Stortinget - Møte onsdag den 4. november 2009 kl. 10
President: Dag Terje Andersen
Spørsmål 8
Arne Sortevik (FrP) [12:00:26]: «Inngang til november måned minner oss om at det går mot vinter. Vinterlige forhold har alt satt preg på veitrafikken. God varsling om vær-, føre- og kjøreforhold, god beredskap og aktsom vinterdrift av veiene, god informasjon til brukerne og god kontroll med kjøretøy på vinterføre er blant forholdene som kan bidra til sikre kjøreforhold på norske veier i vinteren 2009/2010.
Hvilke nye eller forsterkede tiltak vil Samferdselsdepartementet sørge for blir gjennomført for å forbedre sikkerheten på veiene kommende vinter?»
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [12:01:09]: Eg er oppteken av tryggare vegar. Eit godt vintervedlikehald er ein føresetnad for nettopp det. Statens vegvesen arbeider difor kontinuerleg med å forbetra vinterdrifta. I tillegg blir det sett inn tiltak retta mot trafikantane.
For å sikra kvaliteten på arbeidet vil Statens vegvesen som oppdragsgjevar styrkja oppfølginga av og kontrollen med kontraktørane som utfører vinterdrift og vedlikehaldsarbeid på vegane, bl.a. gjennom stikkprøvekontrollar.
Eg er einig i at god informasjon til trafikantane er med på å leggja til rette for trygg og effektiv trafikkavvikling. For å betra informasjonen til trafikantane er det bl.a. sett opp informasjonstavler ved Hønefoss og Gol, der det skal informerast om status på fjellovergangane mellom Austlandet og Vestlandet, slik at trafikantane til kvar tid kan velja den mest tenlege fjellovergangen. For dei viktigaste fjellovergangane mellom aust og vest skal det i løpet av vinteren også prøvast ut eit opplegg der det blir gjort tilgjengeleg prognosar for forventa vêr og føretilhøve seks og tolv timar fram i tid. Vidare har Statens vegvesen plassert ut om lag 110 kamera på ulike vegstrekningar fordelt over heile landet. Vegvesenet sine internettsider vil til kvar tid visa levande bilete frå desse. Tenesta har synt seg som populær, og ifølgje Vegdirektoratet aukar talet på oppslag når vêr og føretilhøva er vanskelege.
På bakgrunn av tidlegare gjevne signal frå Samferdselsdepartementet tek Statens vegvesen sikte på ytterlegare målretting av utekontrollen med tunge kjøretøy f.eks. ved at kontroll av dekk- og kjettingutrusting skal prioriterast ved snøfall og forventa snøfall. I forlenginga av det har ein internt i Vegvesenet styrkt samarbeidet mellom dei som utfører rolla som oppdragsgjevar for drifts- og vedlikehaldsarbeidet og utekontrollen. Gjennom eit tettare samarbeid mellom desse fagmiljøa medverkar ein til å sikra at relevante tiltak vert sette inn så tidleg og målretta som mogleg.
Arne Sortevik (FrP) [12:03:15]: Takk for svaret. I høring i transportkomiteen nå sist mandag sa man fra Landsforeningen for trafikkskadde at vedlikehold av veiene inkluderer også god brøyting og issmelting, og at dersom man får tiltro til at vintervedlikeholdet bedres, vil flere kunne kjøre piggfritt.
Landsforeningen for trafikkskadde peker også på at man frykter at overføringen for ansvaret for vedlikeholdet av riksveiene vil føre til dårligere vedlikehold og ansvarspulverisering.
Vil Samferdselsdepartementet denne vinteren ha spesiell oppmerksomhet rettet mot vintervedlikehold og vinterdrift på bakgrunn av at ansvaret for øvrige riksveier overføres til fylkeskommunene?
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [12:03:59]: Eg meiner det er grunn til å tru at det blir auka merksemd omkring vintervedlikehald komande vinter, nettopp fordi fylkeskommunane som er så nære desse vegane, sjølve kjem til å følgja med. Dette er noko som eg kontinuerleg er oppteken av. Ikkje minst konsekvensane av overføring av ansvar til fylkeskommunane, som eg trur blir positive, er det viktig å følgja med på.
Lat meg òg seie at i førre vintersesong vart det vedteke å setja i verk fleire skjerpingar i krava til dekk- og kjettingutrusting. Samferdselsdepartementet har òg bedt Vegdirektoratet gjere seg best mogleg nytte av eksisterande heimlar i vegtrafikklova for å leggja ned mellombelse restriksjonar overfor enkeltkjøretøy eller kjøregrupper.
Arne Sortevik (FrP) [12:05:09]: Igjen takk for svaret.
I sitt første svar pekte statsråden spesielt på informasjonstiltak rettet mot brukerne av høyfjellsovergangene. Det er positivt. Det som er viktigst, er selvfølgelig at overgangene er åpne, at det går an å komme frem og at man ikke får stengte forbindelser. Spørsmålet er hva man vil gjøre for å sikre at veiene er åpne, altså mindre stenging, selv under vanskelige føreforhold vinterstid. I den forbindelse vil jeg også spørre om når man vil evaluere Vegvesenets strategi med «barvei», dvs. tidlig salting og vinterdrift rettet mot mest mulig bar vei, hvilke evalueringer man har gjort eller vil gjøre, og når man kommer med resultatene av evalueringen.
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [12:06:01]: Lat meg ta det siste fyrst. Eg har behov for å sjekka noko nøyare opp kva som er dei vidare planane, så det må eg få lov til å senda eit svar på til representanten Sortevik.
Når det gjeld opne fjellovergangar, er det heilt openbert at det betyr mykje for mange enkeltpersonar i dette landet, og ikkje minst for næringslivet. Vi skal ha kontinuerleg fokus på at overgangane skal vera opne, så mange overgangar som mogleg og sjølvsagt i så lang tid som mogleg, innanfor det materiellet som ein har til disposisjon, og innanfor den tryggleiken som til kvar tid må varetakast.