Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 20. oktober 2010 kl. 10

Dato:
President: Dag Terje Andersen
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 4

Øyvind Halleraker (H) [11:40:16]: «I mandatet for høyhastighetsutredningen fase 2 er det bestemt at ulike konseptuelle løsninger som flerbruksbaner, stoppmønster, hastighetsstandard og mulighet for trinnvis utvikling av eksisterende banenett skal utredes. Dette er hver for seg og samlet viktige premisser for korridoranalysene som skal gjøres senere i fase 3. Etter det som er blitt kjent, er ikke disse viktige konseptvurderingene med i fase 2 i tilstrekkelig grad som forutsatt.

Hva er årsaken til dette?»

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:41:02]: Slik representanten Halleraker her heilt korrekt peiker på, skal det greiast ut ulike løysingar i fase 2 av høgfartsutgreiinga. Desse vurderingane blir viktige premissar i samband med korridoranalysane i neste fase. Men eg kan forsikra om at desse spørsmåla og problemstillingane er varetekne i dei nyleg inngåtte avtalane med ulike eksterne konsulentmiljø som skal assistera Jernbaneverket sin prosjektorganisasjon.

Samferdselsdepartementet har bedt Jernbaneverket greia ut kva for handlingsalternativ som er best eigna for å nå dei overordna transportpolitiske måla i dei ulike korridorane. Følgjande alternativ er spesifiserte i mandatet for høgfartsutgreiinga:

  • referansealternativet, altså ei vidareføring av dagens jernbanepolitikk

  • ei meir offensiv vidareutvikling av eksisterande jernbaneinfrastruktur, òg utanfor IC-området

  • eit høgfartskonsept som delvis byggjer på eksisterande nett og IC-strategi

  • hovudsakeleg separate høgfartsbanar

Slik sett er ikkje dette berre ei utgreiing av nye banar for høgfartstog, men ei utgreiing som skal gje tilrådingar til langsiktige strategiar for utviklinga av langdistanse persontransport med jernbane i Sør-Noreg.

Øyvind Halleraker (H) [11:42:41]: Det er to problemstillinger her, egentlig. Det ene er at man hele tiden har ment at man har behov for internasjonal kompetanse for å foreta disse utredningene, og det har også jernbanedirektøren bekreftet. Det er bra at man har lyst ut disse anbudene internasjonalt.

Så har flertallet, som står bak dette, sagt i innstillingen til NTP:

«Flertallet mener det spesielt bør arbeides videre med konsepter for flerbruksbaner med blandet trafikk av høyhastighetstog, regionstog og godstrafikk.»

Det er det, pluss varierende stoppmønster, blandingen av regionstog, høyhastighetstog og hastighetsstandard, som undertegnede mener er mangelfullt ved det anbudsgrunnlaget som nå er utsendt. Etter det svaret som statsråden nettopp ga, kan det tyde på at dette tillegges det Jernbaneverket å utrede. Da er mitt spørsmål: Er det slik vi hadde forutsatt det med internasjonal kompetanse?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:43:48]: Det er jo slik med dei anboda som så langt er tildelte, at det er eit sterkt innslag nettopp av internasjonal kompetanse. Det har vore ein føresetnad som har lege der, rett og slett ut frå ei erkjenning av at her er det både internasjonal erfaring og kompetanse på den type tog som vi ikkje har i Noreg. Skal vi koma vidare på dette feltet, må vi dra vekslar på kompetanse som finst internasjonalt.

Så til Halleraker sitt spørsmål: Eg oppfattar det slik, heilt klart, at alle desse ulike sidene – desse fire ulike alternativa – skal greiast ut og skal bli varetekne samla sett av den same kompetansen.

Øyvind Halleraker (H) [11:44:57]: Det er selvfølgelig mange spørsmål, og det mandatet som er lagt, er også svært omfattende. Vi bruker en betydelig slump penger fra statens side på denne utredningen, og da er det viktig at den er så grundig som mulig, og at vi også får avdekket det vi ønsker å få vite, før en beslutning. Det er også et bredt forlik bak dette mandatet, med mange partier, som ikke alle sitter i regjering heller. Dermed blir det viktig med forankring også i denne sal.

Jeg kunne tenke meg å utfordre statsråden på om hun kunne tenke seg å komme til Stortinget med en redegjørelse ved en passende anledning om arbeidet med høyhastighetsutredningen – om ikke før, i alle fall i revidert statsbudsjett.

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:45:57]: Eg er vel kjend med at det er eit breitt forlik som ligg til grunn for dei utgreiingane som er bestilte. Difor har eg òg vore meg veldig bevisst måten sjølve oppdraget er beskrive på, nettopp for å få fram både fordelar og ulemper med ei utbygging av høgfartsjernbane og konsekvensane for transportsystemet som heilskap.

Det kan godt vera at det ville vera naturleg på eit tidspunkt å orientera Stortinget noko meir, men no er dette eit arbeid som føregår, og det er tildelt anbod på den fyrste delen allereie. Så det skal eg få lov til å koma tilbake til. Men det som eg kan lova representanten Halleraker, er at eg sjølvsagt skal ta ein ekstra runde med Jernbaneverket for å forsikra meg om at dei er på rett spor i forhold til det som er oppdraget. Det har eg personleg ingen grunn til å tvila på, men for ordens skuld: ein ekstra runde.

: