Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 10. februar 2010 kl. 10

Dato:
President: Dag Terje Andersen
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 8

Arne Sortevik (FrP) [12:03:17]: Dette er et spørsmål som jeg håper også blir tatt på alvor:

«I Nasjonal transportplan 2010–2019 er utvikling av nasjonale transportknutepunkt et viktig strategisk tiltak for å effektivisere nasjonalt transportarbeid. Bergen har muligheten for å utvikle et slikt knutepunkt på Flesland. Der kan det bli kobling mellom vei, jernbane, Norges nest største flyplass og ny havn. Kobling av jernbane til flyplass krever felles forståelse av mål, strategi og innsats fra henholdsvis Jernbaneverket og NSB. Denne samordningen mangler.

Hva vil statsråden gjøre for å sikre god samordning mellom berørte etater?»

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [12:04:17]: Lat meg seia aller fyrst at eg takkar for påminninga. Eg skal svara på åtte spørsmål i dag, og eg trur svara vil visa at eg tek alle spørsmåla på alvor.

Så til svaret. NSB har tidlegare kome med utspel om ny persontrafikkbane mellom Bergen sentrum og Bergen lufthamn, Flesland. Det er ikkje utarbeidd eller behandla slike planar i Jernbaneverket. Jernbaneverket er staten sin etat for planlegging og bygging av jernbaneinfrastruktur.

Det føregår arbeid med konseptvalutgreiing, KVU, for regionpakke Bergen. Arbeidet blir leia av Statens vegvesen, men med deltaking frå bl.a. Jernbaneverket, Kystverket, Hordaland fylkeskommune og Bergen kommune. Konseptvalutgreiinga tek for seg transportsystemet i heile Bergensregionen, og vil òg inkludera kollektivsystemet. Resultatet av utgreiinga – og den vidare behandlinga av ho – vil vera eit viktig grunnlag for avgjerd knytt til den vidare utviklinga av jernbanesystemet i Bergensområdet.

Bergen kommune har planar om ein skjenegåande kollektivbane til Flesland. Dersom denne blir realisert, ser ikkje Jernbaneverket eit jernbanespor for berre persontrafikk som aktuelt. Jernbaneverket meiner at ein eventuell framtidig persontrafikkbane mot Flesland må sjåast i samanheng med den pågåande utgreiinga av ny hamn i Bergen. Dersom denne blir lokalisert til Flesland, og det kjem fram at jernbanegodshandteringa, som per i dag ligg på Nygårdstangen, bør lokaliserast saman med framtidig hamneterminal, vil persontrafikk på jernbanestrekninga vera naturleg å vurdera som tilleggseffekt av eit nytt godsspor. Arbeida med utgreiing av ny hamnelokalisering blir gjort i regi av Hordaland fylkeskommune, men er pr. i dag ikkje ferdigstilt. Jernbaneverket deltek i prosessen, bl.a. med tanke på ei mogleg jernbanetilknyting.

Per i dag ligg det altså ikkje føre konkrete planar om jernbanespor til Flesland. Min forgjengar, Liv Signe Navarsete, har fleire gonger svart på spørsmål omkring denne problemstillinga. I 2009 ser eg at representanten Sortevik har fått svar på tre spørsmål om dette temaet.

Eg meiner at det no er naturleg å venta på resultatet av pågåande KVU for regionpakke Bergen og utgreiing omkring lokalisering av ny hamn før ein tek stilling til om eit slikt arbeid skal startast opp.

Arne Sortevik (FrP) [12:07:00]: Takk for svaret. Det setter lys på nettopp det som er utfordringen i denne saken: å gå fra passiv observering av en mulighet til aktive politiske grep for å planlegge, gjennomføre og realisere et svært godt prosjekt.

Alle partier er opptatt av å utvikle knutepunkt. En studie utført av Transportøkonomisk institutt viser at bare et fåtall land har utviklet en nasjonal politikk for godstransport i byer. Problemene håndteres vanligvis lokalt og regionalt. Effekten er ofte manglende sammenheng mellom nasjonale, regionale og lokale mål. NSB har, som statsråden vel var inne på, en strategi for å utvikle togbasert persontransport i de store byene. Til Flesland kan man få begge deler på samme spor – man kan få persontransport, og man kan få godstransport. Ser ikke statsråden at jernbane til Flesland er et viktig nasjonalt prosjekt som krever nasjonal, politisk styring?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [12:08:06]: Framdrifta for arbeidet med KVU, konseptvalgutredning, og KS1, ekstern kvalitetssikring i tidleg fase av store, statlege investeringsprosjekt, er lagt opp slik at saka eventuelt vil kunna leggjast fram i samband med stortingsmeldinga om Nasjonal transportplan 2014–2023. Men eg synest det er viktig at vi òg lyttar til den debatten som går regionalt om dette.

Så kan eg seia at vi er aktive lyttarar i den forstand at seinast i går, i eit transport- og logistikkforum som er etablert som eit nasjonalt kontaktorgan med Samferdselsdepartementet, var òg dette med hamn på Flesland eit tema.

Arne Sortevik (FrP) [12:09:13]: Det er viktig ikke bare å være en aktiv lytter, men også en tydelig peker og en tydelig retningsdriver. La meg henge på at i dette prosjektet med jernbane til Flesland er også lokaltog fra Åsane til Flesland inne. Det kan altså, med tanke på spørsmål tidligere her i salen, redusere biltrafikken i Bergen med 20 pst. Det er et tilbud som er et godt alternativ til bil, fordi det er få stopp langs linjen.

NSB har i mange år arbeidet med planer om tog både til Åsane og til Flesland, men de strever med å få Jernbaneverket like interessert som NSB er selv. Det er nødvendig med klare føringer og klare signaler.

Jeg får ingen signaler om hvor lang tid jeg har igjen, president – men mitt spørsmål er: Vil statsråden gi grønt lys for prosjektarbeid med jernbane både til NSB og til Jernbaneverket og ikke minst signal om at de må arbeide sammen om dette som bør og skal være et fellesprosjekt?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [12:10:18]: Eg har nemnt det arbeidet som no skjer i Bergen kommune med ein personbane til Bergen, det som ein kan kalla ein skjenegåande kollektivbane, altså bybanen. Der blir det no i vårsesjonen arbeidd med ei sak om vidareføring av Bergensprogrammet. Eg synest at vi må sjå det òg i samanheng med ein eventuell framtidig jernbane til Flesland.

Så har eg registrert at det i fleire storbyområde er auka fokus på å kombinera bane og veg med hamn utanom sjølve bykjernen. Difor følgjer vi no nøye med på den debatten som går i Bergen og Hordaland.

: