senere møte i Stortinget.