Stortinget - Møte onsdag den 7. mai 2008 kl. 10
President: Carl I. Hagen
Spørsmål 9
Anne Margrethe Larsen (V) [12:14:26]: Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til kunnskapsministeren:
«I de neste årene vil det være stort behov for kompetent arbeidskraft i offentlig sektor. Men det nye helsearbeiderfaget, som ble innført høsten 2006, strever med rekrutteringen. Tross prosjekt med rekrutteringspatruljer i ungdoms- og videregående skoler har søkertallet i de fleste fylker gått ned. Dessuten er det bare halvparten av elevene som fullfører utdanningen med fagbrev. Innen 2020 er det behov for 20 000 helsefagarbeidere i bl.a. sykehjem i Norge.
Hva vil statsråden gjøre for å skape engasjement for faget?»
Statsråd Bård Vegar Solhjell [12:15:10]: Offentleg sektor har, som representanten Anne Margrethe Larsen seier, eit stort behov for kompetent arbeidskraft. I den stramme arbeidsmarknaden er det mange bransjar som slåst om merksemda til dei unge.
I dag har vi ca. 31 000 lærlingar under opplæring, dei fleste i privat sektor. Oversikter viser at det er eit klart potensial for fleire lærlingplassar innan nokre fag retta mot arbeid innan det offentlege, spesielt innanfor helse- og omsorgssektoren. Vidare gjer mangelen på arbeidskraft innan helse- og omsorgssektoren det ekstra viktig å tilsetje fleire lærlingar her. Ei av utfordringane innan denne sektoren er at dei helsearbeidarane som er utdanna, ikkje arbeider med helsefaget.
Dei førebelse søkjartala for 2008 til helse- og sosialfag og til helsearbeidarfaget viser ein liten nedgang frå 2007. Generelt har det vore ein nedgang i talet på elevar som søkjer læreplass. Kunnskapslyftet, med nye utdanningsprogram og lærefag, gjer det vanskeleg å samanlikne med søkjartala for fjoråret. Det er derfor vanskeleg å vite kva som er årsaka til nedgangen. Helsearbeidarfaget vart innført som nytt lærefag med reforma Kunnskapslyftet. Det tek tid å innføre eit nytt fag og å gi god og nok informasjon, ikkje minst til arbeidsgivarar og rådgivarar på skulane, men òg til ungdom, foreldre og lærarar og til media.
Regjeringa er i ferd med å sjå på behovet for kvalifisert arbeidskraft i kommunane. I St.prp. nr. 1 for 2007-2008 frå Helse- og omsorgsdepartementet er det vurdert på noko usikkert grunnlag at det i perioden 2008-2015 er bruk for ytterlegare 12 000 årsverk i omsorgstenesta. Regjeringa vil greie ut dimensjoneringa av ulike utdanningar som det er bruk for innan kommunal sektor, for å sikre ei tilstrekkeleg mengd kvalifisert personell for helse- og omsorgssektoren, barnehagesektoren og grunnskulen. Det er eit arbeid som involverer både utdanningsmyndigheiter og helsemyndigheiter.
Tiltak er sette i gang som kan auke interessa for helsearbeidarfaget framover. I St.meld. nr. 16 for 2006-2007 frå Kunnskapsdepartementet vert den viktige rådgivingstenesta omtala og tiltak knytte til ho presenterte. God rådgiving kan få ungdom til å sjå moglegheiter innan helse- og omsorgsyrka.
For å auke tilbodet av læreplassar både i privat og i offentleg sektor har Utdanningsdirektoratet sett i gang informasjonskampanjen «Start med ein lærling». På kampanjen sin nettstad kan arbeidsgivarane finne informasjon om lærlingordninga og kontaktpersonar i fylka. Sommaren 2006 oppfordra Kunnskapsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet kommunane til å ta inn fleire lærlingar, spesielt innan helse- og omsorgssektoren.
Engasjementet for helsearbeidarfaget kan byggjast opp over tid. Dei gode utsiktene på arbeidsmarknaden på dette feltet vil kunne gjere utdanninga meir attraktiv framover. Òg omdømme og informasjon vil vere viktig for helsearbeidarfaget. Aksjon helsefagarbeidar vart derfor sett i gang i samband med det nye faget. Det er kome i gang på initiativ frå KS, HSH og Spekter, med støtte frå Utdanningsdirektoratet og Helsedirektoratet. Aksjon helsefagarbeidar skal sikre faget rekruttering ved å skape engasjement gjennom rekrutteringspatruljar, fylkesmeisterskap, NM i helsefag og andre aktivitetar. Aksjonen held fram i 2008. Der det har vore rekrutteringskampanjar, har det hatt god verknad. Aksjonen har skapt lokalt engasjement. Det er derfor viktig at det arbeidet vert vidareført.
Med Kunnskapslyftet vart det innført eit nytt fag, prosjekt til fordjuping. Dette faget kan nyttast til formidling og rekruttering. Eg veit at fleire sjukehus har hatt ungdom inne til prosjekt til fordjuping. God organisering både frå skule og frå sjukehus er eit stikkord for at det skal fungere.
Jamleg dialog mellom partane i arbeidslivet og utdanningsmyndigheiter er viktig. I samarbeid med helse- og omsorgsministeren vil eg følgje opp dialogen med KS når det gjeld dette nye faget spesielt.
Anne Margrethe Larsen (V) [12:18:56]: Jeg takker statsråden foreløpig for svaret.
Ifølge de beregningene jeg har innhentet fra Statistisk sentralbyrå, vil man i 2025 kunne mangle 26 000 helse- og omsorgsarbeidere. Det er et stort tall, og det gir store utfordringer til både samfunnet, videregående skoler og rådgiving i ungdomsskolen, som statsråden nevnte. Med et stort antall eldre og tverrpolitisk enighet om at vi skal ha en klar kvalitetsforbedring i eldreomsorgen, har vi en ganske lang vei å gå. I dag har mange sykehjem ufaglærte ansatte.
Ser statsråden at manglende kvalifisert personell truer kvaliteten på eldreomsorgen i kommunene, siden man ikke klarer å skaffe nok kvalifiserte helsearbeidere?
Statsråd Bård Vegar Solhjell [12:19:54]: Eg er heilt einig i at vi har ei svært stor ufordring når det gjeld rekruttering av kompetent arbeidskraft generelt på mange område i samfunnet. Men særleg innanfor helse- og omsorgssektoren står vi i åra framover framfor store rekrutteringsutfordringar.
Det er grunnlaget for at Regjeringa i denne perioden har hatt eit klart mål om 10 000 fleire årsverk, der vi ligg svært godt an. Men det er då lagt fram tal som viser at det framleis er behov i åra framover, nettopp fordi kvaliteten i eldreomsorga avheng av å ha kompetente menneske som jobbar der, med den gode jobben dei kan gjere. Derfor følgjer vi helsearbeidarfaget veldig tett. Det er gjort ei rekkje tiltak for å få opp rekrutteringa, og vi kjem til å halde fram med dei, som eg sa i mitt første svar.
Anne Margrethe Larsen (V) [12:20:49]: Jeg takker igjen for statsrådens svar.
Et delmål i Kompetanseløftet 2015, som statsråden var inne på, er å øke bruttotilgangen på helsearbeidere til om lag 4 500 pr. år gjennom dette samarbeidsprosjektet, som statsråden også nevnte.
Rekrutteringen har altså gått noe ned. Samtidig slutter veldig mange midt i utdanningen. Mange voksne har tatt fagbrev i denne utdanningen, og det er veldig bra. Men ser statsråden at i dette typiske kvinneyrket - lavlønnsyrke, med tøffe arbeidsforhold i hverdagen - er det store utfordringer med å engasjere unge mennesker til å gå i gang med denne utdanningen?
Statsråd Bård Vegar Solhjell [12:21:44]: Det er, som sagt, litt vanskeleg å samanlikne direkte med tidlegare år.
Eg er likevel bekymra over at vi ser det som truleg er ein liten nedgang i søkjartala. Det er bakgrunnen for at vi held oppe den særlege fokuseringa på rekruttering, med ulike tiltak, men at vi òg, saman med Helse- og omsorgsdepartementet, vil føre ein dialog med KS og jamleg vurdere om det skal gjerast endå meir for å sikre rekrutteringa, ved å få fleire lærlingplassar. Ikkje minst det å spreie informasjon og kjennskap om eit nytt fag er noko ein må drive med over tid. Ein kan ikkje rekne med å få full effekt av det heilt frå begynninga.
Eg vil berre stadfeste at eg er heilt einig i at dette er ei svært viktig utfordring. Eg trur òg måten vi omtaler faget og det å jobbe i eldreomsorga på, er svært viktig. Her er det spanande jobbar - viktige jobbar for samfunnet - som blir prioriterte høgt. Her har vi eit stort behov for arbeidskraft i åra framover, og det vil vere lett å finne seg jobb.