Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 4. november 2009 kl. 10

Dato:
President: Dag Terje Andersen
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 7

Borghild Tenden (V) [11:52:47]: Jeg vil starte med å gratulere statsråden med nye arbeidsoppgaver.

Så til spørsmålet:

«Regjeringen har fått hard kritikk av Riksrevisjonen for arbeidet med å rydde opp i innstillinger og forsinkelser i togtrafikken – dette til tross for at Riksrevisjonen ved en rekke anledninger har tatt dette opp. Tidligere samferdselsminister Liv Signe Navarsete var lite lydhør for kritikk, og la skylden for togkaoset på tidligere regjeringer.

Tar statsråden Riksrevisjonens kritikk på alvor, og hvilke tiltak vil statsråden iverksette for å rydde opp i togkaoset på Østlandet?»

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:53:28]: Lat òg meg – før eg svarar på spørsmålet – beklaga at heller ikkje eg var her i tide. Eg skjønar at vår nye finansminister svarar så klart på dei spørsmåla han får, at det er overflødig med oppfølgingsspørsmål.

Så til svaret:

Eg kan forsikra representanten Tenden om at eg er særs oppteken av å gjera jernbanetransporten meir påliteleg. Å auka kvaliteten på produkta som vert leverte til brukarane av person- og godstog i Noreg, har vore og vil vera ei hovudoppgåve for jernbanesektoren. Skal vi få fleire reisande til å ta toget i staden for bilen og få meir gods frå veg til bane, må ein kunna stola på at toget går og kjem når det skal. Ikkje minst gjeld dette i det tett trafikkerte Oslo-området, der avvik i togtrafikken lett forplantar seg til store delar av jernbanenettet. Det er rett at det har vore for dårleg punktlegheit og regularitet i togtrafikken i dei siste åra, noko Riksrevisjonen òg peikar på. Det er sjølvsagt at eg som ansvarleg statsråd tek denne kritikken på alvor.

Feil på jernbanenettet har vore hovudårsaka til problema. Det forklarer kvifor Regjeringa fann det nødvendig å starta opp Oslo-prosjektet med ekstra vedlikehaldsløyvingar til fornying av jernbanenettet rundt Oslo. I 2008 og 2009 er det til saman løyvd om lag 320 mill. kr til dette prosjektet. Arbeid knytt til dette prosjektet held fram, og i Nasjonal transportplan for 2010–2019 er det planlagt å bruka om lag 2,1 milliardar kr til eit omfattande fornyingsarbeid på innerstrekninga Lysaker–Etterstad, medrekna Oslo S og Oslotunnelen, og på innerstrekningane Oslo S–Lillestrøm, Oslo S–Ski og Lysaker–Asker. Til vidareføring av dette arbeidet har Regjeringa føreslått å løyva 470 mill. kr i 2010.

I samband med tiltakspakka som Regjeringa la fram i byrjinga av året, vart det dessutan løyvd til saman 818 mill. kr til ekstraordinære vedlikehaldstiltak på andre jernbanestrekningar. Ikkje minst omfattar dette tiltak for å få slutt på saktekøyringar på Bergensbanen og Dovrebanen.

I statsbudsjettet for 2010 har Regjeringa føreslått å auka løyvingane til drift og vedlikehald med til saman 586 mill. kr. Dette utgjer ein auke på om lag 15,5 pst. samanlikna med tilsvarande budsjett for 2009 og er i samsvar med Regjeringa sitt planforslag for 2010–2019.

Presidenten: Presidenten antar at det her vil bli behov for oppfølgingsspørsmål.

Borghild Tenden (V) [11:56:15]: Jeg takker statsråden for svaret. Dette er også et grep som Venstre har støttet fullt ut og vært pådriver for.

Så tilbake til problemstillingen, og det gjelder det som Riksrevisjonen påpeker, og som ikke er noe nytt for oss som har fulgt jernbanepolitikken over tid. Det gjelder mangelen på samordning og målretting av tiltak for å redusere driftsproblemene mellom Jernbaneverket og NSB AS, og at forsinkelsene har hatt uklare ansvarsforhold.

Så mitt spørsmål er: Hvilke konkrete nye grep vil denne statsråden ta for å ta Riksrevisjonens rapport på alvor?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:57:00]: Lat meg minna om at det er eit omfattande og tidkrevjande arbeid å få til forbetringar og vedlikehald som er sett i gang. Det er òg ein viktig del av dette. Jernbaneverket kan dokumentera at satsinga på auka vedlikehald alt har gjeve effekt. For eksempel er talet på signalfeil for landet under eitt så langt i 2009 redusert med 20 pst. samanlikna med tilsvarande periode i fjor. Gjennom målretta innsats er målsetjinga at talet på timar forseinkingar skal halverast dei komande fire åra.

Så har det òg dei siste månadene vore problem med for lite materiell, fordi NSB har sett i gang eit vedlikehaldsprogram for dei eldste togsetta. Det skal etter kvart gje eit kvalitativt betre togmateriell, til glede for dei reisande. Men i ein periode no vil det nok vera slik at NSB har mindre materiell til disposisjon enn normalt.

Borghild Tenden (V) [11:58:05]: Jeg takker igjen statsråden for svaret, og jeg registrerer med skuffelse at det ikke blir tatt noen nye, konkrete grep som går på problemet med samordning mellom Jernbaneverket og NSB. Men jeg prøver meg videre. Fra flere hold, også fra representanter fra Regjeringen, har man pekt på behovet for fornyelse og økt kapasitet på sporet for å løse mange av de utfordringene som også statsråden var inne på. I Regjeringens forslag til Nasjonal transportplan ligger Regjeringen etter fra dag én når det gjelder satsing på f.eks. dobbeltsporet Oslo–Ski. Dette er en problemstrekning som også påpekes av Riksrevisjonen.

Forstår statsråden at vi er skuffet over at Regjeringen har brutt løftet sitt ved ikke å følge opp Nasjonal transportplan fra dag én? Og hva vil dette bety for problemstillingen med det nye dobbeltsporet Oslo–Ski? Vil det bety forsinkelse?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:59:08]: Lat meg fyrst seia at ein skuffelse som dette synest eg faktisk det er vanskeleg å ta inn over seg med den satsinga som trass alt ligg der no – både i budsjettet på jernbane for 2010 og med den varsla Nasjonal transportplan som eg har som ambisjon å følgja opp til punkt og prikke.

Så er det slik at vedlikehald allereie gjev forbetringar. Og her er det ei utbetring når det gjeld signalfeil. Og det er jo stadig eit samspel mellom Jernbaneverket og NSB for å få til så gode og framtidsretta løysingar som mogleg. Men det er jo ikkje til å koma forbi at her er det mange års forsømmingar. Eg skjønar at det er eit sårt punkt for Borghild Tenden, men slik er det. Det betyr òg at vi no set fullt trykk på det vi har lova vidare, og vi er veldig obs på behovet for at dobbeltsporet Oslo–Ski vert realisert i samsvar med dei planane som er ute.

: