Stortinget - Møte tysdag den 20. mai 2008 kl. 10
President: Lodve Solholm
Formalia
Presidenten: Det ligg føre ei rekkje permisjonssøknader:
-
frå representantane Erling Sande og Sigvald Oppebøen Hansen om permisjon i tida frå og med 20. mai til og med 22. mai - begge for å delta som valobservatørar for OSSEs parlamentariske forsamling ved valet i Georgia
-
frå Arbeidarpartiets stortingsgruppe om sjukepermisjon for representanten Rolf Terje Klungland frå og med 20. mai og inntil vidare
-
frå Framstegspartiets stortingsgruppe om sjukepermisjon for representanten Vigdis Giltun frå og med 20. mai og inntil vidare
-
frå representanten Torbjørn Andersen om velferdspermisjon frå og med 20. mai og inntil vidare
-
frå representanten Vidar Bjørnstad om velferdspermisjon frå og med 20. mai og inntil vidare
Presidenten foreslår at desse søknadene blir handsama straks og innvilga - og ser det som vedteke.
Frå første vararepresentant for Telemark fylke Lise Wiik ligg det føre søknad om å bli friteken for å møte i Stortinget under representanten Sigvald Oppebøen Hansens permisjon, på grunn av utanlandsopphald.
Presidenten foreslår at denne søknaden blir handsama straks og innvilga - og ser det som vedteke.
Etter forslag frå presidenten vart samrøystes vedteke:
-
Følgjande vararepresentantar blir innkalla for å møte i permisjonstida:
For Aust-Agder fylke: Ingrid Skårmo
For Vest-Agder fylke: Tom Rune Thorvaldsen
For Akershus fylke: Anita Orlund
For Sogn og Fjordane fylke: Knut Magnus Olsen
For Telemark fylke: Sindre Fossum Beyer
For Østfold fylke: Per Egil Evensen
-
Anita Orlund blir innvald i Lagtinget for den tida ho møter for representanten Vidar Bjørnstad.
Presidenten: Ingrid Skårmo, Tom Rune Thorvaldsen, Anita Orlund, Knut Magnus Olsen, Sindre Fossum Beyer og Per Egil Evensen er til stades og vil ta sete.
Val av setjepresidentar
Presidenten: Presidenten vil foreslå at det blir valt to setjepresidentar for Stortingets møte i dag og resten av denne veka - og ser det som vedteke.
Presidenten vil foreslå Solveig Horne og Anders Anundsen. - Andre forslag ligg ikkje føre, og Solveig Horne og Anders Anundsen er samrøystes valde som setjepresidentar for Stortingets møte denne veka.
Utanriksminister Jonas Gahr Støre la fram 5 kgl. proposisjonar (sjå under Referat).
Presidenten: Representanten Harald T. Nesvik vil setje fram eit representantforslag.
Harald T. Nesvik (FrP) [10:04:29]: På vegne av stortingsrepresentantene Jan-Henrik Fredriksen, Per Egil Evensen og meg selv har jeg gleden av å fremme et forslag om etablering av nasjonalt kompetanse- og behandlingssenter for barn med hjerneskade.
Presidenten: Forslaget vil bli handsama etter reglementet.