Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 13. januar 2010 kl. 10

Dato:
President: Dag Terje Andersen
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 8

Borghild Tenden (V) [12:05:07]: Spørsmålet lyder som følger:

«Togkaoset fortsetter. Nesten daglig opplever de togreisende forsinkelser eller kansellerte avganger. Dette fører til at tilliten til jernbanen svekkes, og flere velger å ta bilen på jobb. I Dagsavisen 8. desember 2009 spår jernbanedirektør Elisabeth Enger at det blir enda verre før det blir bedre.

Hvilke råd vil statsråden gi de togreisende?»

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [12:05:36]: Eg er den fyrste til å beklaga alle forseinkingane og dei innstillingane av tog som vi har hatt i desember og fram til no. Eg er samd i at omfanget av togforseinkingar og kanselleringar av tog er altfor stort i forhold til dei måla som er sette for jernbanedrifta. Særleg ille har det vore i den sterke kuldeperioden som vi no opplever. Sterk kulde og jernbanedrift går tydelegvis ikkje alltid like godt saman. Dei tekniske komponentane både på jernbanenettet og på togmateriellet er særs sårbare for sterk kulde. Det gjer at togtrafikken lett stoppar opp. Omfanget av konsekvensane er størst i togtrafikken rundt Oslo, som har den største togtrafikken. Feil på sjølve jernbanenettet skaper dessutan ofte dei største problema, då dette medfører at mange tog må innstillast samtidig. Særleg gjeld dette i rushtrafikken rundt Oslo når det er mangel på ledig sporkapasitet til å kunna handtera slike avviksituasjonar på ein fleksibel måte.

For å få redusert sårbarheita er det naudsynt med ei omfattande satsing på vedlikehald og fornying av dei tekniske anlegga på jernbanenettet. Regjeringa har som kjent sett i gang dette arbeidet gjennom det såkalla Oslo-prosjektet. Prosjektet vart sett i gang i 2009 etter initiativ av Liv Signe Navarsete. I 2009 vart det løyvd 220 mill. kr til opprusting av sjølve Oslotunnelen. I 2010 er det løyvd ytterlegare 470 mill. kr til vidareføring av dette arbeidet og til oppstart av nye fornyingsprosjekt på innerstrekningane mot Oslo S. Dette er eit omfattande prosjekt. Det er kostnadsrekna til over 2 milliardar kr. Det er prioritert i NTP 2010–2019 og planlagt å vera ferdig i 2012.

Når det skal gjennomførast så omfattande arbeid på sporet samtidig med at togtrafikken skal gå som normalt, kan det lett oppstå problem med togforseinkingar og innstillingar av tog, til stor irritasjon for togtrafikantane. Det er det som er bakgrunnen for utsegna til jernbanedirektøren om at «det blir verre før det blir bedre». Etter mi vurdering vil det ikkje vera praktisk mogleg å stoppa heile togtrafikken for å kunna forsera fornyingsarbeidet. Togtrafikken måtte i tilfelle avviklast med busstrafikk. I rushtrafikken ville det i tilfelle vera behov for opp mot 300 ekstra bussar, med det trafikkaoset som det kan medføra.

I denne situasjonen er det viktig at arbeidet er godt planlangt, og ikkje minst at det blir gjeve god informasjon. Kva råd kan eg gje? Eg kan ikkje gje andre råd enn at ein må halda fram med å ta toget som vanleg, men ein må òg følgja godt med på den informasjonen som blir gjeven om eventuelle avvik i togtrafikken. Jernbaneverket i samarbeid med NSB arbeider no med eit prosjekt for å betra trafikkinformasjonen overfor dei reisande. I 2010-budsjettet er det løyvd 80 mill. kr til vidareføring av dette prosjektet.

I møtet som eg hadde med Jernbaneverket og NSB om driftssituasjonen på jernbanen førre veke, bad eg NSB om snarleg å koma opp med ytterlegare forslag om korleis dei reisande betre kan ivaretakast ved større driftsavbrot i vinterkulda, t.d. i samarbeid med lokale styresmakter. Det følgjer no NSB opp.

Borghild Tenden (V) [12:09:15]: Jeg takker statsråden for svaret. Kulde bør vel ikke være noen stor overraskelse i et land som Norge, og trikken og T-banen i Oslo går til tross for kulden.

Så mitt neste spørsmål: Samferdselsministeren har lovet pendlerne et bedre tilbud innen 2012, når arbeidet i Oslotunnelen er ferdig. I VG i dag varsler direktøren for NSB Persontog at togkaoset vil vedvare i 30 år hvis ikke bevilgningstakten til utbygging av jernbanen trappes betydelig opp, utover det som ligger i Nasjonal transportplan. Er samferdselsministeren enig i denne vurderingen, og vil hun trappe opp utbyggingstakten for jernbane på Østlandet i tråd med f.eks. det Venstre foreslo i NTP?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [12:10:05]: Eg trur representanten Tenden og eg skal vera samde om ei sak: Det tek tid å retta opp mange års forsømingar. Det må det vera rett å seia. Her er det mykje dårleg skjenemateriell, og det er òg dårleg materiell på skjenene.

Denne regjeringa har altså begynt på ei opptrapping. Vi har nesten tredobla investeringsbudsjettet. Vi skal auka det ytterlegare fram mot 2013. Så er eg heilt samd i at det vil vera behov for ytterlegare opptrapping etter dette. Til dømes bør vi sjå på heilt nye løysingar i Oslo-området som då vil omfatta alternativ til den Oslotunnelen vi kjenner i dag. Lat meg til det Stein Nilsen seier, understreka at det ikkje vil vera samanhengjande kaos i 30 år. Det vil gradvis bli betre.

Borghild Tenden (V) [12:11:15]: Jeg takker for svaret.

Det er klart at togpendlere blir ganske urolige når de får slike signaler. Det statsråden har lovet, er jo at ting skal bli bedre innen 2012. Men problemet er stort daglig for mange togpendlere, og det sies at det skal bli verre. Da må jeg igjen spørre statsråden: Er det ikke mulig å gjøre noe i mellomtiden, som å sette opp permanente busser i rushtiden slik at folk har et alternativ? Slik det er nå, er det håpløst å stole på toget, og vi ser at flere og flere – jeg ser det daglig selv – nå går over til å bruke bil eller overfylte busser, som også svekker tilliten til kollektivtrafikken. Kan man ikke sette opp permanente busser på togstrekninger i rushtiden?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [12:12:17]: Eg har den største medkjensla både med folk som står ute og frys, med folk som ikkje utan vidare kan rekna med at toget går, og med dei mange som i dag på toga og i Jernbaneverket, gjer det dei kan for at ting skal fungera, for dei er det òg mange av.

Det med bussar er noko som kan vurderast. I dag er det nærmare 40 bussar i beredskap på nokre strekningar for å bøta på dei verste problema.

Kvifor blir det fyrst verre? Det er fordi det skal gjerast arbeid mens toga går. Det var ikkje kulda Elisabeth Enger tenkte på. Men eg skal forsikra representanten Tenden om at dette er ei sak som eg har fullt trykk på.

Presidenten: Spørsmål 9 er besvart tidligere.

: