Stortinget - Møte onsdag den 16. desember 2009 kl. 10
President: Dag Terje Andersen
Spørsmål 8
Presidenten: Dette spørsmålet, fra representanten Ingjerd Schou til samferdselsministeren, vil bli besvart av kommunal- og regionalministeren på vegne av samferdselsministeren.
Ingjerd Schou (H) [11:47:46]: «Brukere av kollektive løsninger er opptatt av tilgjengelighet, regularitet og enkle billettsystem til tog, buss, trikk o.a. Brukere av bil tilbys AutoPASS både i bomstasjoner og ferjer.
Vil Regjeringen utrede felles billettsystem til bruk på alt av kollektive tilbud?»
Statsråd Liv Signe Navarsete [11:48:09]: Med utgangspunkt i St.meld. nr. 26 for 2001–2002 og i samarbeid med lokale styresmakter vart ein felles nasjonal standard for elektronisk billettering for kollektivtransporten innført i 2006. Der legg ein opp til at alle verksemder som innfører system for elektronisk billettering innan kollektivtrafikken, skal leggje den nye standarden til grunn, slik at dei reisande kan reise samanhengande frå start til endepunkt utan å måtte løyse ny billett når dei byter transportmiddel eller kryssar fylkesgrenser.
Målet er å ha eit samanhengande betalingssystem for heile landet, der òg fylkeskommunar og operatørar kan utvikle produkt som felles fleirreisekort og månadskort der det er ynskjeleg. Felles reisekort er førebels teke i bruk i Oslo, Akershus, Rogaland, Oppland og Hedmark, men arbeidet har kome langt òg andre stader.
I samsvar med St.prp. nr. 1 for 2009–2010 arbeider Samferdselsdepartementet saman med regionale styresmakter med å få på plass eit felles selskap for administrasjon og oppgjer mellom operatørane. Det nye selskapet vil verte etablert og sett i drift i 2010.
Ingjerd Schou (H) [11:49:16]: Da sier jeg tusen takk til statsråden for svaret. Regjeringen vil sikkert si at Regjeringen har gode stand-ins på alle områder. I dette tilfellet tror jeg det er en meget kompetent stedfortreder for samferdselsministeren.
La meg allikevel følge opp. Jeg er en representant for de kollektivt reisende. Jeg reiser mye fra Østfold og inn til Oslo og Akershus, og jeg kjøper to til tre billetter for å komme meg gjennom buss, tog og T-bane. Jeg opplever at det å kjøre bil og betale bomavgift kan man gjøre uten at man merker at man er gjennom flere systemer – det samme med telefon. Over nesten hele verden kan man få telefonkontakt, og man merker ikke med hvilket selskap.
Er det Regjeringens hensikt å ta miljøutfordringene og klimautfordringene på alvor her hjemme ved å lage én billett som man kan bruke i hele landet – på alt?
Statsråd Liv Signe Navarsete [11:50:10]: Som eg gjorde greie for i hovudsvaret mitt, arbeider departementet no saman med regionale styresmakter for å få på plass eit felles reisekort, nettopp for å oppnå det som representanten etterlyser, nemleg at ein skal kunne bruke den same billetten på ulike transportmiddel og i ulike geografiske soner.
Det er ei klar målsetjing at me skal få det til. Det er eit krevjande arbeid for dei ulike nivåa og dei ulike selskapa, og det viktige no er å få på plass eit selskap som kan administrere ei ordning, og få eit system for oppgjer mellom operatørane. Det er mogleg å få til, og det er viktig at alle partar legg seg i selen for at ein skal lukkast med det, for eg trur det vil bety at ein får større bruk av kollektivtransport, for det handlar veldig mykje om at det skal vere enkelt i kvardagen.
Ingjerd Schou (H) [11:51:01]: Jeg tror det er veldig viktig at vi som folkevalgte og regjering og storting har troverdighet både i forhold til de reisende og troverdighet knyttet til at vi tar klimautfordringene på alvor. Det som statsråden her sier, er oppløftende.
Nå er det slik at det å jobbe med de regionale myndighetene, dvs. 19 stykker, er i seg selv krevende, likeledes det å få til en samordning opp mot et felles selskap. Er det riktig at statsråden sier at dette skal på plass med løsninger i 2010 – også et overordnet selskap med et felles billettsystem?
Statsråd Liv Signe Navarsete [11:51:42]: Me er jo heilt einige i mål og innhald her.
Det som eg sa i mitt hovudsvar, var at ein i 2010 skal få på plass eit selskap som skal ta ansvar for administrasjon av systemet og oppgjer mellom operatørane. For eit av dei springande punkta har vore korleis ein skal få til smidige oppgjer, slik at ingen skal tape, og ingen skal tene på at ein får eit slikt felles kort. Målsetjinga har me jo jobba felles om, både i Bondevik II og i denne regjeringa. Men det er som sagt eit krevjande arbeid, og eg synest det er opplyftande at me no er komne dit at me får på plass eit selskap som tek eit hovudansvar for å få prosessen skikkeleg på skjener.