Stortinget - Møte onsdag den 10. februar 2010 kl. 10
President: Dag Terje Andersen
Spørsmål 4
Arne Sortevik (FrP) [11:35:47]: Dette er et spørsmål til samferdselsministeren:
«Streng langvarig vinterkulde har gitt spesielle utfordringer når det gjelder transportavvikling og luftkvalitet i de største byene. Bergen har vært spesielt rammet. Topografi, stor gjennomgangstrafikk og få, men store trafikknutepunkt med sprengt transportkapasitet gjør utfordringene særlig store på både kort og lang sikt.
Vil statsråden vurdere utvidet statlig medvirkning i samarbeid med Hordaland fylkeskommune og Bergen kommune for å styrke det bussbaserte kollektivtilbudet på kort og lang sikt?»
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:36:32]: Det er fylkeskommunane og Oslo kommune som har ansvar for den lokale kollektivtransporten i fylka. Regjeringa har ingen planar om å endra på dette ansvarsforholdet, men vi ser det som vår oppgåve å sørgja for at lokale styresmakter har dei verkemidla dei treng for sjølv å betra transportavviklinga og den lokale luftkvaliteten i byane.
Når det gjeld lokal kollektivtransport utanom jernbanen, er staten si rolle i utgangspunktet avgrensa til dei årlege løyvingane i fylkeskommunane over budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet. Desse løyvingane har auka kraftig under denne regjeringa. Dermed har òg dei lokale styresmaktene sine moglegheiter til å sørgja for eit godt kollektivtilbod vorte betre.
Frå og med 2004 har dessutan staten gjeve tilskott til kollektivtransport i dei største byane i Noreg. Tilskotta er gjevne gjennom påskjønningsordninga for betre kollektivtrafikk og mindre bilbruk. I tråd med klimaforliket vart midlane til påskjønningsordninga dobla frå 2008 til 2009 til 323,4 mill. kr. I 2010 er det til disposisjon ca. 333 mill. kr til ordninga.
Når det gjeld verkemiddel for å betra den lokale luftkvaliteten, meiner eg det er svært viktig å gje dei kommunane som ynskjer det, verkty som gjev moglegheit til betre luftkvalitet i byane. Dette betyr at vegtrafikken må ned. Eg har difor gjeve høg prioritet til avklaring av fleire forslag, der både spørsmål om lågutsleppssoner og køprising inngår.
Arne Sortevik (FrP) [11:38:28]: Spørsmålet går på en spesiell situasjon knyttet til en spesiell vinter, og spesielt til bussbaserte kollektivtilbud i Bergen. Søknadsfristen for statlige midler til kollektivtransporten går ut 15. februar, altså i denne måned. Hittil har signalene fra Regjeringen vært overtydelige på at tiltak Regjeringen liker, skal belønnes, og tiltak Regjeringen ikke liker, skal straffes i form av at søknader ikke imøtekommes. Formålet med belønningsordningen er riktignok å stimulere til bedre framkommelighet, miljø og helse i storbyene ved å dempe veksten i behovet for motorisert transport og øke antall kollektivreiser på bekostning av reiser med privatbil. Men å øke antall kollektivreiser kan gjøres med positive tiltak, belønningstiltak som klart belønner brukeren, hyppigere avganger, direkte transport og en ekstra lav pris.
Vil Regjeringen bidra til en slik ordning, på bakgrunn av den spesielle situasjonen som ikke bare Bergen, men også andre store byer har denne vinteren?
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:39:12]: Vi tek situasjonen i Bergen på det yttarste alvor. Vi, fleire statsrådar, har òg hatt god kontakt med byrådet i Bergen om akkurat det.
Så til påskjønningsordninga. Der har jo Bergen fått midlar tidlegare. Gjennom klimaforliket og òg gjennom budsjettbehandlinga for 2010 har Stortinget sett søkjelyset på behovet for på den eine sida å styrkja kollektivtilbodet, men på den andre sida lønna dei kommunane, dei områda, som tek i bruk restriktive tiltak overfor biltrafikken, altså ein kombinasjon av desse to tiltaka. Det er sagt her at kommunar som set i verk restriktive tiltak, skal prioriterast.
Arne Sortevik (FrP) [11:40:42]: Jeg takker igjen for svaret. Da er vi, forutsigbart, tilbake igjen til pisken, med lite fokus på gulroten. Internasjonalt er buss anerkjent som effektiv kollektivtransport. Såkalt «bus rapid transit», hurtigbuss, er i bruk i mange store byer over hele verden. Et opplegg med hyppige, direkte bussavganger i rushtiden mellom bydelssentra og Bergen sentrum har vært utprøvd i perioden med dårlig luft, og videreføres nå. Rushtidsbuss er bedre enn rushtidsavgift. Til byen og tilbake, 10 kr hver vei, vil altså koste 25 mill. kr på årsbasis. Her er det snakk om et spleiselag mellom Bergen kommune, som har problemer i sin kommune og i sitt sentrumsområde, og fylkeskommunen, men det er også nødvendig å ha staten med i et slikt spleiselag.
Vil statsråden bidra til å finansiere rushtidsbuss i Bergen?
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:41:45]: Som representanten Sortevik sjølv sa, søknadsfristen for påskjønningsmidlane er 15. februar. I dag er det den 10. februar. Det betyr at det akkurat no er ein dialog mellom fylkeskommunen, Bergen kommune og departementet om nettopp dette.
Så må eg understreka ein gong til: Det er kommunane som er forureiningsmyndigheit, og som gjer dei lokale vedtaka. Samtidig er det viktig for Regjeringa å bidra til at dei kommunane som ynskjer det, har verkty som gjev moglegheit til betre luftkvalitet i byane. Eg følgjer no med interesse dei drøftingane som skjer i Bergen og i Hordaland fylkeskommune om akkurat det, altså både styrkja kollektivtilbodet og drøfta restriktive tiltak som er i tråd med ordninga.