Stortinget - Møte onsdag den 10. februar 2010 kl. 10
President: Dag Terje Andersen
Spørsmål 10
Borghild Tenden (V) [12:19:00]: Mitt spørsmål lyder:
«På bakgrunn av et representantforslag fra Høyre og Venstre ble det satt ned et utvalg som skulle se på etablering av et uavhengig veitilsyn. Utvalgets flertall mente at et uavhengig veitilsyn kunne gi viktig drahjelp i arbeidet for trafikksikkerheten, som utvalgsleder Jorunn Ringstad uttrykte det ved overrekkelsen av rapporten. Det har gått ett år siden utvalget la frem sin rapport.
Hvordan er fremdriften på dette forslaget?»
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [12:19:32]: I St.prp. nr 68 for 2006–2007 varsla Regjeringa at ho ville setja ned eit offentleg utval som skulle sjå på organiseringa av tilsynsoppgåver knytte til infrastrukturen i vegsektoren. Det vart i november 2007 sett ned eit slikt utval.
Utvalet la i februar 2009 fram sin rapport, NOU 2009:3 På sikker veg. I konklusjonen var utvalet delt. Eit fleirtal i utvalet såg det som tenleg å etablera eit statleg tilsynsorgan uavhengig av Statens vegvesen. Eit mindretal i utvalet gjekk ikkje inn for oppretting av eit slikt tilsyn.
Det faktum at det ikkje er mogleg å argumentera eintydig for at eit slikt tilsyn vil auka trafikktryggleiken og difor er fornuftig bruk av samfunnet sine ressursar, vil eg tru var ein av dei viktigaste grunnane til at forgjengaren min sette ned utvalet.
Rapporten frå utvalet, med den delte innstillinga, vart 24. april 2009 sendt på brei høyring, med frist for kommentarar og innspel 14. august 2009. Svara frå høyringa er ikkje eintydige med tanke på om det er føremålstenleg å etablera eit tilsyn for veginfrastrukturen.
Regjeringa vil, når vi har gjort ferdig våre vurderingar, leggja saka fram for Stortinget.
På spørsmålet om framdrift vil mitt svar vera at eg er nøydd til å gje våre vurderingar nødvendig tid, men eg har som mål å gje denne saka ei rask behandling, utan at eg no kan tidfesta nokon dato.
Borghild Tenden (V) [12:21:36]: Jeg takker statsråden for svaret.
Det var litt skuffende at hun ikke kunne være litt mer konkret, for Venstre mener at det haster. Venstre har begrunnet behovet for et uavhengig veitilsyn med at det vil gi klare roller og ansvarsfordeling for å ivareta sikkerheten for trafikantene. Jeg har lyst til å trekke fram et eksempel. Statens havarikommisjon for transport har sett på en møteulykke mellom to vogntog på E39 for en tid tilbake. Havarikommisjonen peker på at spor i veibanen, bratte hellinger, skarp sving, smal vei og lav friksjon bidrar til å forklare hendelsesforløpet og ulykken.
Er statsråden enig i at bedre tilsyn med veiene våre vil styrke trafikksikkerheten for trafikantene? Er statsråden fornøyd med stoda, slik den er i dag?
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [12:22:27]: Min kontakt med Statens vegvesen så langt har vist at her er det stort fokus på kvaliteten på infrastrukturen. Dei kjenner dette ansvaret. Dei har nyleg lagt fram ein omfattande rapport som nettopp set søkjelyset på trafikktryggleik. Dei har gått gjennom alle ulukker der det har vore dødsfall eller alvorlege personskadar – alle ulukker dei siste fire åra – nettopp for å sjå på om det er nokre spesielle område, spesielle faktorar ein kjenner igjen, som går igjen i ulukke etter ulukke, og kva som kan gjerast med det.
Borghild Tenden (V) [12:23:32]: Jeg takker for svaret.
Jeg vil gå litt tilbake til det første svaret, der statsråden sier at forslaget om et uavhengig veitilsyn er ute på høring. Nå er det slik at det var veldig mange organisasjoner som støttet Høyre og Venstres forslag. Jeg kan nevne Trygg Trafikk, Opplysningsrådet for Veitrafikken, NAF, Transportbedriftenes Landsforening, Autoriserte Trafikkskolers Landsforbund, Norges Lastebileier-Forbund, Nei til Frontkollisjoner – og jeg kunne fortsette å ramse opp. Så hvem statsråden nå hører, vet ikke jeg. Men når alle disse organisasjonene, som er genuint opptatt av trygghet på veiene våre, synes det er et godt forslag, er ikke det nok til at statsråden da skjærer igjennom og viser handlekraft ved å nedsette et uavhengig veitilsyn?
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [12:24:29]: Høyringsfristen var 14. august i fjor. Eg har ikkje, som Borghild Tenden, på dette tidspunktet hatt høve til å gå gjennom alle høyringsutsegnene. Det skal eg gjera, og eg skal merka meg dei synspunkta som her kjem. Eg har, med det utsnittet som eg har hatt høve til å kikka på så langt, forstått at det er ulike syn blant høyringsinstansane.
Så må eg òg få lov til å seia at i Statens vegvesen arbeider ein no med ein handlingsplan for trafikktryggleik – berre for å understreka at det å betra trafikktryggleiken blir teke på største alvor både i Statens vegvesen og i dei organisasjonane som det er naturleg for dei å samarbeida med, og i departementet. Så skal vi avklara om eit eige tilsyn er vegen å gå, eller om vi skal bruka dei midlane direkte på trafikktryggingstiltak.