Stortinget - Møte onsdag den 10. februar 2010 kl. 10
President: Dag Terje Andersen
Spørsmål 9
Ingjerd Schou (H) [12:11:30]: Nå kan sikkert både samferdselsministeren og jeg være enige om at det viktigste er å få toget på skinner, og at det kommer. Men det gjør det jo ikke alltid. Mitt spørsmål er derfor:
«NSB har lovet kompensasjon til togreisende ved forsinkelser. Kompensasjonsordningen har en anslått kostnad på 10–20 mill. kr. Forsinkelser og innstillinger over 30–60 minutter skyldes for det meste forhold utenfor NSBs kontroll.
Betyr dette at kostnadene vil gå ut over andre jernbaneprosjekter?»
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [12:12:08]: Eg er hjartans einig i at i denne tida må det vera eitt overordna mål, og det er at fleire tog er i rute.
Eg er fornøgd med at NSB no har fått på plass ei føreseieleg kompensasjonsordning som òg omfattar togpendlarane. Den nye ordninga er i samsvar med det som vart varsla etter møtet 7. januar i år mellom meg og leiinga i NSB og Jernbaneverket. Her vart ei ordning frå EU omtald. Eg såg ikkje nokon grunn til å venta på at EU si forordning om nye passasjerrettar for reisande med jernbanen skulle implementerast i norsk rett.
I samråd med leiinga i NSB vart det avklart at NSB frå 1. februar 2010 skulle innføra ei ordning der dei reisande får 50 pst. prisavslag på billettprisen dersom toget er meir enn 60 minutt forseinka mellom Oslo og Bergen, Oslo og Trondheim, Oslo og Kristiansand, Oslo og Stavanger og mellom Trondheim og Bodø, og meir enn 30 minutt forseinka når det gjeld alle andre persontog. Det vart dessutan bestemt at tilsvarande ordning skulle gjelda for reisande med periodebillettar, slik at dei mange pendlarane som dagleg reiser med jernbanen, òg skulle få ein kompensasjon ved forseinkingar i togtrafikken.
Eg er merksam på at NSB kan koma til å krevja kompensasjon for dei meirkostnadene ordninga vil innebera for selskapet, og som ligg inne i avtalen staten ved Samferdselsdepartementet har med NSB om statlege kjøp. Førebels har NSB rekna med at ordninga vil kunna kosta i storleiken 10 mill. kr–20 mill. kr på årsbasis basert på dei togforseinkingane som har vore fram til no. Men talet er likevel høgst usikkert, og utviklinga i driftssituasjonen vil vera avgjerande for kor mykje ei slik ordning vil kosta over tid.
Korleis meirkostnadene i 2010 skal dekkjast, kan eg fyrst ta stilling til når NSB har lagt fram eit endeleg dokumentert krav for i år. Dersom det blir bestemt at ordninga skal innførast permanent frå 2011, legg eg opp til at eit anslag for eventuelle meirkostnader blir dekt innafor løyvinga som blir fastsett for kap. 1351, post 70 Kjøp av persontransport med tog, i samband med Regjeringa si behandling av statsbudsjettet for 2011. Eg vil uansett ikkje leggja opp til at spesielle jernbaneprosjekt som er i gang, eller som etter planen skal startast opp i inneverande planperiode, 2010–2013, vil bli stoppa på grunn av den nye kompensasjonsordninga som no er innførd.
Ingjerd Schou (H) [12:15:00]: Det er veldig fint at statsråden ligger foran EU på noen områder. Jeg hører også at for 2010 vil departementet ta regningen. Men NSB vil nok komme til å gjøre krav på noen inndekninger, og da er det departementet som får regningen. Men ansvaret for årsaken til disse forsinkelsene ligger hos Jernbaneverket. Ifølge rapportene om alle de togene som ikke kommer, og som gjør at folk ikke kommer på jobb eller ikke rekker barnehage, er det Jernbaneverket som har ansvaret for disse forsinkelsene. Jeg hører at uansett vil kostnadene være i millionstørrelsen. Så mitt oppfølgingsspørsmål til en samferdselsminister som allerede ligger 2–3 milliarder etter målene i forhold til Nasjonal transportplan, vil fortsatt være om det vil forskyve ytterligere viktige tiltak. Vil det tas fra driftsmidlene, eller vil det være fra investeringer på andre sektorer når statsråden skal dekke inn den regningen for kompensasjonsordningen?
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [12:16:07]: Det er rett at dette har si årsak i tiår med forsømingar med skjenegangen. Det er òg gamalt togmateriell. Ein har gjort ein intensiv innsats for å betra skjenegangen frå Jernbaneverket si side. Det er òg gjeve løyvingar til bestilling av nytt togmateriell.
Så er mitt svar at kostnadene ved denne refusjonsordninga skal ikkje gå ut over andre jernbaneprosjekt.
Ingjerd Schou (H) [12:16:59]: Det er riktig, og jeg er enig med statsråden i, at vi trenger gode, langsiktige løsninger – og en statsråd som tør og vil utvise et overordnet lederskap. Hensikten med en slik kompensasjonsordning bør være å gi NSB og Jernbaneverket en motivasjon til å tenke brukerorientert, å være opptatt av brukeren, og at resultatene får økonomiske konsekvenser. Jeg er ikke sikker på at vi oppnår det ved en slik blankofullmakt fra departementet. Så spørsmålet til statsråden vil jo da være om dette er et forsøk på å kjøpe seg fri fra ansvaret for en jernbane i krise og uten tillit.
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [12:17:45]: Det er det ikkje. Det er ikkje eit forsøk på å kjøpa seg fri. Men det er eit bidrag overfor pendlarar som i dag føler at dei ikkje får ei vare som dei har betalt for.
Vi kan ikkje dekkja alle kostnader. Det er frå før ei ordning med drosjeutgifter og andre faktiske utgifter, som går sin gang. Men lat meg understreka når det gjeld motivasjon i NSB og Jernbaneverket: Eg har møtt både i leiinga i NSB og i Jernbaneverket – bokstaveleg talt ute på tog og spor – mange svært motiverte fagfolk som gjer så godt dei kan i ei krevjande tid, i ei tid då kulda har forsterka problemet.