Stortinget - Møte onsdag den 16. desember 2009 kl. 10
President: Dag Terje Andersen
Spørsmål 12
Presidenten: Dette spørsmålet, fra Øyvind Halleraker til samferdselsministeren, vil bli besvart av kommunal- og regionalministeren på vegne av samferdselsministeren.
Øyvind Halleraker (H) [11:59:18]: Jeg har følgende spørsmål:
«Etter Regjeringens vedtak om innføring av biodieselavgift har vi sett at bransjen uttrykker stor bekymring rundt etterspørsel og lønnsomhet i fremtiden. Høyre ønsker å bidra til mer klimavennlig og -nøytral transport.
Vil Regjeringen bidra gjennom å innføre krav til at alle nye drosjer, ferger, busser, rutebåter, dieseltog, kommunale, fylkeskommunale og statlige kjøretøyer skal gå på utslippsfrie eller klimanøytrale drivstoff innen en gitt tidsfrist?»
Statsråd Liv Signe Navarsete [11:59:52]: Regjeringa sitt klimamål er at gjeldande og nye verkemiddel skal redusere klimagassutslepp med mellom 2,5 og 4 millionar tonn CO2-ekvivalentar i transportsektoren i forhold til forventa utvikling. Regjeringa nyttar eit breitt sett av verkemiddel for å nå klimamålet, bl.a. ei storstilt satsing på jernbane, auka løyving til beløningsordninga for betre kollektivtransport og mindre bilbruk i byane, og diverse tiltak for å stimulere til rask innfasing av køyretøy med låge eller ingen utslepp, bl.a. avgiftssystemet, stønadsordningar og midlar til forsking.
Etterspørsel etter biodrivstoff vert teke vare på gjennom eit sterkt og målretta verkemiddel, nemleg omsetningspåbod. Noreg har innført eit omsetningspåbod for biodrivstoff på 2,5 volumprosent av drivstoff til vegtrafikk. Regjeringa vil vidare sende på høyring eit forslag om opptrapping av kravet, fyrst til 3,5 pst. så raskt som mogleg i 2010, og deretter til 5 pst. så snart berekraftskriterium for biodrivstoff er godt nok utvikla, om mogleg 1. januar 2011. Omsetningskravet er eit målretta tiltak som sikrar ein monaleg etterspørsel etter biodrivstoff i Noreg.
Biodrivstoffbransjen vil òg sikrast rikeleg etterspørsel av biodrivstoff gjennom EU sitt fornybardirektiv. Erstatning av fossile drivstoff med biodrivstoff vil vere ein vesentleg bidragsytar til å nå EU sitt fornybarmål for transportsektoren.
Staten bør generelt vere tilbakehalden med å stille kostnadskrevjande krav til kollektivtransporten. Kollektivtransport konkurrerer med personbil, og Regjeringa er oppteken av å sikre kollektive transportmiddel gode konkurransevilkår. Krav om utsleppsfrie og utsleppsnøytrale drivstoff medfører omfattande meirkostnader både for drosjar, ferjer, bussar, rutebåtar osv. I tråd med den etablerte ansvarsfordelinga mellom forvaltningsnivåa meiner Regjeringa at fylkeskommunale styresmakter gjer den beste vurderinga av kva som er best bruk av ein gitt ressursauke – meir miljøvenlege bussar, hurtigbåtar og drosjar, eller fleire avgangar, lågare takstar osv.
Øyvind Halleraker (H) [12:02:02]: Takk for svaret. Jeg har lyst til å gå litt videre rundt logikken ved dette.
I dag går jo forhandlingene i København inn i sluttfasen, og mange er pessimister overfor resultatet. Vår egen statsminister velger å bruke privatfly istedenfor å reise kollektivt med rutefly. Snakk om eksemplets makt! Forteller ikke dette at man egentlig ikke har ambisjoner på egne vegne, men stadig henviser til kvotekjøp fra vår enestående pengebinge.
Med Høyres forslag, som vi diskuterer her, kunne vi bidra til mindre forurensning gjennom konkrete tiltak som virkelig operasjonaliserer festtalene til Regjeringen. Ser ikke statsråden dette viktige poenget om også å gjennomføre tiltak her hjemme som kan bidra til lavere utslipp også her?
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:03:01]: Statsministeren si reise, som det vart vist til, skal eg ikkje gå noko inn på, bortsett frå å seie at når ein skal inn i krevjande forhandlingar, er det uvisst kva tid dei vert avslutta – det kan vere seint på kvelden, midt på natta eller dei kan verte gåande over lengre tid enn føresett. Det at statsministeren slik har moglegheit til òg å kome seg tilbake til krevjande oppgåver i heimlandet, meiner eg er fornuftig. Han kjøper dessutan klimakvotar for sine flyturar.
Når det gjeld spørsmålet elles, er eg open for alle gode forslag. Me vil gjerne frå Regjeringa si side delta i diskusjonar med opposisjonen om kva som er den beste vegen for å få eit karbonnøytralt samfunn, som er målsetjinga fram i tid. Me har gjort mykje på dette området, ikkje minst i transportsektoren, og meir kjem til å skje. Så me tek med oss gode innspel frå både representanten her i dag og andre i det vidare arbeidet.
Øyvind Halleraker (H) [12:04:06]: Det siste hørtes jo litt oppløftende ut, da.
Med Regjeringens litt klønete håndtering, med all respekt, av biodieselavgiften friskt i minne vil jeg likevel ta opp et viktig poeng i denne sammenhengen.
I går hadde flere av oss et spennende møte med et gründerselskap fra Bergen, som arbeider med å ferdigstille teknologi for å fremstille 2. generasjons bioetanol. Det er et veldig spennende og løfterikt prosjekt. De sliter litt med finansieringen av forskjellige årsaker, men først og fremst så savner de politiske signaler og vedtak som kan bidra til å øke etterspørselen etter et viktig miljøvennlig drivstoff.
Ser ikke statsråden en sammenheng her, at vi faktisk står overfor en vinn-vinn-situasjon ved at man kan stimulere til å bruke mer miljøvennlig drivstoff, og at man derigjennom skaper nye bedrifter og nye arbeidsplasser?
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:05:06]: Nettopp gjennom å ha eit omsetningskrav vil me stimulere etterspørselen etter og bruken av biodrivstoff. Det er jo heile føremålet med den auken som vert no ved innblanding av biodrivstoff i ordinært drivstoff. Men som før sagt, ser eg at det er viktig å stimulere dette ytterlegare. Det vi gjorde med avgiftsomlegginga no, vil jo isolert sett gi ein betre konkurransesituasjon for bioetanol i forhold til andre typar biodrivstoff. Ser ein isolert på denne bedrifta som det vart vist til, har vel ho eigentleg fått eit betre konkurransegrunnlag i dag enn ho hadde før denne halve avgifta vert pålagd frå nyttår. Men dette er eit viktig område å jobbe vidare på, ikkje minst i forhold til 2. generasjons biodrivstoff, og det skal me kontinuerleg jobbe med.