Stortinget - Møte onsdag den 11. november 2009 kl. 10

Dato: 11.11.2009

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 6

Borghild Tenden (V) [11:40:48]: «Etter krevende, men godt arbeid lokalt ser nå Oslopakke 3 ut til å kunne realiseres. I valgkampen satt løftene fra de rød-grønne løst om økt satsing på samferdsel i Oslo og Akershus.

Hvordan ser den nye statsråden på samferdselsutfordringene i denne regionen?»

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:41:11]: Det er venta ein stor vekst i arbeidsplassar og busetnad i Oslo og Akershus i åra som kjem. Det gjev hovudstadsområdet store transportutfordringar som må løysast. Eg er oppteken av at desse utfordringane blir handterte på best mogleg måte og er difor glad for det etablerte tverrpolitiske samarbeidet om Oslopakke 3. Transportutfordringane gjer det nødvendig å finna fram til effektive, miljøvenlege og trygge løysingar.

Staten er oppteken av å sjå på heilskapen når dei rette grepa skal gjerast og dei gode transportløysingane for Oslo og Akershus skal prioriterast. Det er difor det er lagt til grunn porteføljestyring for Oslopakke 3, slik at partane fortløpande kan prioritera og velja dei beste tiltaka og prosjekta. Gjennom Nasjonal transportplan for perioden 2010–2013 er staten økonomisk tungt inne i pakken, med store bidrag til veg, og ikkje minst til jernbanesatsinga. Det er òg bra at det er lagt til grunn store midlar til drift av kollektivtransport i pakken. Dette gjev resultat som trafikantane får raskt nytte av.

I arbeidet med å løysa transportutfordringane i Osloområdet er det sjølvsagt viktig med godt samarbeid mellom stat og lokale styresmakter. Vi har ei felles utfordring i arbeidet med å prioritera dei beste og viktigaste prosjekta i regionen, samtidig som vi opplever reduserte inntekter i bomringen og høgare kostnader enn forventa på ein del store prosjekt.

Stortinget har gjeve føringar for kva retning pakken skal utviklast i. I den konkrete prioriteringa av tiltak skal det leggjast vekt på klimaomsyn. Delen av midlar som går til kollektivtiltak, skal minst vera på nivå med det opphavlege lokale forslaget. Eg støttar ei slik utvikling.

Lat meg streka under ein gong til: Eg er glad for at det er etablert eit godt samarbeid mellom Akershus fylkeskommune, Oslo kommune, Jernbaneverket og Statens vegvesen gjennom styringsgruppa for Oslopakke 3. Styringsgruppa utarbeider felles grunnlag for vedtak om handlingsprogram og budsjett i Akershus fylkeskommune, Oslo kommune og Stortinget. I det vidare arbeidet med å drøfta finansieringsgrunnlag og omfanget av pakken vil det bli lagt vekt på brei deltaking frå Oslo og Akershus.

Borghild Tenden (V) [11:43:40]: Jeg takker statsråden for svaret. Jeg er også veldig glad for at det gikk bra til slutt med forliket.

Men statsråden kjenner kanskje til de store budsjettoverskridelsene ved Ulven–Sinsen i Oslo? Dette har ført til at flere viktige og miljøvennlige samferdselsprosjekter i Oslo er blitt skjøvet ut i tid eller kanskje ikke blir realisert i det hele tatt, også på bakgrunn av bompengeinntektene som nå svikter.

Mitt spørsmål til statsråden er da: Vil staten ta et større ansvar for de budsjettoverskridelsene som Statens vegvesen har påført Oslopakke 3?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:44:23]: Styringsgruppa for Oslopakke 3 har sjølv fremma forslag til oppfølging av dei overskridingane som er, bl.a. på Ulven–Sinsen. Dei har føreslått eit låneopptak på om lag 1 milliard kr i 2010.

Det er ikkje i tidlegare framlegg for Stortinget om Oslopakke 3 opna for at Fjellinjen AS kan ta opp slike lån. Det er difor nødvendig med Stortinget sitt samtykke til eit slikt forslag. Eg kjem til å følgja det opp og vil om kort tid koma til Stortinget med ei sak som omhandlar dette.

Borghild Tenden (V) [11:45:21]: Jeg takker igjen statsråden for svaret.

En annen utfordring er bybaner, som ligger i Oslopakke 3. Statsråden kjenner sikkert godt til det fra sin egen landsdel – bybanen på Nord-Jæren. Bondevik II-regjeringen inntok en svært aktiv rolle når det gjaldt å få på plass bybane f.eks. i Bergen.

I Oslopakke 3 er det tre krevende bybaneprosjekter: Det er Kolsåsbanen, det er Fornebubanen, og det er ny bane til Ahus. Kan vi i denne sammenheng regne med statlig drahjelp? Bybane er en veldig miljøvennlig løsning – det kjenner sikkert statsråden godt til – men samtidig er det veldig kostnadskrevende. Kan vi regne med noe drahjelp fra staten til bybaner – spesielt i Oslo-området, men også generelt?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:46:16]: Eg forstår det slik at Kolsåsbanen er til vurdering i dei sakene som no blir avklarte i styringsgruppa.

Bybane er omtalt i Soria Moria II – eg deler representanten Tenden si vurdering av at det er eit veldig viktig kollektivtiltak i fleire byar. I Soria Moria er det sagt at Regjeringa skal sørgja for rammer til fylkeskommunane – det er jo dei som er aktuelle her i lokal samanheng – rammer som gjer at fylkeskommunane kan realisera betre kollektivtilbod, inklusiv bybanar.