Stortinget - Møte onsdag den 13. oktober 2010 kl. 10
President: Dag Terje Andersen
Spørsmål 6
Arne Sortevik (FrP) [12:02:13]: Jeg har følgende spørsmål til samferdselsministeren:
«Konkurranseutsetting har medført en modernisering av ferjeflåten. I perioden fra 2006 til 2013 vil 20 ferjer på 18 riksveiferjesamband være erstattet av nybygg. Konkurranseutsetting har også her gitt god effekt. Nye og ofte større ferjer krever justerte, utvidete eller nye ferjekaier.
Hvordan sikrer regjeringen økonomiske rammer som gjør at standarden på ferjekaiene både på riksveiferjer og fylkesveiferjer holder tritt med fornyelsen av ferjene?»
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [12:03:09]: Under normale forhold skal tilbydar på drift av ferjesamband nytta ferjer som er tilpassa eksisterande ferjekaiar. Det er difor særleg der trafikkauke fører til at det må setjast inn nybygde ferjer som er større enn tidlegare, at det kan vera naudsynt å byggja om eller byggja nye ferjekaiar. Vanlegvis vil dette vera kjent tre til fire år før ei nybygd ferje kan setjast inn i trafikk. Det er difor mogleg å ta omsyn til behovet for ombygging eller bygging av nye ferjekaiar på riksvegnettet ved fordeling av dei økonomiske rammene i Nasjonal transportplan og når dei endelege prioriteringane blir fastsette gjennom utarbeiding av etterfølgjande handlingsprogram. I Statens vegvesen sitt handlingsprogram for perioden 2010–2013 er det prioritert midlar til utbetring og ombygging av ei rekkje ferjekaiar på riksvegnettet. Dette blir følgt opp i samband med dei årlege budsjetta. I tillegg vart det prioritert midlar til dette formålet i perioden 2006–2009. Tilfredsstillande tilpassing mellom ferjer og ferjekaiar på riksvegnettet skal følgjeleg vera sikra.
Fylkeskommunane må prioritera midlar til ombygging eller bygging av nye ferjekaiar på fylkesvegnettet innanfor eigne budsjett. I den samanhengen vil eg visa til at økonomien til fylkeskommunane vart vesentleg styrkt gjennom forvaltningsreforma. For det fyrste vart rammetilskotet auka med om lag 6 mrd. kr som følgje av ansvaret for nye vegar. For det andre vart rammetilskotet auka med ytterlegare 1,1 mrd. kr. I tillegg kjem statlege tilskot til rassikringstiltak på fylkesvegnettet over Samferdselsdepartementet sine budsjett, noko som òg inneber ein vesentleg auke samanlikna med tidlegare år. Frå 2010 har regjeringa dessutan innført ordninga med rentekompensasjon for transporttiltak i fylkeskommunane.
I transportetatane sitt forslag til Nasjonal transportplan for perioden 2010–2019 var det foreslått at 250 mill. 2007-kroner av ramma til fylkesvegnettet i fyrste fireårsperiode skulle øyremerkast til tilpassing av ferjekaiar. Det viste seg at det var svært vanskeleg å fastslå storleiken på investeringsbehovet som følgje av konkurranseutsetjing av ferjedrifta. Dette kjem m.a. av at det for mange av ferjekaiane var ynske om å gjennomføra langt meir omfattande utbetringar enn det som var ein nødvendig konsekvens av konkurranseutsetjinga. Forslaget fekk difor ikkje tilslutning, men eg kjem som følgje av dette til å følgja utviklinga på dette feltet særleg nøye.
Arne Sortevik (FrP) [12:06:09]: Jeg takker for svaret.
Når statsråden i svaret fort kommer til forvaltningsreformen, er det riktig og viktig, fordi hele 78 av 95 tidligere riksveiferjesamband nå er overført til fylkene. Å si at økonomien for fylkeskommuner som har overtatt en rekke ferjesamband, er vesentlig styrket, er i det minste åpent for fortolkning. Selvfølgelig er det gledelig at det har kommet ekstra rassikringsmidler, men her snakker vi altså om ferjekaier.
Finnes det ferjestrekninger på fylkesveisambandet som i dag mangler tilpasning mellom ferje og kai? Og hvilke tiltak ser statsråden kan gjøres for å få bort slike flaskehalser? Jeg har lyst til å legge til at jeg ikke vil håpe at det kommer gjennom bompenger. Vi har ett eksempel, Årsnes i Hordaland, der 20 pst. av ferjebilletten på 96 kr faktisk er bompenger for selve kaiforbedringen.
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [12:07:18]: Det er mitt inntrykk at for 2010 var fylkeskommunane faktisk positivt overraska i høve til dei rammene dei då fekk. Eg tenkjer særleg på den ekstra milliarden som dei fekk i frie inntekter. Det var òg eit visst engasjement for å få på plass ei rentekompensasjonsordning som fylkeskommunane kunne disponera fritt. For 2011 blir altså den ekstra milliarden vidareført. Det gjer òg dei rammene for lånefinansiering, eller for rentefrie lån, som vart etablerte i 2010, altså desse 2 milliardane. Om det finst ferjekaiar som i dag ikkje er oppdaterte, er det jo då opp til det enkelte fylke no å påvisa.
Arne Sortevik (FrP) [12:08:22]: Takk igjen for svaret.
Det er jo slik at en av premissene for forvaltningsreformen er at nasjonale målsettinger skal ivaretas, så derfor lurer jeg på om det er et nasjonalt mål at ferjene også på fylkesveiene skal moderniseres. Jeg har lyst til å legge inn der når statsråden flere ganger refererer til kompensasjonsmidler, at det er lånemidler som stilles til rådighet for fylkeskommuner med i utgangspunktet anstrengt økonomi, og ikke alle ser seg tjent med, eller ser det som mulig, å oppta lån for å gjøre en jobb staten ikke gjorde da staten var ansvarlig. Så jeg spør: Er det et nasjonalt mål at ferjene på fylkesveiene også skal moderniseres? Og hvordan ser statsråden for seg at dette kan gjøres innen rimelig tid, slik at vi også får modernisering på fylkesveiferjene, slik som vi nå ser at vi kan komme til å få på riksveiferjene?
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [12:09:31]: Lat meg fyrst presisera at vi snakkar om to typar midlar, vi snakkar om lånerammer innanfor 2 mrd. kr, men så snakkar vi òg om 1 mrd. kr som vart vidareført frå 2010 til 2011, som i utgangspunktet var meint å vera ei eingongsløyving, men som altså er vidareført.
Så til spørsmålet om modernisering òg av fylkesvegkaiane. På det er svaret ja. Ei viss modernisering skjedde i perioden 2006–2009 for nokre av desse kaiane. Det er ynskjeleg at fleire blir moderniserte, men det viste seg altså umogleg, iallfall svært vanskeleg, å fastslå storleiken på investeringsbehovet, fordi ein samtidig då ville gjera ytterlegare forbetringar – difor denne frå-år-til-år-situasjonen.