Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 7. mai 2008 kl. 10

Dato:
President: Carl I. Hagen
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 6

Arne Sortevik (FrP) [11:50:46]: «I Aftenposten mandag 28. april d.å. er det nok en gang satt fokus på at etappevis utbygging av store samferdselsprosjekt ikke bare medfører lengre gjennomføringstid, men også medfører økte kostnader. Samlet utbygging kan gi raskere og rimeligere løsning, men krever avklart og forutsigbar langsiktig finansiering, f.eks. gjennom langsiktige statlige lån fremfor årlige bevilgninger over statsbudsjettet.

Hva vil statsråden gjøre for å endre finansieringssystem for store samferdselsprosjekt innenfor vei og jernbane?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:51:29]: Representanten Sortevik har i fleire samanhengar teke opp spørsmålet om finansieringssystemet for samferdsleprosjekt, både i den munnlege spørjetimen og som private lovforslag. Eg er naturlegvis samd i at me skal ha ei effektiv utbygging av samferdsleprosjekt, slik at me ikkje får høgare kostnader enn nødvendig.

Det er store behov både for å vedlikehalde eksisterande infrastruktur og for å byggje nytt. Denne regjeringa har difor auka løyvingane til samferdsleprosjekt samanlikna med den førre regjeringa - ei regjering som Framstegspartiet var støtteparti for. Me har auka dei årlege løyvingane til veg og jernbane med over 2,5 milliardar kr samanlikna med den førre regjeringa. Og medan den førre regjeringa starta bygging av mange prosjekt med små oppstartsløyvingar, som har gitt store bindingar for seinare år, har me i denne regjeringa valt ein annan strategi. Men i ein slik samanheng, der ein startar opp mange prosjekt med små løyvingar, er det lettare å gi finansieringssystemet skulda enn eiga evne til å prioritere.

Utan omsyn til korleis me finansierer samferdsleprosjekt, må me prioritere mellom samferdsle og andre føremål - og mellom ulike samferdsleprosjekt. Inga finansieringsform kan ta frå oss det ansvaret, slik Framstegspartiet prøver å skape eit inntrykk av.

Transportetatane har i sitt planforslag til Nasjonal transportplan for 2010-2019 teke opp spørsmålet om finansiering av større prosjekt for å få til optimal framdrift. Eit overordna omsyn må vere at me har eit system som sikrar investeringsprosjekt midlar til rasjonell framdrift i heile utbyggingsfasen når prosjekta først er sette i gang.

Som tidlegare gjort greie for, m.a. i svar på spørsmål frå representanten Sortevik i spørjetimen 6. februar i år, vil Regjeringa kome attende til saka i stortingsmeldinga om Nasjonal transportplan 2010-2019.

Arne Sortevik (FrP) [11:53:29]: Takk for forutsigbart svar. Statsråden behersker gjentakelsens kunst til fullkommenhet.

Det er lite produktivt å se bakover, og det er lite produktivt å fortsette å skylde på forrige regjering når man nå etter hvert har sittet tre år i egen regjering. Det som er hovedfokuset for representanten Sortevik når han har tatt opp dette før, og nok kommer til å fortsette med å ta opp dette, er å få en systemendring som gjør at vi kan få fortgang i utbygging av store prosjekt med avklart finansiering.

Aftenpostens fokus er at vi taper mye på å bygge tregt. Jeg har merket meg at en av dem som kommenterer oppslaget i Aftenposten 28. april, er tidligere finansminister Sigbjørn Johnsen fra Arbeiderpartiet, som foreslår at Jernbaneverket gjøres om til «statsforetak som kan ta opp lån med lange avdragsperioder». Ser statsråden at dette kan være en løsning som kan gi raskere og rimeligere utbygging av både jernbane og vei?

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:54:37]: Når det gjeld evna til å meistre gjentakingskunst å gjenta, må eg replisere at den evna har òg representanten Sortevik. Det er rimeleg føreseieleg kva som kjem av spørsmål, og me har fått liknande spørsmål både 6. februar, 23. april osv.

Men me snakkar gjerne om finansiering av samferdslesektoren. Og når det gjeld å vise tilbake, er det faktisk slik at for å kunne vise at me har gitt samferdslesektoren eit lyft, må me nødvendigvis vise til kva nivå ein opererte med for berre kort tid tilbake, då nettopp Framstegspartiet var eit støtteparti for den førre regjeringa.

Det handlar ikkje om å sjå tilbake, men det handlar faktisk om at ein skal få fram eit reelt bilete av at denne regjeringa har teke tak i samferdsla og gitt samferdsla eit lyft som ein trudde var vanskeleg.

Det er ulike måtar ein kan finansiere samferdsla på, men ein kjem aldri forbi det faktumet at til sjuande og sist vil det handle om viljen til å prioritere sektoren innafor dei budsjetta som til kvar tid gjeld.

Arne Sortevik (FrP) [11:55:43]: Det er jo der kjernen i saken ligger: innenfor etablerte budsjett, som er et ettårig utgiftsbudsjett. Det er verken Aftenposten eller representanten Sortevik som tar dette fram igjen, men det er faktisk Jernbaneverket som peker på at staten ville tjent 1,5 milliarder kr om man hadde bygd strekningen Lysaker-Asker på fem år istedenfor ti.

Jeg har også merket meg at en av dem som kommenterer dette, er Arbeiderpartiets tidligere statsråd Matz Sandman, som kaller dagens måte å bevilge penger på til jernbaneutbygging for «en systemfeil».

Han sier videre:

«Statsbudsjettet egner seg ikke for å håndtere sånne investeringer. Det skiller ikke mellom forbruk og investering, og perspektivet er ettårig.»

Det er et synspunkt som Fremskrittspartiet deler, og som understreker at grunnen til at vi tar dette opp igjen, og kanskje må ta det opp ytterligere ganger, er at vi må endre systemet, slik at vi behandler investeringer som varer i 50 år, på en annen måte enn utgifter som er brukt opp i løpet av et år.

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:56:49]: Det er jo inga hemmelegheit at Senterpartiet òg deler det synspunktet at investering og drift skal sjåast på på ulike måtar. Eg sit no i ei regjering som har valt å halde seg til dagens budsjetteringssystem, og eg stiller meg 100 pst. bak det. Nettopp strekninga Lysaker-Sandvika, som var omtalt i Aftenposten, kan jo vere eit godt eksempel på kva denne regjeringa då gjer. Eg er einig i det som stod i Aftenposten, at dersom ein før ein starta utbygginga, hadde sett heile prosjektet i samanheng, kunne det ha vore noko å hente. Men saka er jo at då måtte desse prosjekta ha vorte utsette i mange år. Me har nemleg sett på plansituasjonen og på situasjonen til kommunane, som òg skal vere inne i planprosessane. Det hadde betydd ei utsetjing i tid av det konkrete prosjektet. Sjølv om ein med den førre regjeringa måtte vente på midlar, har altså me i vår tid i regjering tilført dei midlane som Jernbaneverket kvart år har bedt om for å kunne ha rasjonell framdrift. Det har vore eksplisitt etterspurt frå mi side, det har vore eksplisitt følgt opp, nettopp fordi det òg går an innafor eksisterande budsjett å ha ei framdrift som er optimal.

: