Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 24. mars 2010 kl. 10

Dato:
President: Dag Terje Andersen
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 1

Presidenten: Dette spørsmålet, fra representanten Elisabeth Aspaker til kunnskapsministeren, vil bli besvart av kommunal- og regionalministeren på vegne av kunnskapsministeren, som er bortreist.

Elisabeth Aspaker (H) [11:15:36]: Jeg tillater meg da å stille følgende spørsmål til kommunal- og regionalministeren:

«Årlig er det om lag 10 000 elever som får tilskudd til kjøp av pc og nødvendig programvare på grunn av lese- og skrivevansker. I budsjettet for 2010 er tilskuddsatsene redusert med 2 600 kroner for alle, noe som vil medføre betydelige egenandeler ved kjøp av pc.

Mener statsråden dette harmonerer med gratisskoleprinsippet, og hva vil statsråden gjøre for å sikre tilgang på gratis hjelpemidler for barn med ulike lærevansker?»

Marit Nybakk hadde her overtatt presidentplassen.

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:16:06]: Etter opplæringslova § 2-15 og § 3-1 har elevar i høvesvis grunnskulen og vidaregåande opplæring rett til gratis offentleg opplæring. Dette inneber at det er kommunen og fylkeskommunen som skuleeigarar som skal bere utgiftene. Dette er viktig for at alle elevar skal få moglegheit til å få grunnopplæring, uavhengig av dei føresette sin økonomi.

Opplæringa skal tilpassast evnene og føresetnadene til den enkelte eleven. Elevar som ikkje har, eller ikkje kan få, tilfredsstillande utbyte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning. Spesialundervisninga skal ha eit slikt innhald at det samla opplæringstilbodet kan gi elevane eit forsvarleg utbyte av opplæringa. Skuleeigar har ansvar for å stille det utstyret til rådvelde som er naudsynt for at elevane skal få eit forsvarleg utbyte av opplæringa, uansett om det er tale om spesialundervisning eller ordinær opplæring.

I høve til retten til gratis opplæring vert det skilt mellom pedagogiske hjelpemiddel, læremiddel og utstyr som skuleeigar har ansvar for å tilby gratis til elevane, og andre tekniske hjelpemiddel og utstyr som ikkje er spesifikt knytte til opplæringa, og som skuleeigar ikkje er ansvarleg for. Grenseoppgangen mellom det utstyret som ligg under skuleeigar sitt ansvarsområde, og tekniske hjelpemiddel som høvesvis Hjelpemiddelsentralen kan vere ansvarleg for, kan likevel ikkje vere til hinder for at borna får tilgang til det utstyret dei treng, utan omsyn til foreldra sine økonomiske føresetnader.

I spørsmålet vert det vist til tilskotsordninga til ordinært datautstyr i folketrygda. Ordninga gjeld i all hovudsak tilskot til standard pc for elevar med lese- og skrivevanskar. Etter 1. august 2007 er fylkeskommunen pålagd å halde elevar under vidaregåande opplæring med nødvendige digitale læremiddel og digitalt utstyr. Tilskotsordninga gjennom folketrygda gjeld difor fortrinnsvis for skuleelevar før dei kjem til vidaregåande skule. Som oftast er det behov for forholdsvis enkelt IT-utstyr til tekstbehandling. Når det gjeld utstyr til multifunksjonshemma og synshemma elevar med behov for meir avansert og spesialtilpassa utstyr, vert utstyret føreslått lånt frå Hjelpemiddelsentralen.

Tal frå SSB viser at pc-tettleiken i befolkninga generelt no nærmar seg 90 pst. I hushald med barn er han endå høgare. Som ei naturleg følgje av at standard pc i stor grad har vorte allemannseige, har tilskotet frå folketrygda gradvis vorte redusert. Beløpet er no på eit nivå som normalt ikkje dekkjer heile utgifta til innkjøp av pc. Eg vil understreke at opplæringslova er klar på at kommunar ikkje kan krevje at elevar eller foreldre dekkjer utgifter i samanheng med grunnskuleopplæringa. I eit tilfelle der innkjøp av pc er naudsynt som følgje av korleis grunnskuleopplæringa ved ein skule er lagd opp, kan ikkje utgifta til dette innkjøpet krevjast dekt av foreldra.

Til slutt vil eg vise til at problemstillinga representanten tek opp, er eit av fleire spørsmål som Hjelpemiddelutvalet, som er nedsett av Regjeringa, har fått i oppgåve å sjå nærare på. Utvalet skal vere ferdig med sitt arbeid innan utgangen av april 2010.

Elisabeth Aspaker (H) [11:19:34]: Jeg vil takke statsråden for svaret.

Det er klart at dette angår svært mange – ti tusen elever, det er faktisk 400 skoleklasser, hvis det er 25 elever i hver klasse. Vi vet at tilgang til pc, ikke bare som tekstbehandlingsutstyr, men også i matematikk og andre fag, er viktig for at skolen skal gi et godt læringsutbytte til de elevene som sliter med vansker. Det gjør pc til et viktig hjelpemiddel.

De nye satsene fra 2010 er for en bærbar pc 5 950 kr og for en stasjonær pc 4 450 kr. Samtidig vet vi at programvare skal dekkes innenfor den prisen. Den skal dekke bæreveske, og pc-en skal vare i fire år. Det betyr at man kanskje ikke bør kjøpe den aller billigste pc-en. Det jeg lurer på, er på hvilket grunnlag de nye satsene er satt, og om statsråden faktisk kan forsikre Stortinget om at alle unger som virkelig trenger pc, får pc.

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:20:31]: Som eg gjorde greie for i hovudsvaret mitt, vil dei som har behov for slikt utstyr – då tenkjer eg på dei meir funksjonshemma og synshemma som har behov for meir avansert og spesialtilpassa utstyr – få låne utstyr frå Hjelpemiddelsentralen. Den gruppa representanten er oppteken av, er elevar med ulike former for lærevanskar som sjølvsagt òg har eit behov, men som ikkje har behov for så spesialtilpassa utstyr. Me må òg ta med i berekningane, som eg sa, at dei aller fleste familiar i dag har pc-utstyr i hushaldet. På det grunnlaget har tilskotet frå folketrygda vorte gradvis redusert. Det er noko som ikkje kan verke heilt urimeleg.

Elisabeth Aspaker (H) [11:21:28]: Jeg synes det er ganske irrelevant å vise til at de fleste husholdninger har pc. Jeg kjenner elever som har pc som de bruker. Den tar de med seg fram og tilbake til skolen, og den har et innhold som absolutt ikke samsvarer med det man eventuelt har på en hjemme-pc. Så jeg synes det på en måte er bortsnakk. Man må forsikre seg om at de elevene som trenger tilgang til denne type hjelpemiddel, faktisk får det også i framtiden.

Stortinget og Regjeringen har vært opptatt av at elevene skal slippe å betale egenandel f.eks. når de skal på leirskole. Det skal de overhodet ikke få lov til, mens man her altså legger opp til en pc-ordning der man slett ikke kan være sikker på at det ikke kommer en tilleggsregning i posten til foreldrene. Jeg lurer som sagt fortsatt på hvordan disse satsene er satt, om det bare er en saldering av den posten i budsjettet som tilfeldigvis gjør at satsene blir som de blir. Jeg setter store spørsmålstegn ved om det faktisk er mulig å skaffe seg en god elev-pc for de prisene som Rikstrygdeverket og Nav er villige til å refundere.

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:22:32]: Det er jo òg eit uomtvisteleg faktum at prisane på teknologi og teknisk utstyr har gått mykje ned i den seinare tida, og at det slik sett er mogleg i dag å skaffe seg ein pc for eit helt anna og lågare beløp enn det ein kunne berre for få år tilbake. Eg kan ikkje gå i detalj på korleis beløpet er rekna ut, eg ber om forståing for det, i og med at eg ikkje er fagstatsråd og derfor ikkje har hatt moglegheit til å gå inn i dei utrekningane. Men berre ved å vere ein alminneleg observatør av dei tallause flygeblada som kjem kvar veke, ser ein jo at det å skaffe seg ein pc av det ein kan kalle normal standard, kan ein gjere for ein forholdsvis rimeleg penge.

Eg vil igjen minne om at Hjelpemiddelutvalet, som er oppnemnt av Regjeringa, og skal leggje fram sitt arbeid no i vår, skal drøfte dette, og eg er heilt sikker på at dei òg vil sjå både på prisutrekninga og på behovet for eventuelt å styrkje denne posten ytterlegare.

: