Stortinget - Møte onsdag den 18. november 2009 kl. 10
President: Dag Terje Andersen
Spørsmål 4
Arne Sortevik (FrP) [11:28:08]: «Statens vegvesen klassifiserer tilstanden til veidekkene på riksveinettet i fem kategorier, fra svært god til svært dårlig. Tilsvarende klassifisering benyttes ikke på fylkesveinettet, bl.a. fordi det ikke finnes en felles vedlikeholdsstandard for hele fylkesveinettet. Denne fastsettes av hver enkelt fylkeskommune. Fra 1. januar 2010 overtar fylkene riksveier og riksveiferjer.
Hvordan vil statsråden sikre felles standard på vei og ferjer?»
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:28:47]: Det har mykje å seia for trafikantane og samfunnet at vegnettet er godt vedlikehalde, og at drifta blir gjennomført på ein så einsarta måte som mogleg rundt om i landet. Særs viktig er dette når ein ser det i lys av trafikktryggleiken. Store endringar i standarden kan ha uheldig verknad.
Før forvaltningsreforma har fylkeskommunane alt eit ansvar for eit vegnett som er like stort som dagens riksvegnett – ca. 27 000 km riksvegar og 27 000 km fylkesvegar.
Standarden for vedlikehald av riksvegane er tilpassa trafikken, slik at vegar med liten trafikk har lågare standard enn vegar med høg trafikk. Det er Statens vegvesen som forvaltar fylkesvegane i dag, og som gjer avtalar med den enkelte fylkeskommunen om kva for ein standard som skal liggja til grunn for vedlikehaldet av desse vegane. I mange tilfelle ligg riksvegstandarden til grunn når det skal bli inngått kontraktar om drift og vedlikehald.
Fylka får no ansvaret for det meste av dagens riksvegnett elles – om lag 17 000 km – som følgje av forvaltningsreforma. Dette er eit vegnett med mykje større trafikk enn dagens fylkesvegnett.
Fylkeskommunane og Oslo kommune overtek vegnettet frå staten med den standarden det har, og med eksisterande rettar og plikter. Det inneber overtaking av ansvaret frå staten for ei rekkje løpande kontraktar, m.a. funksjonskontraktar, som kan gjelda både drift og vedlikehald. På same måten vil fylkeskommunen gå inn i kontraktar som vil leggja bindingar på standarden knytte til ferjemateriellet.
Nasjonale føringar for standarden på det offentlege vegnettet vil elles bli vurderte fortløpande, samtidig som omsynet til fylkeskommunane sin handlefridom blir vareteke. Dette kan gjelda både tiltak ved utbygging og vedlikehald og drift.
Arne Sortevik (FrP) [11:30:53]: Takk for svaret. Beskrivelsen er jo velkjent, altså den faktiske og fysiske flyttingen av ansvaret for veier som er dårlig vedlikeholdt.
Nå var statsråden i svaret inne på at det kan være problematisk å ha for store standardavvik. Hvis det er slik at man går fra én felles standard med staten som eier til i verste fall 19 ulike standarder – at det i alle fall gis anledning til å fravike en enhetlig standard – gir jo det grunn til bekymring. Det gir også grunn til bekymring at vi får en oppsplitting av standard både på vei- og ferjenettet i Norge. Hva er grunnen til at man vil vente med å se om det skal gis statlige føringer, og ikke iverksette det fra starten av reformen?
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:31:50]: Det er mitt inntrykk at det er eit sterkt engasjement ute i fylkeskommunane for å sikra eit godt og velfungerande vegnett. Det er jo slik at dei fleste fylka har eigne transportkomitear som følgjer nøye med, som no har lagt eit løp for korleis dei skal handtera situasjonen i 2010, og som eg pr. dato kjenner meg trygg på vil vareta veldig godt det nye ansvaret som dei no får.
Så varslar eg likevel for ordens og sikkerheits skyld at dette skal vi følgja nøye med på. Det er jo eit viktig poeng her, som òg representanten Sortevik må ta med seg, og det er at det er den same kompetansen som er i dag når det gjeld desse vegane, som skal følgja med vidare. Eg tenkjer på Statens vegvesen.
Arne Sortevik (FrP) [11:32:54]: Igjen takk for svaret.
Jeg står her med kopi av Håndbok 111, som beskriver standard for drift og vedlikehold på dagens riksveinett. Jeg tillater meg å sitere fra forordet:
«Ved å gjennomføre standarden på landsbasis sikres trafikantene mot sprang i kvalitet eller tilbud over regionsgrensene og mellom distriktene.
Standardkravene angir de nivåer som samfunnet er tjent med.»
Dette er standarden vi har i dag. Spørsmålet er hvilke standarder vi får etter 1. januar 2010. Er det slik at nivået som samfunnet er tjent med, endres når fylkene overtar riksveiene? Eller vil statsråden sørge for at de samme kravene til drift og vedlikehold som vi har i dag, også skal gjelde når fylkekommunene skal overta eierskapet til dagens riksveinett?
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:33:53]: Det er jo ikkje slik i dag heller, trass i denne handboka, at det ikkje er forskjell frå fylke til fylke. Det er jo eit samarbeid og ei lytting som føregår i forhold til kva det enkelte fylket prioriterer. Det er mange historier som går på det, når ein òg i dag passerer ei fylkesgrense på dagens riksvegar.
Det som eg gjerne vil gjenta, er at eg har nok ein større tillit til fylkeskommunane si handtering av dette, til regionale folkevalde, som i kontakt med sine lokale representantar, med ordførarar o.l., kjem til å ha fokus òg på standard og på sitt nye ansvar. Men lat meg understreka ein gong til: Dette kjem vi til å følgja nøye med på.